Ymist.

 

Vestmannen”, nytt Maalblad. Volden, Sunnmøre. Styrar R. Steinsvik. Prøvenummer er utkomet. Bladstyret segjer der:

  

Me hev lengje saknat eit høvelegt Blad her paa syndre Sunnmøre, der me kunne faa veksle Tankar med kvarandre um heimlege Ting. Det er for aa hjelpa her, at nokre hev gjort Samlag um aa faa eit slikt Blad igang; men desse faae kann ikkje gjera stort, utan Folket umkring vil stydja uppunder. Her sender me eit Prøvenumemr for aa høyra. Innhaldet vert slik, at andre enn Møringar og kann hava Gagn av det.

 

Bladet skal heita Vestmannen. Det vil innehalda korte Utgreidingar um Politikk, Kommunespursmaal og andre Ting; so vidt det formaar gjeva Rettleidingar i Ting, som høyrer Næringsgreinerne til; Forteljingar aat Ungdomen, nytt fraa Innland og Utland, Brev fraa Bygd og By og meir slikt. Bladet skal koma ut 1 Gong um Vika og kosta berre 65 Øre Kvartalet, Porto ireiknat. Til Nytaar kostar det 50 Øre”.

 

Det belgiske Maalstrævet  hev no fenget sjølve Kongen med seg. Dette gjekk soleis til: Kongen stod ein Dag og heldt ein Tale paa Fransk til Folket. Rett som det var, skreik Folkemengdi som med ei Røyst: ”De er flamsk Konge, tal difor flamsk til oss!” Dette kunne ikkje Kongen, men let Kronprinsen gjera det. Tvo Maanar seinare var han i det nye flamske Teatret i Bryssel. Det vart halden ein Vælkomsttale til han, som han svarad paa paa Flamsk i ein lengre Tale. Han hadde lært seg det i Millomtidi. Det vart snaudt Ende paa Fagnadropi, og det belgiske Folket er reint vilt av Glede. ”Kongen vaar er ikkje lengre Fransmann”, segjer dei, ”no er han flamsk fullt ut”. Dei belgiske Bladi talar um dette som eit Merke i den belgiske Soga. Hoffolki maa no læra seg til aa bruka Flamsk. Serleg er det trulegt, at det vil vera til Upphjelp for den belgiske Bokavlen.

 

Det rike Noreg. Me hev støtt paa Tunga ”det fatike Noreg”. Men no kjem Elektrisiteten og gjer Noreg rikt paa ei liti Stund. Vent no berre til dei fær rettleidat seg, so skal de sjaa dei norske Fjelli ikkje er so arme endaa. Den Tidi er ikkje langt burte, daa me let t. D. Rjukanfossen sprengja dei eldgamle Fjelli, knusa dei som Gryn og smelta dei til ymse Staal og det fatike Noreg rikt. Iminsto trur den engelske Konsulen vaar, at me nok skal tevla med Steinkol-landi i Jarn. Berre det ikkje dreg forlenge ut.

 

Mjuke  Skinnfeldar  fær ein, naar ein gjeng fram paa denne Maaten her:

  

Dei Skinni, som skal reidast til, legg ein i ei Beit i 14 dagar. Denne Beiti lagast av Havremjøl, Salt og Vatn. Til 6 Skinn elder ein aalmen Feld tek ein minst 3 Kilo Havremjøl og 1 Liter Salt, som ristest utyver Skinni og so legg ein dei Flo paa Flo ned i eit Kjerald, som lyt vera vatstett. So slær ein Vatn yver til det stend yver Skinni. Dette lyt ein no røra um ein Gong um Dagen. Skinni lyt vaskast væl i Vatn, anten fyrr dei kjem i Beiti elder naar ein tek dei upp til Turking. Dersom ein vaskar Skinni fyrr Beitingi, so lyt ein straks etter Turkingi piska dei væl, so Havremjølet drys ut.

   

Tilreidingi gjer ein som vanleg; men ein lyt ha ein vaat Klut aa væta Skinni med, til dei vert maateleg mjuke.

  

Lut skal ein ikkje vaska dei i, og ikkje smyrja dei hell, korkje med Feitt elder Tjøresmyrje, som dei gjer nokre Stader, skriv N. Landm.blad.

 

Frosne Poteter  vert like gode att, naar ein tek dei inn i eit Rom, der det er væl 100Varme, og let dei vera her ein 2-3 Dagar.

 

Me veit det, at frosne Poteter er søtvorne, og det er dette Sokkeret, som gjeng yver til Stivels, naar dei vert upptinat og gjenomvarme.

 

Likesæla. Hitt Folket stod og slo, so dei vilde drepa seg. Men han Jens hadde ikkje Hug til aa slaa, og so tok han Baaten og reiste ut paa Fjorden for aa sigla paa Plaser; det bles so den Dagen. So kom der ei Vindgjære, som var strid. ”Det blæs no”, sa Jens for seg sjølv, men leet det staa til. So kom der ei endaa sterkare. Ho er strid denna, sa han, men leet skura. So kom der ei til, so Roket fauk. ”Ho er leid denna”, sa han men leet Seglet staa, og so gjekk Baaten rundt; men Jens fekk tak i ei Aar, so han sokk ikkje helder. Slaattefolket saag dette, kastad fraa seg og reiste for aa berga honom.

 

Daa dei kom ut, var han mest klar, for Baara slo yver Hovudet i eit Vekk. Dei tok honom i Haaret og fløytte paa honom noko. ”Eg he-hefte dykk”, sa han med same han fekk Munnen yver Sjøtremen.

  

(Vestmannen).

 

 


Frå Fedraheimen 05.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum