Kvi drygjer dei med Skulebøkerne paa Norsk?

 

   

Gode Fedraheim!

 

Eg vil no koma med nokre Spursmaal til deg, Fedraheim.

 

Eg tenkjer, du maa kunna svara paa dei du, som bur i Hovudstaden. Spursmaali er desse:

  

Kvar er Austlid’s ABC-bok vorti av, sidan ho fekk Premi? Skal ho kanskje ikkje koma ut meir?

 

Kjem det snart nokor Lesebok i Landsmaal for Folkeskulen?

 

Kjem det nokon Katekisme, umsett paa Landsmaal og godkjend av Kyrkje- og Undervisningsstyret snart?

 

Kjem det snart nokor Bibelsoge paa Landsmaal, godkjend av Kyrkje- og Undervisningsstyret?

 

Eg veit, det er mange Foreldre og Lærarar, som gjeng med slike Spursmaal og vil vera glade ved aa faa høyra noko Greide paa dette. Eg kjenner Foreldre, som tykkjer det er Synd, at dei skal vera nøydde til aa gjeva Borni sine Bøker paa Dansk.

 

Du, Fedraheim, maa endeleg gjeva meg so gode og greide Svar paa desse Spursmaali, som du kann. Eg tykkjer det gjeng gruveleg smaatt med aa faa Skulebøker paa Landsmaal.

 

Vaare mest dugelege Maalmenn er vist sprenglærde, men upraktiske. Dei kann ikkje gjeva den aalmenne Mannen det han trenger, og fær soleis liten Studnad fraa honom i Arbeidet sitt. Eg meiner, at kjem det ikkje Skulebøker paa Landsmaal og andre Bøker med det fyrste, som ein kann bruka i det daglege Yrkje, vil Maalmennerne ute paa Landsbygdi dovna av meir og meir.

 

Trøndelag, 31. 10. 87.

 

A. N.

 

  

Det er ikkje fyrste Gongen, me hev fenget slike Spursmaal. No vil me svara det me veit, endaa det ligg yver vaare Evne aa kunna finna alle Grunnar til, at Kyrkjedepartementet drygjer i aarevis med desse Bøker, som Folket ventar paa.

 

Stortinget i 1884 gav 400 Kr. til Premi for ei ABC. Søkningstidi vart sett til 15de mai 1885. Daa kom det inn 5 Utkast. Det norske Samlaget sette ned ei Nemnd, som Departementet godkjende, til aa døma Bøkerne. Domen fall fyrst i Februar 1886. Same Aaret søkte Regjeringi um 1200 Kr. til Hjelp ved Utgjeving, Stortinget gav dei. Sidan den Tid er det gjenget innpaa halvtanna Aar, og endaa er ingi ABC utkomi.

 

Ein av Grunnarne til Drygsla er den, at det skulde tagast Bilæte til Boki, og det tek allstødt Tid, endaa me ikkje kann finna det naudsynlegt, at dette skulde hefta so lenge.

 

Me kann upplysa um, at Satsen til Boki er ferdig for lenge sidan, og Korrekturark sende til det siste Gjennomsyn av kunnige Folk.

Men so i siste Liten viser det seg, at Arbeidet i sume Maatar er gjort etter Grunnsetningar, som korkje høver med dei Rettleidningar som Domsnemndi gav, elder som dei siste Gjenomsynsmenner godkjenner, Grunnsetningar, som ikkje Maatar heiltut med dei tidhøvelege Krav til ei fullgod ABC paa Norsk.

 

Me siktar til Maalform og Stavemaate.

 

Domsnemndi peikar paa, at skulde Austlids ABC verta fullgod Barnebok, maatte Maalet verta lettare.

 

So langt ifraa aa vyrda dette rettelege Krav, hev Departementet fenget laga ei Maalform, som jamvæl er tyngre enn den, me byd vaksneFolk i vanlege Landsmaalsskrifter.

 

Kyrkjedepartementet hev misbrukat si Stelling til aa vilja setja Autoritetsmerkjet paa ei Maalform, som berre lærde Folk av den gamle Skule kann finna seg i, men som Folket umogelegt kann lika.

 

Hadde det endaa voret ei Bok for vaksne Folk, skulde me ikkje sagt so mykje um det; men me synest det er hardt og ikkje til aa tola, at dei vil plaaga dei mange Tusen Smaborn med alt dette lærde Attpaasleng av daude Bokstavar og Former, som gjer det livande Maalet so ukjennelegt for Barneaugo.

 

Det var difor ein sann og rettferdig Harme, som kom til Synes i Innstellingi fraa dei siste Gjenomsynsmenner, som Formannen for Det norske Samlaget hadde sendt Korrekturen til. Arne Garborg  skreiv soleis m. a.:

 

Formen ”Gjentorna” er tung; i Norge findes den saagodtsom ikke; den maa nu siges at tilhøre Sverige. Hvorfor da indføre den i det fremtidige norske Sprog?

 

Ei Gjenta”, ”ei Visa” findes paa Vestlandet. Indrømmer man imidlertid Vestlændingerne Infinitiven paa aogsaa i Verber med lang Rodstavelse – drøyma, leika-, burde man saa ikkje til et Forsøk indrømme Østlændingen i de svage Femininer, da Endelsen a  her notorisk støder østlandske (og telemarkske) Ører over Maade?

 

Former som ”Huset”, ”Fjellet”, ”pyntade”, ”pyntat” findes ikkje i Norge (uden kanske i et Par Grænsebygder i Smaalenene); de maa endog siges at karakterisere Dansk og Svensk (Riksmål)  i Modsætning til Norsk. Hvorfor bebyrde kommende generationer med Former, som det norske Folk har aflagt, og som det altsaa kan hjælpe sig foruden?

 

Hvorfor i det hele slaa endelig fast: Forvandlingen af vort Maal fra et vokalisk til et konsonantisk, hvorved Sprogets hele Karakter vil forandres? De, som har Afgjørelsen i denne Sag, tørde paatage sig Ansvaret for at læsse alt det deraf følgende Stræv og Besvær over paa den opvoxende Ungdom, der kunde anvende sine faa Skoleuger bedre end til Indplugning af Former, som vort Folk faktisk ikke længer har Brug for?

 

Den Fordel at ha en ligesaa gammeldags Grammatikk som Svensker og Dansker har, opveier den de reelle Tab, som Indførelsen af døde Formelementer i et nyt Sprog vil medføre?”

 

Professor Moe og Adjunkt Schjøtt hev gjenget med paa dette, Stipendiat Ross hev og sannat Prinsipet.

 

Og um ein no skulde spyrja Lærarar, som fær med Boki aa gjera, so hev dei tvo Lærarmøte i Sumar, som forhandlad dette Emne, baae sagt til Kyrkjestyret: lat oss faa ei lettare Maalform i Skulebøker enn Aasens gamle tunge Form.

 

Og um ein skulde spyrja Foreldri og Borni, som skal læra aa lesa i Boki, trur De daa ikkje, at dei vilde koma med det same Krav?

 

Um ein vil sjaa paa, koss det er lagat millom sjølve Maalmennerne, vil ein finna, at det berre er nokre faae av den gamle Skule, som held paa dette lange Drøgje av daude Bokstavar og Former, som skjemmer ut Maalet og seinkar Arbeidet vaart so overlag.

 

Sin vitenskaplege Studnad hev den gamle Maalbunad hjaa Ivar Aasen, Professor Unger og Statsraad Blix.

 

Etter denne gamle Formi held seg: M. Skar  og Belsheim  (Bibelumsetnaden), Hægstad, Nora og Sysvorti.

 

For det nyare Maal, aa skriva meir etter som ein talar, hev me desse vitenskaplege Autoritetar:

  

Stipendiat Ross, Professor J. Storm, Professor Moe, Professor Seippel.

 

Grunnlaget til aa skriva som ein talar, vart lagt av den største Diktaren vaar A. O. Vinje(sjaa den siste Maalformi hans Solao. s. v.) Fjørtoft  gjenomførde Prinsipet reinast, og sidan hev gjenget paa denne Vegen: St. Schjøtt, A. Garborg, O. I. Høyem, H. E. Berner,  Fedraheimen  og heile den nyare Maalmansflokken, som no ber Arbeidet.

 

Som Bladstyrar hev me Tilføre til aa høyra Folkemeiningi um den Sak meir enn nokon annan. Rett som det er, fær me Ankar og Spursmaal um, kva det skal vera til aa tyngja Maalet med so mykje gamalt Drags, som gjer det so vondt aa læra skriva det rett for den, som ikkje hev fenget Høve til vera paa nokon lærd Grammatikkskule.

 

Det store Folk kann ikkje forstanda, kvifor me ikkje skriv beintfram som me talar, dei finn ingen annan Grunn enn den, at det skal gjerast so vandt som mogelegt for Aalmugemannen aa greida seg i Skrift.

 

Utviklingi i alle Maal gjeng den Vegen, gjeng ut paa aa gjera Maalet so greidt og beintfram som mogelegt, so det kann verta ein lettvint Reiskap for kvar ein, som bur i Landet.

 

Difor segjer me til Kyrkjedepartementet med Garborgs Ord:

  

Torer De taka paa Dykk det Andsvaret aa stogga Utviklingi av Maalet?

 

Me tenkjer, at det er ikkje det beste for Maalsaki, at det er so lærd ein Mann som Blix til aa styra Kyrkje- og Skuledepartementet. Stellingi freistar Mannen til aa stempla sine eigne Meiningar med Autoritetsmerkje, i Staden for, at han skulde bøygja seg for Kravet hjaa Maalmansflokken og berre setja deira Vilje i Verk. Hadde det endaa voret ein Mann, som hadde repræsenterat det framstigne Fleirtal, so kunne me ikkje havt so mykje aa segja paa det. Men naar han hevdar Synsmaatar, som held paa aa verta gamaldagse millom Folk, daa bør han ikkje driva Myndugskapen for vidt.

 

Det er ikkje anten Storting elder Departement, som skal avgjera, korleis vaart ofisielle norske Maal skal sjaa ut, men det er sjølve Folkemeiningi, soleis som ho kjem fram i Maalorganarne og daa fyrst og fremst i dei frie Samfund, som er tilskipad med det Serformaal aa fremja Maalsaki, og der alle som verkeleg hev Samhug med Arbeidet, kann faa vera med, og her kjem daa nærmast det norske Samlaget.

 

Det er gjort store Mistak ogso i Maalvegen med det, at Maalsaki hev vortet til ei Statssak, Saki hev vortet adlad, men ho hev mist noko paa Utviklingsevna si.

 

Skuld er det alle Stader, og ikkje minst hjaa Styret for det norske Samlaget, som hev voret altfor mjukt baade i sine Krav og altfor veikt til aa halda paa sin Rett, so at Regjeringi alt hev fenget for mykje aa segja i ei Sak, der ho berre skulde vera Millommann.

 

Her er gjort galet baade med Umsetjingi av Bibelen og med Utgjeving av Skulebøker.

 

Stortinget skulde gjeva Pengarne beintfram til Samlaget, so det fekk frie Hender med Umsyn paa Maalet, mot aa senda Regjeringi Rekneskapsuppgjerd og for dei Skrifter sin Del, som vert gjorde til Kyrkje- og Skulebruk, mot at Umsetning og Arbeidsplan vart godkjend av Regjeringi aa vera høveleg for Kyrkje elder Skule.

 

Arbeidet med ABC-Boki burde voret yverlatet Samlaget aaleine. Daa vilde ho væl ha voret ferdig longe sidan, tenkjer me.

 

So skal me nemna ei onnor Skulebok, som hev vortet so reint ”burtadministrerad”, at Folk mest hev sluttat aa venta paa ho, Lesebok for Folkeskulen.

 

Me skal segja det me veit um den. Det var Kyrkjedepartementet, Jakob Sverdrup, som tok Upphavstaket til den Boki Hausten 1885. Han bad Styret for det norske Samlaget taka paa seg aa faa gjort eit Tillegg  til ”Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet”, so me snarast mogeleg fekk ei Bok paa Norsk, som Skulen kunne hjelpa seg med til dess at det kom ny heil Lesebok. Samlaget sette Arbeidet i Gang strakst, og Boki vart ferdig og innsent til Departementet fyrst paa Sumaren 1886. Men sidan den Tid hev det set ut til, at det ikkje hev voret noko Hastverk med aa faa Boki ut.

 

Fyrst laag ho og slong lenge i Kyrkjedepartementet, endeleg vart ho send til Gjenomsyn aat Stipendiat Ross og Professor Moe, og hjaa dei er ho endaa. Skuldi for at ho ikkje hev flutt seg fraa dei er væl nærmast aa gjeva Departementet, som hadde lovat aa lata dei faa ABC-boki i ferdig Stand, for at dei kunne samanlikna og jamna Bøkerne ihop med kvarandre. Men dei hev ikkje kunnat faa ABC-boki, kann ein vita, daa ho ikkje er ferdig, og til den Tid vert daa Gjenomsynet sett upp.

 

Hadde berre Samlaget fenget greidt Arbeidet for seg sjølv, vilde Boki vera utkomi for lenge sidan, men no gjeng det eine Aaret etter det andre, so at tilslutt vert heile Boki for gamal, den nye Skuleloven kjem, og det vert sett andre Krav til Lesebok i Norsk, enn det som eit slikt Hastverks Tillegg til  ”Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet” kann gjeva. Og det heile vert spilt Arbeid og spilde Pengar, berre fordi Departementet hev ”administrerat” burt alt ihop.

 

Statsraad Blix er ein gild Kar og ein glup Maalmann. Men det er Eigenskapar, som kann vera til Lyte for ein Departementsstyrar, at han hev so faste Meiningar, som han vil setja igjenom og gjeva Statens Sigl, og so vil han vera med aa avgjera alt mogelegt sjølv, og daa maa han granska all Ting ogso sjølv, men paa den Maaten vert inkje noko ferdugt i Braahasten.

 

Statsraad Jak. Sverdrup kunne vera væl so greid for det praktiske Maalarbeid, med di han ikkje hev so mykje Grunn i Maaltankarne sjølv, men veit at Arbeidet skaldrivast fram og difor let alt greidast av andre Folk, som hev Interesse for Arbeidet.

 

Det er elles vaar Meining, at heretter bør Samlagsstyret manna seg upp og sjaa til aa taka Sakerne meir i si eigi Haand.

 

Bibelsoge og Katekisme kjem det vist ikkje snart, utan at Samlagsstyret gjer Upphavstaket.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum