[Ymist.] Sparepolitikk.

 

Det vert skrivet til Nordtr.: Nyleg stod det aa lesa i eit Blad, at Vinstreforeiningi i Skogn hadde vedteket Nedsetjing av Dagpengarne aat Stortingsmennom. Av dette kann ein daa skyna, at Skogningarne vil hava Sparing i Statshushaldningi, og det er mykje bra; men det tykkjest aa vera meir enn tvilsamt, um Stortingsløni skal vera det, som me fyrst tek til aa spara paa. For aa koma etter det, lyt me sjaa litt i Statsreikneskapet. Me fær daa sjaa, at der gjeng ikkje so mykje meir aat 114 Stortingsmenn i ei Tingsamling, enn t. D. aat vaare 20 Amtmenner, elder Futarne elder Skrivaranne i eit Aar.

 

Um ein Stortingsmann ikkje hadde meir enn 60 Dagar fri for Aaret og altso elles hadde 12 Kr. um Dag, vilde han ikkje faa meir enn Kr. 4000 for Aaret; men korleis er det med Amtsmans-, Skrivar- elder Futeembætti? Maa tru nokon heve so litet. Høgre vil, det kann me vera viss um, vera med og setja ned Løni aat Stortingsmennom; men hev me nokon Gong høyrt, at dei hev snakkat um, at vaare Embættsmenn hev formykje Løn. – Det var for nokre Aar sidan gode Aaringar, daa livde Arbeidarar, Bønder og Embættsmenn toleg bra, Skilnaden var ikkje so stor; men so kom det Krav um ”Dyrtidstillæg” aat Embættsmennom. Det var reint naudturvelegt; men skulde ein hava ”Dyrtidstillæg”, so var det ikkje rettferdugt mot dei andre, og so _. Kor vart det so av Dyrtidstillegget, daa Maten vart billegare? - Spara lyt me nok, elles ber det lukt inn i Armodi. Men kvar skal me spara? Me hev ein Flokk Tollembættsmenn, Skuledirektørar og andre; mange av desse Embætti kunne me vera forutan. So hev me Amtmennerne, Skrivaranne og andre; desse hev ei Løn av fraa 3-4 og upp til 12-13000 Kr. for Aaret. Ogso dette hersens Skogstellet med yver 200,000 Kr. i Utgift mot 100,000 Kr. i Inntekt for Aaret; hev me Raad til aa halda slike Innretningar uppe? Enn i Regjeringskontori, der det gjeng med so mange Hundrad Tusund. Maatru det ikkje var noko aa spara paa desse Embætti? elder fekk me kanskje ikkje Amtmenner, Skrivarar o. a., um Løni aat dei, som no hev mest, vart litt mindre. – Vil ikkje det aa setja ned Løni aat Tingmennom vaare, vera det same som aa segja: me vil ikkje hava andre enn Rikmenn inn i Stortinget; men Rikmennerne veit me er oftast Høgrefolk, og vil dei hava smaae Embættsløninger? Ja, det trur vel ikkje Skogns Vinstreforeining. – Fraa eit Par Mann i kvar Vinstreforeining til aa setja seg inn i Embættsløningarne; kom so fram med sovoret paa Møti, so Folk fær vita, kvar me kann spara, og so inn i Bladi med Vedtaki.

 

Set Kongeløni og Løni aat Stortingsmennom saman! Det er mest so ei kunne tru, det var gjort i eit Høgremøte. s.

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum