[Ymist.] Kompromitert.

 

 

Naar no endaa dei, som driv og skriv dansk, vilde bruke eit folkelegt Maal, so at alle, jamvæl dei ulærdaste kunne forstaa det, var det og likare.

 

Kva skal det vera godt for hell, kann De ikkje segja Dykkar Meining likevæl tru? – De skal ikkje venta, at alle, som vil vita noko, hev gjenget gjennom Latinskilen lell. Verdens  Gang  er med dei likaste av dei danskskrivne Bladi, men her eisinn gjorde han seg skuldig i ei stor Synd i so maate. No skal De høyra.

 

Eg fekk ein Dag paa ein fullgreid Maate vita, at General Boulanger vart sett i fengsel. Men kva hadde han gjort? Eg hev komet til aa halda av Boulanger og difor vart eg so spennande forviten. Eg tok for meg av V. G. kvart Nomer fraa 1ste Oktober, las Spalte upp og Spalte ned, ja kikad endaa i Lysingarne. – Endeleg i ei Melding fraa Paris fann eg, at dei hjaa den snaale Caffarel hadde funnet Brev, ”som kompromiterede  endel høitstaaende Personer, deriblandt Generalen selv”.

  

Meir fann eg ikkje. Der altso i det eine Filleordet laag altsaman. Kompromitere! Eg hadde ein Teft av kva eg skulde tenkja  det var, men det sveiv so i lause Lufti, at det var Uraad aa faa rektig Tak paa det. Eg hadde sikkert vist det og eingong, men eg hev ikkje slikt Hesteminne, at eg kjem ihug alt det, eg hev høyrt i Verdi. Kann godt vera, at eg er fælt dum og, men kor skal eg gjera av meg, eg kann ikkje for det, og lesa vil eg. Ja, eg leid utruleg.

 

Men so kom du, min kjære Fedraheim, og hjelpte meg ut av Pina. Du fortalte so greidt, at Boulanger hadde voret med i Spilet og fenget med av Fortenesta.

  

Hadde V. G. og voret so greid, so hadde eg sluppet aa tynt so hjarteleg paa han, som eg gjorde.

 

i_g_e.

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum