[Kristiania, den 21de Okt.] Er dei reine stort likare enn Oftedølerne!

 

Paa Litlestraumsmøtet stod Medarbeidaren i Verdens  Gang, Erik Vullum, og forsvarad Skinnfeldpolitikken.

 

Det var likesom alt i Politikken berre galt ”Hensigtsmæssigheden”. Jamne og tøygje, til det vert laglegt aat alle, det er ogso Politikken hans, berre at han hev ein Skinnfeld, som det er meir Tøyg i enn Jacobsen sin.

Soleis vaagad helder ikkje han beintfram aa krevja, at Johan Sverdrup skulde gaa, endaa Johan held i hop med Jakob, ja hev ein endaa meir ulikleg Kyrkjepolitikk, for han vil byggja upp att heile Statskyrkja med sterke Murar, slo han paa Statsministaren.

 

Berre Jakob Sverdrup kom ut av Raadet, segjer dei, at alt vilde verta so godt.

 

Ja kannhenda Oftedøler og Reine kunne haldast ihop ei Stund. Men dei vilde nok snart finna paa noko aa kjevlast um att.

 

Ein Ting er alle samde um, og det er at dei ingen Ting vidare vil gjera, berre yverlata til Regjeringi, og so gjæta, um ho gjer rett. Og elles berre skrika.

 

Det er fælt lite Politikk no for Tidi, berre ein Del Kjevl og personleg Strid millom Medlemer av Raad og Storting og so Pressa. Inge store Uppgaavur, som det er noko verdt aa strida og vaaga eitkvart for. Det gjeld berre aa faa tøygja Skinnfelden yver seg, so godt ein kann, skal ein faa vera med.

 

Her skulde vera Parlamentarisme, det vil segja, Folket skulde bjoda Stortinget, Stortinget Regjeringi, og Regjeringi skulde bjoda Kongen. Men so er det umvendt, at Kongen styrer Sverdrup, og Sverdrup vil styra Stortinget, og Stortingsmennerne gjeng berre og varer seg, so dei ikkje skal støyta Regjeringi elder støyta Veljaranne, med andre Ord gjer ingen Ting. Og kvifor gjer dei ingen Ting? Fordi dei ikkje er sette til aa gjera nokon Ting heimafraa, gjeng berre og ventar paa ein kongeleg Komisjon. Men kvifor er dei ikkje sette til nokon Ting heimafraa? Fordi Folket berre hev trutt, at Johan Sverdrup skulde greida det heile, baade tenkja, tala og handla for dei. Og fordi det er inge nye Tankar uppe millom Folket. Og kvifor er det inge Tankar uppe millom Folk? Fordi at dei som hev Tankar, fær ikkje Fred til aa bera Tanken fram, men skal sveltast, til dei lærer seg til aa smeikja og ljuga og – tøygja i Skinnfelden.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum