[Ymist.] Ei Syndetavle¹).

 

 

Det skal vera Nikolai Wergeland, som hev skrevet denne Boki. Og daa me trur, mange vil tykkja godt um aa faa høyra Livssoga hans, gjev me ho her stutt framhaldi. _ _ _ _

 

Nikolai Wergeland var av dei Normenner, som ynskte Samlag med Sverik, og paa Eidsvoll taldest han millom dei 30, som vart nemnde Svenske-partiet. Han trudde, det var det beste for oss aa gaa saman med dette Landet, daa me ikkje kunne staa aaleine og derigjenom vidle sleppa aa kriga med Grannefolket. Den andre Flokken paa Eidsvoll, som vilde Sjølvstøde heilt upp var mykje større og hadde største Luten av Landet med seg, men det vart tilslutt – som me alle veit – korso Endelykten paa altsaman, at Noreg og Sverik gjekk ilag. Svenskepartiet paa Eidsvoll – og Nikolai Wergeland altso og – vilde sjølvsagt ikkje ha Samlag med Sverik slikt som det, me hadde havt med Danmark. Langt derifraa! Nei, innvertes Fridom og Sjølvstyre i alt, berre Normenn raada i Noreg. Men so utvertes? Ja, det var vel ei Raad med; ”me fær no sjaa”. Og Samlaget kom istand, i yver 70 Aar hev Normenn og Svenskar haldet Tol og ikkje klort Augo ut paa kvarandre – med Krut og Kulur daa. Og Landet hev med Freden havt Lukke og gode Dagar i mest allting. ”Foreiningi med Sverik hev voret ei stor Vælsigning for Noreg”, segjer mange Normenn. Um Svenskar og tykkjer det same um seg og Landet sitt, høyrer me litet til. Men heile Utanriks-styringi hev Sverik havt, og alt, som vedkjem baae Landi like yverfor Verdi der ute, det gjeng i deira Namn, og i det minste av og til hev Noreg havt Skade av dette – Æra snakkar me ikkje um. – So hæv Normann Nikolai Wergeland enn var, so godt han saag, baade djupt og langt, han augnad endaa ikkje nokon annan Utveg for Landet sitt enn paa nytt aa gaa ilag med eit anna Land for aa kunna vera til.

 

Sjølv ikkje han orka daa føta og tenkja til Endes den Tanken, at ”som Noreg var, det skal det atter verta, paa Land, paa Bylgje og i Folkerang”, som Welhaven seinare sa. Han kunde gjeva Fedrarne Ære og Ros for, kva dei hadde voret og gjort, men aa tru det mogelegt, at Noreg enno ein Gong magtad aa føda til Verdi og bera so pass Søner og Døtrer, - paa onnor Vis i Tilhøve med andre Tider og Krav – det gjekk yver hans Fate-evle. Men han maa ikkje klandrast for det. Paa Eidsvoll var daa mange som han. Dei hine var paalag 70, men desse var 30. Og som paa Eidsvoll, so utyver heile Noreg etter Høve, fær me tru. Kann henda, at Høvet enno er det same, naar Spursmaalet vart um same Saki. Det vert som oftast enno aathavt som skamlaust og or Vegen, naar einkvar set fram den Tanken: Noreg radt fritt og for seg sjølv som i gamle Dagar. Noreg maa  kunna vera sjølvhjelpt i desse utvertes Styresaker og likso væl som i dei innvertes – som fyr Dansketidi, um det enn er nokso godt og væl, soleis me og hev det. ”Av det gode skal ein ta’ det beste”.

 

Syndetavla er eit Stridsskrift, framkomet daa, som dei store Av-gjerdslurne gjekk for seg i 1814 og derumkring, og difor og eit Partiskrift. Det skulde diso ikkje høva andre Tider enn dei daa. Aa gjeva det ut no att skulde vera utidug og meir. Men Saki er, at Boki hev Verde som Sogebok for andre Lesarar og Tider og. Det er ei Noregs Soge, um enn av noko uvanlegt Slag. Det er verkeleg sant, at vaar Soge og Danmarks politiske Gjerder i Krig og Fred like yverfor oss heng svert saman. Lat vera, at Boki syner dette fram væl mykje einsidugt og haskt. Men Folk hev ikkje vondt av aa sjaa, korleis det heile tek seg ut fraa Synsstaden hans Nikolai Wergeland. Mange, mange andre vil og tykkja som han, i Hovudsaki. Det er berre aa hugsa paa, at etter hans Dagar er eit og anna komet betre upp i Sogeljoset og viser seg onnorleis. Men skulde Boki vølast, vart der Avbrøyte paa ho. Lat ho gaa, som ho er, og so segjer me: soleis totte Nikolai Wergeland, soleis saag han det, og soleis fann han for godt aa skriva. – Boki kann vear høveleg som Tankevekkjar, og som ein, noko strid Vegvisar gjennom Soga vaar. Dersom ho vert lesi, skal det vera til Bate for Landsmaalet.

 

Eirik  Bruhjell.

 

 

¹) Dette Stykkjet er av Fyreordet av Hr. Stiftskapellan Eirik Bruhjell  til den Boki, han hev umskrivet paa Norsk, og som kjem ut um nokre Vikur.

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum