Gustaf af Gejerstam

 

 

heiter ein ung svensk Forfattar, som i desse Dagar hev haldet nokre Fyredrag her i Byen. Det er han, som hev umsett Garborgs ”Forteljingar og Sogur” og ”Mannfolk” paa Svensk.

 

Sverike hev i Diktarvegen stadet langt tilbake for oss. Medan me hev havt ei heil Mengd Forfattarar, som hev teket upp og dryftat dei nye Tankar i Tidi, hev Sverike voret reint fatikt. Fyrst no i dei siste Aari hev det teket til aa herma. Det er no ei heil mengd unge Forfattarar – Strindberg, Tor Hedberg, Fru Edgren, Ernst Ahlgren, G. af Gejerstam m. fl. Det er duglege Folk og dei hev vekt nytt Liv i Landet.

 

Um desse Forfattarar var det Gejerstam fortalde oss.

 

I fyrste Fyredraget sitt fortalde han um det aandelege Tilstandet i Sverike, fyrr Strindberg byrja daa skriva. Kantorstyret (Byraakratiet) hadde Magti. Det hadde Haand yver Bladi, Embætti, Skularne og Kyrkja. Alle, som dei mislikad, vart utsveltad – plent som Oftedølerne og Høgre gjer hjaa oss – og elles forfylgde paa alle Maatar. Men det var daa ein Flokk, som heldt ut like fullt, og daa dei ikkje hadde eigne Forfattarar aa stydja seg til, tok dei paa og las Ibsen. Han vart reint avgudad i Sverike. Dei las den eine Boki hans etter den andre. Det var Sanningskravet hans, som tok dei. Georg Brandes var og mykje lesen, og det var reint utrulegt, kva desse tvo hadde gjort i Sverike.

 

I 1878 kom ”Röda rummet” hans Strindberg. Folk vart reint utor seg av Glede, og han fekk straks ein heil Flokk med seg. Tal. gjekk gjennom nokre av Bøkerne hans og synte, kva Innhaldet var. Strindberg hadde teket upp Ibsens Sanningskrav i ei endaa strengare Form, og han hadde forstadet aa tala til Folk, so dei forstod han. Han var radikal, og Bakstrævaranne arbeidde mot han, alt dei orkad. Serleg sinnad vart dei, daa ”Giftas” kom ut. Dei fekk Regjeringi til aa taka ho. Og det høgaste Ynskje deira var, at Strindberg maatte faa sitja fast nokre Aar. Men Gleda deira vart kort. Strindberg vart frikjend og Boki kom ut millom Folket, som no las ho ivrigare enn fyrr.

 

Kvinne- og Sedskapsspursmaalet var det serleg, dei nyare Forfattaranne hadde teket fat paa. Dei, som i Namnet arbeider mest for Kvendi – Nylændefolket, dei kallar – hadde sett seg som Maal aa gjera Mannen so stakarsleg, som det paa nokon Maate var Raad med. Kvinnfolket hadde no alle mogelege Dygder, medan Mannen var raa som eit Dyr. Fyrr hadde det voret paa Mote aa riva ned paa Kvendi; no var det Mannen, som skulde hava det. Tal. var ein likso god Ven av Kvendesaki, som nokon annan; men vilde arbeida mot Nylændefolket alt, han kunne.

  

Dei kom med sine Krav um, at Mannen skulde vera rein, og det var væl nok. Han skulde med Glede arbeida mot Sedløysa alt, han kunne. Den offentlege Prostitusjonen t. D., den var ei stor Skam. Men ein fekk ikkje sjaa burt fraa, at Naturen og hadde sine Krav. Det var unaturlegt, at ein Mann maatte gaa like til han var 30-40 Aar, fyrr han vart gift. Nylændefolket talad um, at Lækjarar klaart og greidt hadde synt, at ein ingen Skade tok av det. Tal. vilde segja, at mange Lækjarar hadde sagt det beint motsette, og at, naar Vitenskapen her stend kløyvd i tvo Flokkar, kunne ein ikkje bry seg stort um den. Naturen var vel den likaste Føraren her.

  

Nylændefolket” hadde i det heile nokre undarlege Meiningar um Kvendi. T. D. i Ægteskapet, hatet til Mannen hadde fenget dei til aa setja upp nokre ideale Krav til Ægteskapet, Krav, som ofte var reint meiningslause, og som gav ein det Inntrykket, at det berre var nokre faae utvalde, som dugde til aa verta gifte. Og so vart det talat so mykje um Kvende med og utan Livsgjerning. Dei med Livsgjerning det var daa sovorne, som var Kunstnarar, Forfattarar, Lærarar o. s. fr., medan dei reint saag burt fraa, at det skulde kunne ver nokon Livsgjerning aa vera Mor og gjera Borni til gode Menneskje.

 

Denne Retning hadde i Sverike alet upp ei Mengd Forteljingsbøker, der det moderne Kvende vart skildrat som Mannens Yvermann, danad, fager, litt kaldsleg, krevjande mykje, gav lite og heldt strengt paa Rettarne sine. Den moderne Mannen hadde ein mindre Greide paa. Det vigtugaste var, at han skulde forstaa dette Kvende, dessutan maatte han vera rein, og ingen av deim maatte hava ”lidenskabelige” Kjenslur. Denne Maaten aa laga Folk paa, minte um ei gamal svensk Segn um Vaarherre og St. Peter. St. Peter hadde fenget Lov til aa laga seg eit Kvende etter sitt eiget Hovud, og so skulde Vaarherre blaasa Liv i ho. Han byrjad med Hovudet. ”No gjorde du Hovudet for stort”, sagde Vaarherre. ”Gjer ingenting, eg tek det att paa Halsen”. ”No vart Halsen for liten”. ”Eg tek det att paa Brystet”. Soleis heldt han paa: noko vart for stort og noko forlite. Men daa Vaarherre bles Liv i ho og ho nærmad seg St. Peter for aa leggja Armen kring han, skreik han: ”Herre, slaa det Trollet i hel!” Soleis gjekk det, naar ein vilde laga Folk i Bøkerne. Dei vart berre til aa slaa i hel, so ein kunne spara seg det Arbeidet.

  

I dei tvo siste Fyredragi sine fortalde han um Fru Ahlgren, Thor Herberg og andre av dei fremste unge Forfattarar. Sist gav han ei Skildring av det religiøse Sedskapshykleriet i Sverike, som hev komet so paa Mote i det siste. Det var sjølvsagt Prestar og Kvinnfolk, som hadde byrjat. Dei hadde fenget mange med seg, og det var eit faarlegt Bakstræv, som heldt paa aa veksa seg upp. Dei hadde endaa til teket ein Bj. Bjørnson til Inntekt for seg; endaa alle, som hadde leset ”Det flager”, viste, at han paa ingen Maate var deira Mann. .

 

Dette her gjer ikkje Krav paa aa vera noko heilt Bilæte av Fyredragi hans. Det er dei vigtugaste Inntrykk og Minne, eg hev att og som eg trur, mange vil lika aa lesa. Fyredragi vert prentat med det fyrste, og naar den Tid kjem, skal eg kann henda koma nærare inn paa eit og anna.

 

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum