[Kristiania, den 21de Okt.] Eit politisk Møte

 

 

vart haldet paa Litlestraumen fyrre Laurdagen. Der var Vullum, Berner, Dieseth, Jacobsen m. fl

  

Dei hadde bedet Johan Sverdrup innleida, men han bryr seg ikkje um aa forhandla med Folket han no lenger, han som hev det, som finare er, aa forhandla med, Svenskarne og Kongen, og elles berre sender ut eit elder anna ”Modsigelsens Tegn” paa slike Møte, der ingen kann svara elder krevja til Rekneskap. So bad dei Vullum, han viste dei til Tingmannen Berner, men Berner vart furten, fordi dei ikkje hadde gjenget til han fyrst, og so vart det Vullum lell. Det var Vinstrelaget i Amtet, som stelte med dette.

  

Vullum er ein god Talar, han er livleg og greid og veit aa faa Folk med seg. Han hadde aldri likat, at Ministeriet Sverdrup hadde komet upp so braadt, me hadde voret mykje betre tente med Broch, han hadde lagat eit Ministerium ”paa Gravens Grand”, som kunne ha hjelpt oss til ein jamn Yvergang millom gamalt og nytt. Kyrkjeforslagi hadde sprengt Vinstre, Johan Sverdrup hadde teket Medandsvar med Jakob, endaa han hadde ein mykje vidare Kyrkjepolitikk sjølv, og no brukte Johan sitt gamle Namn til aa dekkja han, som hadde sprengt Vinstre, i Staden for aa senda’n ut or Riksraadet. Tvidraget var komet inn i sjølve Regjeringi, der det no stod 6 mot 4, og dette var berre Utslag av det same Tvidrag som raadde i Folket, og han nemnte dei gamle Ordi av Johan Sverdrup: ”Der er en Magt, som er stærk nok til a samle og lede, naar det gjælder. Folkemeningens Strøm gaar sin Gang i sit dybe Leie, og ingen formaar at sætte blivende Dæmninger for den eller aflede dens sikre Løb”.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum