Ymist.

 

Hemn, Soga av Arne Garborg, stend umsett paa Tysk i ”Wiener Allgemeiner Zeitung” for 2dre September.

 

Maalstræv i Protokollarne. Det var eingong ivaar, at eit Blad tok seg iferd med aa klandra Stellet paa Seminaren i Hamar. Dei var ikkje norsk-norske Lærararne paa den Skulen. Dei gjorde det dei kunde for aa faa Elevarne sine danske. Men Elevarne tolde ikkje dette, og dei skreiv til Bladet med so og so mange Underskrifter, at dei  hadde det fritt  i so Maate. ”Der blev ikke øvet noget Tryk”, elder kva det no var.

 

Ja, der fekk Bladet med svart paa kvitt Greide um Trykket, og kvar og ein maatte lita paa dei høgvyrde Seminaristarne. Men her um Dagen saag det onnorleis ut. Det var ein Gut, heitte Øygarden, som gjerne vilde koma inn paa Skulen. Og til det kunde no ingenting vera ivegen, naar Guten ellest greidde sine Ting ved Optagelsen. Men so var det det, at Namnet Øygarden  kunde Saxe  paa ingen Maate skyna. Det kunde ikkje heita so. Det var vel Ødegaard, det skulde vera. Nei, Guten vilde paa Sett og Vis ikkje heita Ødegaard. Han heitte Øygarden, og det vilde han heita til sin døande Dag. Øygarden? Ødegaard? Øigaard?  Ja, ja, det fekk vera Øigaard  daa, meinte Saxe, naar Guten ellest ikkje vilde hava det deiligeNamnet Ødegaard. Og Hr. Øigaard  vart skreven i Storeboki. Venteleg høyrer Saxe  til dei Menn, som ikkje vil befatte sig med Maalstræv i Protokollerne.

 

(F. S. A.).

  

Oftedøler. Det er paalag tri Aar sidan. Om bord i eit Eimskip sat tvo Menner. Den eine var Prest og den andre Klokkar, og Klokkaren var tilmed Bladstyrar. Dei pratad um laust og fast desse Karanne, og Maalsaki hadde dei ogso fyre, og det var aldri med Maate, korleis Presten bar seg. Og Klokkaren – ja, han sa no si Meining han og, at han aldri hadde havt nokor Tru  paa Maalstrævet. Det vilde aldri  bli til noko med Maalsaki, sa han. - Desse tvo Herrarne kunde gjerne havt Samrøda si for seg sjølve. Men so høvde det so uheppe, at der sat ein Bonde burti ei Kraa. Og denne Bonden gav liksom ikkje Gaum etter dei tvo, men han høyrde nok vel lell, for Arbeidet for vaart norske Maal var det gildaste, han visste.

 

So er det aa segja, at den same Bladstyrar er Oftedøl og tyt og grev opp att um det folkelige, nationale  Vinstre.

  

Dette er som eit Døme paa, korleis dei fleste Oftedøler hev det med Nasjonalkjensla. Dei er listige og snedige, kallar seg det folkelige Vinstre paa national-kristelig Grund, for desse gilde Namni maa vera noko til Agn for Folk aa bisna paa og bita i, og so skal dei fortelja og syna fram det reine Vinstres Væsen  og Egenskaber  og skræmer med Kristianialiterater, Bohêmenog den store Vantro  og Ugudelighed.

 

(F. S. A.).

 

Sogorne hans P. Sivle  skal gjevast ut paa Dansk hjaa Cammermeyer. For Skam Skuld burde han ikkje ha gjort slikt i Noreg.

 

Ei ny Sogebok fraa han kjem fraa Det norske Samlaget til Jol.

 

Sundhedsbladet, styrt av Lækjar Oscar Nissen, Formann i ”Det norske Totalafholdsselskab”, er komet ut for Oktober med dette Innhald:

 

Lidt anatomi; Det menneskelige skelet (billede); Øret og dets pleje; Øjet og briller (med billede); Om almuens luksus; Hvorfor bør soveværelset opvarmes? Medisin for overanstrengte hjerner; Bad; Søppelkassen; Hurtig arbejde; Skarlagensfeber og difterit; Øllets indflydelse paa fordøjelsen; Omtrent 10,000 tæringssyge; Nye bøger; Spørsmaal og svar; Paa sidste side.

  

Norden”. 5te Hefte inneheld:

 

C. St. A. Bill: En Studentervagt frå 1818 P. Rosenkrantz Johnsen: Sommernat ved Kysten. Med Tegning af Gude. Fra Vinc. St. Lerches Skizzebog. A. Jonasson: Gøteborg seet igjennem Næsklemme. Betragtninger med Tegninger af Carl Larssen og A. Normann. Oscar Bjørck: Romerske Sunde, Akvarell. L. Dietrichson: Det norske Nationalgalleri. Med Erik Werenskiolds Galleribillede. M. Rosing: I Vaaren. V. Johansen: J. Chr. Hostrup. Med Digte af Schandorph. Stella Kleve: Alene. R. Bissen: Ved en Skovsø, Illustration, C. Neumann: Paa Øresund, _Illustration _G. Paule: Tegning med Tekst af Gustaf af Geierstann. Thomas Lange: Egen i Prestegaardshaven. Med Teikning af O. Haslund. Chr. Skredsvigs Sallonbillede: Midtsommeraften. G. Achen: En Tjenestepige, Tegning.

 

 


Frå Fedraheimen 22.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum