[Ymist.] Per Sivle.

 

 

Ein skal no ikkje taka alt for god Fisk av det Verdens Gang  skriv helder allstøtt.

  

Paa sin hædande og litt storfeldte Maate fortalte han her um Dagen, at der fanst ikkje Folk, som brydde seg um kva Per Sivle skreiv i 87 langt mindre i 84. Det skulde han no tala laagare um. Korleis han skriv i 87 kann eg ikkje segja, daa eg ikkje les Kr.aniaposten, men eg las ”Berre ein hund” av den same Sivle i Nytt Tidsskrift  i 84 elder det var 85, og noko betre og livfullare Skildring hev eg ikkje leset. Og dette var ikkje einast min Dom um det. Eg høyrde mange, som sagde det same.

 

Og so ”Thord Foleson”. Det er vandt aa finna noko betre Dikt paa norsk.

 

Anten segjer Verdens  Gang  det han ikkje meiner, elder so fer han til aa verta gløymsken elder kanskje Kristianiapostener so stor, at han ser ikkje Sivle for den. Men rett skal vera rett, Sivle skreiv  godt, - stor Skade for Maalmansflokken og Synd paa han sjølv, at Kristianiaposten  ét han upp.

 

 

Ingebjørg.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum