Uppklaaringar.

 

 

At Statskup  var paatenkt, er sikkert som Laas. ”En høitstaaende Person” bad Storsvensken ”for Jesu Skyld” vera med og hjelpa til. – At Johan Sverdrup vil hava att det absolute Veto, trur Folk meir og meir, Kristianiaposten  er Tutarhornet. – At Ministeriet  fær Fleirtal i Stortinget ved Hjelp av Høgre, skin fram meir og meir i Morgenbladet. – At Heuch  og Oftedal  finn kvarandre, synest framgaa av Stiftsmøtet i Bergen, som no gjeng med paa Statsministarens Tanke um aa organisera heile Kyrkja fraa Topp til Taa med Herrevelde yver all Tankens Fridom. – Jamvæl det grøne Tre tek til aa turkast, Verdens Gang  elskar Unionen, forsvenskar dansken og preikar imot Maalsaki; Bjørnson  nærmar seg Landet, med store Stig; det som endaa er greidt, vil so han freista aa ugreida. Nyt Tidsskrift  gjeng inn, Prestar og halvgalne Folk vert trudde, som spaar, at ogso Jordi  skal gaa inn um nokre Aar.

 

Gamlingarne i Tyskland, Keisaren, Bismarck og Moltke grunar yver Strupehovudet til Krunprinsen, d. v. s. um det skal verta Krig elder Fred; stryk Prinsen med, vert det Krig.

 

Franskmannen  hev nok med aa setja av Embætsmenner, og Rusland  slær paa Tromma.

 

Live den radikale Politikk!

 

Det vert standande, naar alt dette andre øylegg seg sjølv.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum