Litt av Kyrkjesoga, mest um Tiend og Hovudtiend.

 

(Del 6 av 6. Fyrste del.)

 

(Av Olav  Sveinsson).

 

 

V.

 

(Framhald).

 

 

So fekk Nikolaus ogso laga eit Raad ved kvar Bispekyrkje, eit Bispe- elder Presteting (Kapitel) d. v. s. eit Samlag av prestelærde elder Munkar – svorne menn, som Bispen skulde hava til aa gjeva seg gode Raad og som skulde velja Bisp, naar det vart Skifte. At Konge elder Folk valde Bisp, det var ikkje i Samljod med Lovarne for Pavekyrkja det, ho, som skulde hava Sjølvstyre. Men no galdt det, um Kongarne vilde sleppa den retten. Nikolaus fekk daa snutt det so, at dei gjekk med paa aa lata Bisperaadet faa gjera av Valet, i det Tilfelle, at Kongarne ikkje kunne verta samde. Det var nok for Nikolaus. Hev ein berre Bisperaadet skipat, so kann det alltid ved Tid og Høve seinare faa Valretten heil tenkte vel Nikolaus, og han tenkte rett, for det gjekk so seinare.

 

Ved same Tid vart ogso Valet av Prest lagt i Hendarne av Bispen. Fyrr hadde Folk havt mest aa segja i Presteval.

 

Men det gildaste for Kyrkje- og Presteval, som Nikolaus fekk gjort, var vel den friare Rett for Mann og Møy til aa gjeva Gaavur. Etter dei gamle Lovar hadde ikkje ein Mann heil og fri Eigedomsrett til det han aatte. Formue og Jord var teken som ei Eige av heile Ætti, og den, som sat med desse Ting, var i Grunnen meir Brukar enn Eigar. Raadugskapen hans var so avgrensad, at um han vilde selja elder endaa meir gjeva burt, so vart det ikkje gjeldande utan at dei lovlege Skyldingarne jattad det. Dette var ille for Presteskapet, som var sett til aa lesa Messur for Sjælerne Folks, for Sjælemesse kunne dei ikkje lesa utan Sjælegaave og Sjælegaave kunne Folk ikkje gjeva, so lenge Lovarne ikkje vart endrad. Ein hadde nok Rett til aa gjeva Hovudtiend, ein tiande Lut av det Lause, men det kunne han berre ein Gong i Livet, vilde ein gjeva meir, so var han bunden. Nikolaus fekk alle Bisparne – det segjer seg no sjølv – og dertil dei tolv vise og kloke, som møtte fraa kvart Bisperike, til aa jatta, at kvar og ein Mann og Møy skulde kunna gjeva burt tiande Luten av den Jord og Lausøyra han hadde ervt og fjorde Luten av det han hadde vunnet ihop med eiget Stræv.

 

Presteskapet fekk her opnat ei gild Olle til Auking av Kyrkjegodset. Det var noko Kyrkja trong, naar ho vilde standa paa eigne Bein og verta sjølvraadande og ikkje Undermann under nokon. Fyrr kunne ho ikkje traa upp som den megtuge og mynduge. Denne Avgjerdsla, som var teki paa Kyrkjetinget i Nidaros laut for aa vera fullgod og gjeldande verta godkjent av dei fire Lagting. Og det vart gjort. Fraa den Tid aukad Kyrkjegodset her og. Prestarne nyttad no Tilføret og talde Folk til aa gjeva og lovad dei Himeriket og Sælebot, som gav. Det kom meir og meir i Bruk aa gjeva Sjælegaavur, og dei, som gav, fekk fullt Vederlag. Her i Telemarki er Segn um at ein Mann vart lovad Himelen midt upp yver seg, daa han gav ein Jordveg aat Prestebolet.

  

Nikolaus fekk ogso eit Vedtak um at kvar Mann og Møy, som aatte 3 Mark umfram Vaapn og Klæde, skulde svara ein Pening um Aaret til Paven. Denne Skatten kallad dei Romerskatten elder Sankte Peterspeningen. Den var mest eit Merkje paa at Folket gav seg under Paven. Denne Skatten kom fyrst i Bruk i England umlag 725. Um den vart greidd av alle her er uvist.

  

Nikolaus hadde soleis fenget lagt ein god Grunn her, som Presteveldet kunne reisa Raadriket sitt paa.

 

Etter denne Tid tok dei ogso til aa vilja vidka ut Plikti til aa svara Tiend. Dei heldt seg ikkje lenger berre til dei tri Hovudnæringar Aakerbruket, Feavlen og Fiskeriet. Men dei vilde hava tiande Luten av all onnor Forvinning ogso, soleis av alt, som vart saatt, Fugleveiding, Jarn, Skinn o. m. m. Og di tyngre Skatten vart, dess verre hadde Folk for aa greida den. I eit Kongebrev fraa 1263 stend det:

 

Alle kristne Konungar skal sjaa til at Bodordi aat Gud vert vyrde med all den Magt Gud hev gjevet dei. Alle hev høyrt, at det fraa Verdsens fyrste Tid er paabodet aa svara Tiend av all rett Forvinning, som Gud gjev Menneskja”. Difor bed og byd han ”alle Mann aa svara Tienden sin rett og rettug av alt Sæde, Fiskje, Fugleveidn, so og Hovudtiend, Jarntiend, Skinntiend av all Veiding av alt, som dei hava nokon Bate av". I eit anna Brev segjest det, at den fremste Grunn til aa svara Tiend rett og grannvart er det "at Menneskja ved di skal kaupa seg tiande Luten av Himeriket, som det fraa Upphavet var skapt til, men som det hadde misst, fordi dei let seg narra av Djevelen". Me ser, at ettersom Kravet vidkad seg ut, so vart Grunnarne ogso sterkare og sterkare. Og det var nok ikkje so mykje aa undrast paa, for Pavemagti hadde no naatt høgste Tinden med Innosents den tridje, han som dei hermer det etter, at Paven var Soli, som laaner Maanen (den verdslege Magt) Ljoset sitt. Men som me veit, so fekk ikkje Pavemagti heilt kuga Nordmennerne og Landet under Magti si. For:   

Fra dets Høie, Sverre talte

Roma midt imod”.

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum