[Ymist.] Stolte og – skamfulle.

 

 

Daa ein les um den Lukke vaare Diktarar gjer i Utlandi og um den Fagnad, dei vert mottekne med, sjølv av dei største og mest vyrde, kjenner ein seg plent uppifraa av Glede og Stoltheit yver aa vera med i den Flokken, som hev Rett til aa kalla dei sine  Diktarar.

 

Og det med Grunn.

 

Kva hadde vel me fraa dette vesle, fatike, kalde Norig aa setja upp mot andre Land i Europa, som var verdt aa leggja Merkje til?

 

Ingenting, fæler eg. Me vilde verta ukjende og burtgløymde, so lenge me ikkje laag i Vegen for nokon daa.

 

Men so kom vaare Diktarar!

 

Aa reikna upp ka dei maa  hava gjort, for at vaart Land vart spurt, vore berre aa øyda upp Tid og Papir, kvart Menneskje med ørlite Vit i Hovudet veit det, berre dei vilvita det, aa trykkja Vit inn i ein, som ikkje hev Rom for det, er ikkje Bry verdt.

 

No ja, eg kann tenkja meg ein Utlending ein Dag finn i si Avis eit Stykkje fraa Norig.

  

Kva er det for eit Land? spør han.

  

Det er B. Bjørnsons og Ibsens og Kiellands Fedraland, vert det svarat.

 

Aa nei, er det det, - og han les Stykkjet med stor Forviting.

 

Men Skammi let oss ikkje venta lenge paa seg – stundom kjem ho plent i Fylgje med det fyrste: Me norske skynar oss ikkje so pass paa dei, at me eingong vil slengja til dei, dei 1600 Kr., som der hev voret Forslag um. – Eg kann berre tenkja meg kor pipande glade dei vart, daa Bjørnson sagde fraa seg sine 1600, det vart daa Fyll i eit Hyrne av ein Embætsmanspensjonssekk.

 

Ja, kjem der berre ein slik, som ikkje hev gjort og ikkje tenkjer paa aa gjera eit skapande Gryn til Bate for noko Sjæl, so kann du vera tversikker, at dei hev Raad, eit Par Tusen Kr. lyt dei daa endeleg faa.

 

Eg kann minnast fraa fyrste Kiellandsstridi, at det vart sagt, at han var rik, det turvtest ikkje.

 

Men vert det spurt etter, naar det gjeld ein Pensjon tru? Langtifraa, gjeva, gjeva til rike og fatike, dugande og udugande utan Skilnad.

 

Soso langt kann ein fylgja og kalla det dumt, urettferdig! Men kjem ein so lenger og tek til aa tenkja paa, at ein bra Mann vart avsett fraa ein Post, ikkje for det han var daarlegare elder dyrare enn nokon annan, men berre for at han varein bra Mann, daa er ikkje dei Uttrykk høvande lenger, daa veit eg ikkje aa finna eit betre Ord enn Geitenatur. Geiti hev Ord for aa gjera argt ho, liva best, naar ho vert banna.

 

Vaare smaahjartad Tingmenner skyt seg attum sine Veljarar og segjer, at dei kann ikkje vera for noko Diktarløn, det er mot Folks Vilje.

 

Dette kann og vera sant for ein Del. Tiderne er daarlege og Skattarne store, Folk hev fyresett seg aa spara, spara kor det gjeld. Men vilde dei for Moro Skuld hava Embætsløner og pensjonar fram paa Folkemøte og i Formannskap, fekk me sjaa kor det bar hen, dei vart vist ikkje større enn det turvtest.

 

Og dette er det, som gjer ein so kokande, stingande harm, at vaare store, gjæve Diktarar vert sette attum ein Fut, ein Skrivar, ein prest og kva i Verdi det er, som ikkje hev havt noko høgare Yrkje, noko fagrare Maal enn aaliva godt: eta godt og hava det makeleg.

 

Aa, den som kunne knuse slik Sparepolitikk!

 

 

Ei Kvinne.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum