Meir fraa Kunstsjaaet.

 

(Del 2 av 2. Fyrste del.)

  

(Slutt fraa No. 39).

 

Skredsvig  hev ein Gjætargut til paa Sjaaet han. Men han er fraa Frankrik den Karen. Og medan Vinje laut det skura med den kolutte Vinterluva, so hev denne ein gild breidbremmad Hatt. Han gjæter i det rike Frankrik, Vinje i det fatike Norig.

Otto Sinding  hev eit makalaust Nordlandsstykkje. Baatarne ligg der yversnødde, og slik Snø skal ein leita lenge etter hjaa ein Maalar, hardfrosen, mjuk og lett som han er .

    

Eilif Petersen  hev eit digert Bilæte, han kallar ”Nocturne”. Det er eit vænt Stykkje. Eit djupt blaasvart Tjønn med Skuggen av Brauti, Maanen og dei framyverlutande Trei. Men sjølve Tjønnet og den rike Lauvvokstern attved er no likso unorsk som Namnet daa.

  

So er det eit naket Kvende, som stend og stødar seg attmed ei Trestamme. Ho er framifraa maalat. Endaa ho snur Ryggen til oss, so ser me, at ho stirar framfyre seg og drøymer.

 

Hans Heyerdal  hev eit Stykkje: Nokre Gutar, som laugar seg. Det hadde voret eit reint fint Stykkje det, slik som dei stend der og huglar og smaafrys fyrr dei stupar ut i det svalande Vatnet; men det er ei stygg Veile ved det; den eine Guten hev fenget Gjenteanlit, han er ei rein Framslengje. Det skjemmer burt heile Greida det.

 

Fritz Thaulow hev ein god Skibakke fraa Vestre Aker og nokre Bærumsstykkje med Ver og Føre heilt fraa Februar til August.

 

Marie Tannæs hev ein Lauvskog, som ei Elv renn inngjenom. Og denne Lauvskogen denne Elvi, dei er, som dei skal vera, friske og gufsande. Ho er ikkje greid ho.

  

Chr. Krohg  hev ein tvo-tri Lods-stykkje, som han hev maalat paa den vanlege Krohgsgjerdi: Nerme innaat berre klattutte og skrikande; men langt ifraa, daa smeltar dei ihop til ei makalaus Heilstøyping. Naar ein kjem heilt inn i det andre Romet, so fær ein fyrste Tak paa det; men daa er det utrulegt so vænt og vaagelegt. Ole-guten hans er ein raudleit væn Gut, som ikkje ber Namnet sitt ”forgjæves”.

 

Jens Wang hev fleire Stykkje; men eit heiter ”Bondefrieri, Motiv fraa Valdris”. Der stend ein Skjeggemofs og ei ung ven Bedlemøy; han med Ljaaen og ho med Riva, og so skulde han fria? Aa langt ifraa Wang, ser du ikkje dei er i hardaste Onni si, og dei er arbeidsslitne baae tvo?

 

Nei skulde du maala ei sann Bondefriing, so fekk du nok til annarleids daa. Daa fekk du nok kanskje med Justitsministaren aa gjera au daa.

  

Wentzel  hev eit gildt Konfirmationslag.

 

Av Bilæthoggararbeide hev Stefan Sinding  eit Kvende og Anders Svor  ei liti Gjente. Dei er baae tvo fælt godt uthoggne.

 

So fær det vera slutt. Det er mange mange fleire; men eg hev ingi onnor Raad eg, enn at Folk fær ganga upp aa sjaa sjølve. De vil ikkje angra paa det.

 

 

Ola Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum