Ymist.

 

 

Smørprisarne  vil koma til aa stiga svært iaar, segjest det, av di der fleire Stader, so som i England, hev voret slik Turk, at Fodrmengdi vart liti. Berre no Folk kunne stella Smøret sitt so, at det hadde bodet seg godt, men det rest mykje paa det endaa. Og ikkje er det ventande, at det vert betre so snart, naar ikkje Smørhandlaranne meir kann læra aa gjera Forskjel paa vælstelt Smør og ille stelt Smør. Desse Folk heve jamnaste ein Pris aat alt Smør; og kor skal ein daa venta Framstig.

Naar Slurven fær same pris som han som flir Vara si godt, so tapar denne paa Møda si, og slikt er galet. Dette same Ustellet kjem fram under Fiskehandelen. Det er jamnaste eins Pris, kor Fisken ser ut, naar han berre er turr daa. Dei leet vondt fraa seg Handelsmennerne iaar for at Fisken var so daarlegt flidd. Kann dei anna vente? Dei er sjølve som hjelper Slurvestellet upp. Naar ein skal vinnapaa aa vera Slurv, kven vil ikkje daa vera det?

Me lyt vona, at dette vil retta seg, ellest vil det snart verta smaatt Stell baade med Smørprisarne og Fiskeprisarne.

  

(Vestmannen).

Nyt Tidsskrift” styrt av J. E. Sars  og Olaf Skavlan, Hefte 10 er utkomet. Det inneheld:

  

Edvard B. Aveling: Charles Darwins syn paa religionen. – Fyrst Kropotkin: Det kommende anarki. – J. Utheim: Lidt om storthingets sammensætning indtil 1859. – M. S.: Kristiania theater 1886-1887.

 

Sysvorti” No. 10 inneheld: Vesle Hallvard. – Heimlaus (Dikt). – Kjerringi og Fisken (svensk Æventyr) – Keisar Josef og Sersjanten. – Siger. – I Siberia. – Ein gild Pus. – Flokar og Gaator.

 

No. 11 inneheld: Smaaborni i Skogen (Topelius). – Ei Soga um sjau Systken (Topelius). – Ein Strid paa Livet. – Martin av Tours.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum