Kristiania, den 4de Nov. [Paa det politiske Møtet i Stavanger]

 

 

Paa det politiske Møtet i Stavanger var det mykje rart aa høyra. Mange Attegangarar ifraa Høgre-talemaatarne dreg seg endaa millom Oftedølerne der. Det var ein, som heitte Lima, som endaatil er Amtsskulelærar og Tingmansemne, som vasad fælt. Han fann, at det var den kristelege Moral, som var Skilemerkjet millom reine og Oftedøler. Det var daa naturlegvis Oftedølerne berre, som vilde byggja Samfundslivet paa den kristelege Moral. Paa Spursmaalet um kva han meinte med kristeleg Moral i Politikken, svarad han berre: ”jeg er forberedt paa en voldsom Storm. Jeg vil tage imod alle Uhumskheder; thi jeg er rak i Ryggen”. Hadde han endaa meint noko med det, at den kristelege Moral gjekk ut paa aa hava Mot og vera rak i Ryggen – men daa vilde Karen ikkje ha voret nokon Oftedøl.

  

Sidan viste han Spyrjaren til ”Børnelærdomen”, der me veit Moralen gjekk ut paa, at ein skal elska Næsten som seg sjølv. Men høver daa det ihop med aa negta andre Folk dei politiske Retter, ein heve sjølv (aalmen Røysterett), elder aa taka Næringi fraa den, som arbeider (Sirak), so som Oftedølerne brukar det? Talaren sluttad med aa spaa, ”at man kunde faa Anledning til at have hans Tale til Latter”.

 

Oftedalforsvarad store Løner, endaa han for sin Del livde som ein Arbeidar og kunne berga seg med 5-6000 Kr. um Aaret. Men likesom ei Kyrkjedør kostad meir enn ei uvand Stogedør, sameleis maatte ein Storkar kosta meir enn ein Arbeidar.

 

Det vart sagt, at me hadde ei gild Regjering, men ho fekk ikkje sleppa seg til aa arbeida, som ho vilde, fordi det var so mykje Gnaal og Kritikk, so ho fekk ikkje Fred til aa gjera nokon Ting. Likevæl var dei, som trudde, at Regjeringi hadde Folket i Ryggen, ikkje meir enn 20-30 Mann fleire enn dei hine i Oftedals eigen By.

 

Me Austlendingar hev vandt for aa skyna det politiske Myrkret i den sudvestlege Del av Landet, som hev alet fram slike Karar som Kielland og Garborg, men det er nok dei daarlege Skularne, som hev Skuldi. Folket ligg nedsøkte i Vankunna og let Prestarne raada. Dei er ikkje komne lenger endaa der inne i Ryfylkjefjordarne, enn at dei ligg og slæst um det kann vera raadelegt aa innføra Jensens Lesebok i Skulen i Staden for Staving og Lesøving i Nytestamentet.

 

Gjere Godtfolk som Oftedal sjølv skreiv for nokre Aar sidan: ”jage Prestarne til Skogs elder til Fjels, so dei kann læra Folkeskikk”.

 

Det er som han segjer Gunnar Rysstad:

 

Tru!” segj’ Presten, ”men tru no rett;

og rett er det, som eg talar.

Daa er Vegen so bein og slett,

fyrst Tru du i Einfald alar”.

Og Folket er trælkat i Hundra Aar,

og Presten eine paa Plassen raar.

 

  

I Framgang”  skriv S. Fedje i nokre vælmeinte Ord ”til vaare Gaardbrugere” um aa spara millom anna: ”i staden for at gaa sæbevasket, smør dig med jord i Ansig og paa Hænder”. Kann daa slikt vera Framgang? Hyggjelegt aa vera i den Kyrkja, der Fedje er Klokkar, soframt daa Bønderne fylgjer Raadi hans.

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum