4de November.

 

Hver Glædesstund du har paa Jord

betales maa med Sorg”.

 

17de Mai 1814 var ei Gledestund for Folket, ljos, blank og vonrik. Det var væl gjort Mistak paa Eidsvoll og, jamvæl store Mistak, soleis at dei vilde hava Kongemagt og valde ein dansk Styving til Styresmann. Men det var daa so mykje ungt og livsfriskt lell i Grunnloven, at det var som Soli braut gjennom Sky; berre den § 100 og § 112 er Eignaluter, gjævare enn alt anna. Rett til aa tala og skriva fritt og Retten yver sine eigne Lovar.

Men so kom Sumaren, Svensken kom og vilde hertaka Landet, Norsken vilde slaast og verja seg, men han fekk ikkje slaast og verja Fridomen, og det ser ein jamt, at ei Kraft som stend bui til Arbeid, ho døyvest, naar ho ikkje fær bruka Spennkrafti si.

 

Ikkje fekk dei vinna og ikkje fekk dei tapa, alt vart uavgjort, og daa var det Tid til aa slaa av og gjera Kompromisden 4de November, som difor hev vortet kjær for alle rædde Sjæler, men ukjær for alle, som likar heile og greide Avgjerdslur. Svenskarne tok det for, at Norig var eit hervunnet Land, det galt berre aa gjeva Tøyg i Fyrstningi, so vilde Norig nok med Tidi so fint siga under Sverik. Og Nordmennerne kytte av, at dei var  fullfrie, Samlaget med Sverik var fritt valt, og den eine Parten i Samlaget hadde like so stor Rett som den andre. Dei innbilte seg, at det var  Jamstelling millom Landi, endaa det ikkje var nokon som saag den Jamstellingi anna enn i fagre Ord. Me hev nok ikkje fenget røynt anna, enn at Svensken alltid vilde blanda seg inn og faa Yvertaket, naar han saag seg Kans til det. Og den, som ikkje hev fenget Augo upp fyr, maa væl kunna sjaa no lell, daa Svenskar segjer beint ut, at fær dei ikkje fyrste Plassen, so hev dei ikkje Bruk for Unionen.

 

Og me truskyldige Nordmenner, me hev gjenget som smaae Lam og trutt paa Revens Tale.

 

Kor maa ikkje Svenskarne læ av ”Norbaggarne” i sitt Hjarta. So ofte som dei hev køyrt oss i Ring med sine diplomatiske Kunstgrip. Ja endaa leikar dei med Statsministrarne vaare, som um dei var nokre Dokkur.

 

Var det endaa noko verdt ved denne Truskyldigskapen. Men han fører berre til Uppgjeving av Ærekjensla og Fridomskravet.

 

Hadde me ikkje havt 4de November, hadde me og sluppet ein av dei leidaste Flekkjer i vaar politiske Soge, Adressa i 1824, der Stortingsnemndi smeikte so hardt for Svenskekongen, at ho laug ifraa Folket jamvæl Retten yver Grunnloven sin.

 

9de Juni 1880 fekk me ei Uppfrisking av 17de Maitankarne.

 

Men var det ikkje 4de November kanskje, som var ute og gjekk att 4 Aar etter, daa Johan Sverdrup gjorde Kompromis med Svenskekongen og, etter som det vert fortalt, paa eigi Haand likesom gav honom att det absolutte Veto?

 

Er det kanskje ikkje 4de November, som gjeng att, kvar Gong me vil hava ei stor Sak fram, og det vert ropat fraa alle Kantar: kva vil Svensken segja? Og Svenskestøkken fantaserar seg upp svenske Herar fløymande inn gjennom Landet, trugande med blanke Bajonettar utanfor kvar Manns Dør.

 

Er det kanskje ikkje 4de November, som er Skuld i, at det er slik ei Rædsle millom oss for aa vera ærlege og tala ut hugheilt, kva me meiner, og øva oss upp i nasjonal Hyklarskap. For er det berre eiSak, me ven oss til aa hykla i, so vert det nok snart fleire, for den djerve Karakteren misser si Kraft.

 

Og Unionspolitikken vaar er ei stor nasjonal Hykling. Ein Del er truskylduge, den andre Delen er Hyklarar. Vaare Stortingsmenner t. D., er det ikkje dei fleste av dei tru, som hatar Unionen av Hjartat, men likevæl gjeng med Munnen full av unionsvenlege Talemaatar, fælande som for alt vondt for at nokon skulde kalla dei for ”Unionsfiendar”.

 

Og so held me endaa Fester paa denne Dagen, daa me helder skulde graata.

 

Aa du for ei nasjonal  Skam!

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum