Fraa Savala.

 

(Del 4 av 4. Fyrste del.)

  

(Eit Brev fraa Ivar  Mortenson  Savala).

 

Den 25de September.

  

(Slutning).

 

 

Suttam, duttam dei sudelidu o. s. v.”. Eg hev aldri havt Ord for aa vera nokon glup Kar paa Fela. Men eg fer daa med ho lell ja, og det er fyrst, naar ingen høyrer paa, at eg vert Ovkar til aa laata.

 

Det var ein Laurdagskveld her, eg hadde gjort ifraa meg med Vask og Stell aat Helgi, einestraatt Golvet og lagt Kveldsmalet paa Aaren. Dagen var mest avlitad, men Maanen var komen upp, og ut paa Sjøen laag det som ein Vev burtetter av blenkjande gidrande Sylvband. Daa maatte eg ringja inn Helgi, tok ned Fela og strauk Tomas Klokkelaatten med linne Slag paa Strengjerne. Og etter den kom det andre, og det bar burtigjenom Laattar og Leikar, so eg ansad ikkje paa Tidi skreid, sat berre og saag paa Maaneglansen uti Vatnet.

 

Men daa eg hadde spilad den Slaatten:

 

Ha du ’kje hoppat, so hoppar du væl no,

vøre du ’kje galen, so flaug du ’kje so”,

 

daa var det som eg høyrde det skraavad og brakad av jarnskodde Helar, likesom det skulde fara ein Dansarlyd yver Tilet, og frammed kvar Vegg totte eg det lyddest: ”ha du ’kje hoppat, so hoppar du væl no, suttam duttam dei, sudelidu, suttam duttam dei sudelidu”. Og paa Aaren hadde det brunnet ut, det berre foor og skaut seg lause Logar som Tussekallar med blaakantad Raudluvur og grinande naselange Andlit. Daa vart eg stird gjennom Glaset og saag ei Kraake sat paa ein Skigardstaur, eg totte so tydeleg, at ho ropad etter ein Navar. ”Kva vil du med Navaren?”, spurde eg. ”Eg vil bora meg ein Slede”, svarad ho. ”Kva vil du med Sleden?” ”Eg vil køyra Foret”. ”Kva vil du med Foret?” ”Eg vil gjeva Kyn mine”. ”Kva vil du med Kyn?” ”Eg vil mjølka Mjølk taa dei”. ”Kva vil du med Mjølki?” ”Eg vil ysta Ost taa ’n”. ”Kva vil du med Osten?” ”Eg vil gjeva ’n Ivar, for ’n læt so vakkert i Storstugun”.

 

Daa eg reiste meg upp ifraa Benken, skal eg tru det vart folksamt, for det spratt Myser og Langrovur burti kvar ein Krok. Aa kor sinnad eg vart. Var det ikkje eg daa, som hadde faret i all Dag klint med Leir og Steinar og Trestykkje og tept att baade mogelege og umogelege Stader, og endaa skulde dei koma inn. No fekk eg daa kveikt upp paa Aaren att og det vart stor Jagt. Jau eg fekk sett Støkk i dei lell, so dei lagde til Palings, og aat Holet bar det med dei ei for ei. Tilslutt sprengde eg ein diger Bløyg nedi Holet.

  

Daa det leid paa Notti og bar innmot Morgosida, høyrde eg i Draumen ein Ljo for Øyrat. Fyrst klang det berre som ”suttam duttam dei sudeli du”, men daa eg lydde meg andvaken, vart det til Kyrkjeklokkur, som ringde. Aa no hev eg sovet lenge, sveiv det for meg, dei ringjer alt til Kyrkje. Nei men kjære eg er daa ikkje i Kristiania, det maatte vera noko anna. Ja so vart det til ein Buskap med Bjølleskraml utanfor Glasi. Eg slo meg til Tols med det eit Bil, men so hugsad eg etter, at her ikkje var Kretur lenger helder, og med desse Tankarne arbeidde eg meg heilt vaken. Endaa høyrde eg Klangen, men no var det so tydelegt, at det gjekk upp for meg med ein Gong, kva det var.

 

Eg skynad altfor greidt, at det var Myserne, som heldt Leik uppi Grauteblikfatet mitt, som stod paa Bordet. Eg var ikkje sein med aa faa meg upp or Sengi, men eg saag berre ein Rovetipp fauk burtetter. Daa gjorde eg fyrst den Lovnaden, at eg aldri meir skulde vera so fin paa det, at eg auser Grauten upp i Blikfat, anna et han av Gryta, som eg plar gjera som oftast, daa baade smakar han best, og der er eg sikker for Myserne, for sjølv um det er Langrove, orkar ho ikkje kravla uppgjenom Stettarne og koma uppi Gryta. So vart det eit Jag paa Liv og Død, Musi fyre og eg etter rundt ikring Stoga, stundom saag eg berre ein Skimt av ho elder høyrde ein Pip, men til sist vart ho reint burte. Eg sette meg til aa koka Morgokaffien min. Men best som eg sat, høyrde eg ei Skraping inne i Skaapet, Skaapdøri stod uppe, og ho hadde nok smottet inn i nedste Romet. Daa eg kom dit, vart eg ingen Ting var, so tok eg upp Mjølsekken, nei inkje noko aa sjaa. Meiner du daa ikkje, at ho kjem krjupande fram or Mjølsekken, kvit som ein Mjølnar, mest uppi Haandi mi og tittar paa meg med slikt eit Skøyarandlit, at um eg hadde voret aldri so harm, hadde eg ikkje voret god til aa drepa ho. Stakar, eg hadde stengt Holet hennar eg igaarkveld, fyr ho hadde fenget koma ut, so det var ikkje Under, um ho hadde stelt seg til lite Grand huskoselegt med dei Slagi, som eg hadde. Eg berre tok og slepte ho burtum Bekken eg. Um det so etter mi Tid vert kvite Myser sunna bekken, so veit Folk no, kva det kjem seg av.

 

Aa kom til meg, naar eg kokar Graut,

her durde, durde kokar Graut.

Aa kom til meg, naar eg kokar Graut,

so skal du faa eta som ein Faut,

- fauteleia -

so skal du faa eta som ein Faut,

Fauteladde”.

 

Det er berre morosamt aa koka og stella, eg hev ogso vortet utruleg fløy no, so det er ikkje kvar Gong, at Grauten min vert klepputt. Men rett aa vaska upp, det er ikkje so greidt; det skal no for det fyrste slikt stort Tiltak, fyrr ein gjev seg iveg med det, og so erdet helder ikkje so beintfram, naar Gryta er full av gamal hard Skove, ein veit mest ikkje si arme Raad med aa faa ho fullblank, so det ikkje finst Flekk att. Men eg er aldri raadlaus eg. Eg hev funnet paa ein Maate, so eg slepp vaska Gryta kvar Dag og endaa kann eta  Graut til kvar Dag.

 

Dette skriv eg ikkje berre til Kyt av meg sjølv, men og til Rettleiding for mange stakars Kvinnfolk, som er yverkomne med Arbeid. Naar eg set paa Gryta, so kokar eg ho full  med Graut, daa hev eg nemleg tri, fire Dagar av same Koka, og endaa grautar eg meg minst tvo Vendur for Dagen. Eg trur ein sparar Mjølet og paa den Maaten, for eg hev røynt at Grauten vert drjug, naar det lid paa tridje og fjorde Dagen. Men du maa aldri tru, at eg maular det same, nei daa, Matskifte til kvar Dag. Ein Gong varm Graut og kald Mjølk, ein Gong kald Graut og blaasur Mjølk, ein Gong kald Graut og tjukk Mjølk, ein Gong kald Graut og Nymjølk, ein Gong kald Graut og uppvermd Mjølk, ein Gong kald Graut og Rjome (det er no reint Herremans Kost det), og so hender det og, naar eg er utidug og Grauten hev fenget Drjuglaget, at eg slær i ein Dram og set innaat og segjer aat meg sjølv: ”kann du klaara Granten, Ivar, skal du faa ein Dram”. Og um daa so galet hender, at eg slær Drammen paa Flaska att, naar Grauten er greidd, so er eg like blid for det eg. Ja for i Grunnen tek Drammarne seg so godt ut i den gamle Firkantflaska etter ho Godmor, at eg hev ikkje Hjartelag til aa hava dei nokon annan Stad og eg likar ikkje aa drikka, utan naar eg heve Selskap. Men eg er ikkje meir hugad paa Drykk, enn at eg er likesæl, um eg aldri ser Selskapen min. Det er nok same Karen, som Garborg skriv um i Kolbottenbrevet sitt, kom og freistad han. Endaa her tek han det paa ein annan Maate, Styggen, snikjer seg innpaa meg, so eg ikkje merkar det er han, fyrr enn han er langt innpaa Golvet.

 

Soleis byrjar han:

 

Du Ivar, no skulde du til aa rydja upp denne Hafelleveden1), som ligg nede her, so du kunne faa upp att Gjerdet, so du kunne slaa deg eit Kufor, so du kunne faa deg ei Ku og eit Par Geiter og faa eit Kvinnfolk til aa stella for deg, so du kunne faa det litevetta koselegt. Du skulde sjaa til aa faa litt gildare Stell, nokre fleire Orm og ein Buskap og ei liti fin Kjering og ei ti, tolv smaae væne Vaakar og Vækjur2) burti alle Krokar.

Endaa skynar ikkje eg alltid, at det er Fusk og Fanteskap. Men so tok han eingong til paa heidenske Tonar aa kveda for meg or Trymskvædet:

  

Der gjeng innmed Garden,

gullhynte Kyr,

aalsvarte Yksne,

Presten  til gaman.

Fullt fær du av Skattar

og Eignaluter.

Og ikkje Husfrøya

helder du vantar!”

 

Daa fyrst skynar eg, kva Slag Kar det er, og at det er eit feitt Kall og ein glup Prestegard han siktar paa. Fekk han meg dit han, so var nok den Karen nøgd, tottest ikkje hava nokon Otte for meg daa lenger, at eg skulde gjera Galnestykkje, som var honom  til Mein.

 

Daa som sagt er det stundom, at eg kann taka meg ein Dram til aa faa Mot, og so tek eg Fela i Skaftet, driv til aat’n og ropar apage!  elder forda deg din Stygging.

 

Meiner du daa ikkje eingong, at han endaa var so djerv, sette seg paa Benken, gliste og trallad at meg:

 

Ivar lyt selja Fela si,

Ivar Matlaus,

kaupa Tvoskilingsstumpen

og Brennevinsdunken

og Flatbraudleiven

og Kinneklingen og Lefsa”.

 

Daa berre eg spurde: ”kann du Slaatten, som den Vonde trallad aat Gjenta, som drap Baanet sitt du?” og tok til aa spila og tralla den. Daa vart han bljug, Styggen, og smøygde seg utigjenom Døri. ”Elles skal du vita, at det er ikkje Fela mi, det er Fela hans Garborg”, det fekk han slengt etter seg.

 

Men endaa høyrde eg han song burti Skogen:

 

Husk upp i Ring

Ivar – Guten min.

Snu deg omkring

Sjulsaaten min.

 

Osten den var muggen, Grauten den var raa.

Kniven den var rusten, beitte ikkje paa.

 

Eg glytte paa Døri og kvad imot’n:

 

Haa haa haa,

veit du ikkje Raad.

Bryner eg paa Kniven,

so bit’e han nok paa”.

 

Daa han skynad, han ikkje kunne maalbinda meg, var det fyrst at han drog sin Veg for Aalvor.

 

Men eg gjekk ut etter eit Fangan Hafelleved, lagde paa Aaren, vaskad upp Gryta og sette paa til ein Graut, som eg meinte paa ikkje skulde verta raa nei. Og til aa lufta ut etter han viste eg ikkje betre enn aa ringja med Tomas Klukkelaatten igjen. Daa vart det bra.

 

Det er ikkje allstødt eg kann vera i Romet mitt um Helgi. Som oftast vert eg tobaklaus og matlaus, naar det lid paa Eftasida um Laurdagen, og daa klyvjar eg den tome Mjølsekken paa Bakmeisen og tuslar nedetter Svartlia til ho Mor.

 

Aa ja meiner du ikkje han stend der att daa i Myrkningi, stundom midt i Vegen og triv etter meg, Styggen. Eg skynar godt Meiningi, men eg berre lær og kved i nokso hugheilt:

    

Den Tid, daa eg var liten

og ikkje kunne gaa,

daa leikad eg med Gjentom

som litle Katt med Straa.

No tyngjest min Fot,

no folnar mitt Haar;

det fell’e meg so tunglegt

etter Gjentom aa gaa”.

 

Men naar eg so kjem frampaa Stormoen og utpaa Eggi, set eg Langeluren for Munnen og ljodar ein Laatt paa Savalvis, so det svarast ifraa den eine Lidi burti den andre. Og sidan legg eg i med:

 

Rettno kjem’ Kulten taa Fjellé;

kjem’e han heim til Klobakk,

so kjem’e han inn til Stogemannen,

og der so krev han paa Tobak.

Suulu du die, suuludam”.

 

Hu for eit langt Brev, men det var det, som eg litte paa, at Kjærleiksbrev aldri vert for lange. Det var alltid noko meir og; det er ein ny, høg og heilag Pasion, som hev gripet mitt Hjarta, større og reinare enn alle, eg fyrr hev havt, men det gjet eg ikkje um her, ver du sikker. Du trur so eg er galen nok lell.

    

So vil eg berre til Slutning fortelja deg det, at Fredlysingi mi hev hjulpet utrulegt. Det var soleis ei ”Gneldrebikkje”, sat utpaa Sætervollen min og førde seg, som um ho var Husbonde der, som du veit ikkje eg kunne lika – sidan Fredlysingi kom, hev ho voret burte. Likeins hev det gjenget ”ein Ranglefant” og ”ein Tjuv og Kjeltring” her ein Dag, eg var burte, dei hadde berre kvitterat paa Uppslaget mitt paa Døri, at dei hadde voret der, men Fredlysingi hev skræmt dei. Verre er det med Kvinnfolki. Naar det kjem slike inn til meg, spør eg, um dei ikkje hev leset det, som stend paa Døri. Daa lær dei berre. Eg tykkjer det er stygt aa bruka den raae Magti og kasta dei ut. So skal eg freista med List. Eg set paa Kjelen og hev nedpaa tri Gonger meir Kaffi enn Vatn; bed dei so innaat og ventar, at dei skal til aa jamra seg. Nei. So spør eg ”paa Bespeideri”: ”du tykkjer væl ikkje han er sterk denne Kaffien du?” Aa veit du so, kva dei svarar? Ikkje anna enn: ”aa me æ itte vane mæ aa bruke ’n sterkare me”.

 

Det er raadlaust med dei!

 

Paa Grunn av baade eit og anna, Misforstaaing, Burtforklaaring o. s. fr. hev eg no funnet det naudsynleg aa senda ut ei ny Fredlysing, som baade er Skjerping av den gamle og dessutan ved si Spesificering vil vera tydeleg jamvæl for dei ulærde og einfalduge.

 

Fredlysing.

  

 

Inge Berserkar og Hamløypur og Manandreparar

- Ukjurur, Aagaløysur og Furtekrokar

Inge ljote Glibbar, Garpar og Gastar

- øgne Ufygle og vanskipelege Utbordar

- Avrekskjempur og Ufrjonur

- Draugar og Vardyvle og ugodsklege Mannfolk

- Ufryskje og Meinkjettur og tullutte Kvinnfolk

- Mekregaukar, Einstapar og ovbodne Sellar

- Eiterblaasur, Meinkrekse og gjegnordige Utangar

- Ufyllefat, Ovnøytur og fatalege Slarvar

- Ørvænur, Vodekallar og lovmykne Sveggar

- Umsætur, Einhyrningar og sure Suggur

- Tverbløygar, Vriumpeisar og bægne Bøygar

- Fordædur, Naudarkillingar og yvne Gaddar,

- Kjeftaukar, Ørstjornur og andskræmelege Vaa-ar

- Benkjerekkjarar, ovuge Bular og Vaverhorn

- Øsekollur, Vitløysur og furdelege Fussar

- Aalgøyur, Ufryskje og atalle Travar

- Aagjøur, Andyrjur og flikrelege Fentur

- Fækjur, Fesjur og fleine Fyrkjur

- Farkar og Flasar og fumelege Flabbar

- Floghamar, Andgreinur og kjekselege Køytur

- aahasige Alvar og flerelege Flangrur

- flosutte Flogsar og tuskelege Tyttur

- Yvjar og Øydar og avlause Abrengjur.

Inkje noko vridalt og ubeint og krokutt og vrangt,

- ridalt og lonutt og viprutt og stramt,

- spekjet og spaklegt og tauglegt og tamt,

- fillutt og fantelegt, furdelegt fælt

maa koma i, mitt Raadrikje, for elles skal De faa aa gjera med:

 

 

Savalguten,

 

han Ivar Matlaus i Storstugun nordi Roma i

Sandvikrøom innmed Li’n ’punne Kletté med Polem³),

han som heve Staurar, Stenger, Spjut, Rottekrut og so den seksløypte Revolveren aat:

og hin Kroppen, grannekaren, han Aadne, Husmannen min paa

Kolbotté, Kristianialiteraten.

 

 

Bladstyrar: Ivar Mortenson,  kand. teol.

 

 

Kristiania. Nikolai Olsens Boktrykkeri.

 

 

¹) Hafelle = Skigard.

²) Vaak og Vækje = liten Gut og Gjente.

³)- a, - e, - em, - n, - om er østerdalske dativ elder Hensynsformer.

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum