[Ymist.] Korleis han vart Maalmann.

 

 

Maalbladet Nora  fortel korleis det gjekk for seg, at Stortingsmann Nils Juel vart Maalmann.

 

Paa eit tysk Hotell sat det ein Dag i Syttiaari ein norsk Bonde og ein lærd maalkunnug fransk Professor.

 

Kunde Bonden Fransk? Nei, han talad ikkje Fransk og svarad Professoren paa Tysk. Men Franskmennerne hev no ofte sine eigne Loner dei, og denne hadde det med det, at han ikkje vilde tala Tysk. So sat dei tagalle ei Rid. Rett som det var spurde Professoren Bonde, kva Land han var fraa. Noreg. Aa, daa er det ikkje vandt aa faa røda saman, for han kunde vel Gamalnorsk? Nei, Normannen kunde ikkje det. Kva Slag, kann ikkje De Gamalnorsk, De, som er fraa Noreg? Og so vart Franskmanne sinnad og heldt eit Fyredrag for Normannen um, kor sjølvuppgjevande og stakkarslegt det var av eit fritt Folk aa vyrda sitt eiget Heimemaal so lite, at det tok til Takke med eit framandt. Eit sovoret Folk hadde ikkje Rett aa vera til. 


Fraa den Dag av vart Nils Juel Maalmann.

 

Dette er ein liten Mole av Stykkjet hans Stavnheim. Som det gjekk Nils Juel hev det ogso gjenget andre. Dei er komne ut i Verdi, og der hev dei fengje Augat upp for kva eit Maal er elder skal vera for eit Folk. Medan Utlendingar ser paa Maalstrævet med Samhug og tek til aa skriva Norsk t. D. den store Maalmannen Dr. G. I. I. Sauerwein, so finst her Normenner, jamvæl Bønder, som ikkje kann lika det, ikkje skyna det og segjer, det heile er Vaas. Dette er Løgje, det er ein Ting, men det er stakkarslegt, og det er verre.

 

Nora” kjem ut i Kristiania ein Gong um Maanaden i Hefte paa 16 Sidur um Aaret. Umframt dette skal der no fylgja med som Tillegg ei Forteljing ”Tiggar-Hanna”, umskrivi fraa Tysk etter Arnhard og eit fagert Jolehefte med Bilæte.

 

Det heile kostar berre eit Brev og so – ei Krune.

 

 

(F. & S. A.)

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum