[Ymist.] Fraa Bremanger

 

 

hev F. og S. Avis  fenget Brev. Sundagen den 2dre Oktbr. vart haldet eit Møte um Maalsaki i Skulehuset paa Frøyen. Huset var fullt.

   

Lærar Ola Vik heldt Foredrag. Han var no so fælande arg paa Dansken. ”Den, som ikkje snakkad Morsmaalet sitt, foragtad Far og Mor og syndad soleis mot det fjorde Bud”. Han snakkad ogso um, kva det var for ein stor Skatt, det norske Folk hev i Maalet sitt.

 

Attpaa vart det eit livlegt Ordskifte, som varad i paalag 2 Timar.

 

Det vart sagt, at ikkje Maalstrævaranne maatte fara for fort. Dei maatte arbeida kraftig og trutt, men ikkje ”fanatisk”. Kvar ein, som hadde nokon Hug for Saki, maatte gjera, kva han kunne, for aa faa Maalet kjent, so vart det nok elskat og brukt.

 

Presten Høyem totte det var gildt, um ei slik ”Cirkulær” kunne koma ut fraa Kyrkjestyret, som gav Prestarne Lov aa bruka Maalet i Kyrkja, naar Prest og Menigheit var samde um det.

 

Det var nemnt, at Maalet maatte skrivast so likt Uttalen som mogelegt. Det maatte gjenomførast, so praktisk, som Raad var. Det Aasenske Maalføre er so altfor stivt.

 

Der kom fram mange Meiningar, og eg trur, Saki vart upplyst fraa mange Sidur. Av dei, som var uppe i Ordskiftet, var det berre ein, som plent var mot Saki. Han totte Maalet var so vanskelegt baade til aa lesa og forstaa. Dei andre var einige um, at det var ei stor Sak. Det vilde verta ei stor Reisning for den norske Bonde iallfall. Som det no er, er det det same, kor Bonden vilde fara aat aa snakka, so er det ikkje godt nok. Skal han danska, so lær Bymannen aat honom. Skal han snakka sitt eiget Maal, so lær dei, fordi det er for simpelt. Det er som han ”Per Gynt” segjer: ”Om jeg hamrer eller hamres, ligefuldt saa maa der jamres”. – Den Tanke som i det heile gjekk gjennom Ordskiftet kann eg samla inn under desse Ordi: Fram med Maalet vaart! -

 

Eg gjekk fraa Møtet med den Kjensla, at det er gildt aa arbeida for Maalet vaart. Ein kann verta stolt av den Tanken: Um ikkje so lang Tid er Saki vunni.

 

Maalvener! Gløym ikkje Saki, tap ikkje Motet!

  

6/1087.

 

H. J.

 

 

Eit slikt ”Cirkulær”, som Presten Høyem her talad um, treng me ikkje. Norsken er  alt godkjent som ”officielt” maal, og er  alt brukad paa Preikestolen baade paa Vest- og Austlandet.

 

Fedrah.

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum