Arne Garborg og det sedelege Spursmaal.

 

(Del 4 av 6. Fyrste del.

 

III.

 

Me hev set, at Garborg i 1871 fann ”Hager” ved den Samfundsskipnad som er, men at han slo seg til Tols med ei Godtkjøpsraad, at ein fær bøta paa med ”Illusjonerne”, naar Livet sjølv ikkje rekk til.

 

Me hev og set, at han i 1877 tok Spursmaalet upp paa nytt, daa han gav seg inn paa ei filosofisk Granskning av dei ”ethiske” Principer”. Men han trur seg endaa ikkje til aa greida Floken; Utslaget vert dette, at vanlegt er Livet principlaust, men kvar ethisk Teori er eit Framstig. Han torer ikkje avgjera vist, korleis denne Teori skal vera, berre peikar paa, at me maa hava ein praktisk Moral, so at Folk flest kann liva etter den.

 

Alt dette her var seminaristiske og akademiske Gruningar, som ikkje kunne føra han fram til full Løysning.

 

Han gav upp den Maaten og byrjad taka Spursmaalet meir praktisk, byrjad sjaa og framstella det verkelege Liv og slutta med Spekulasjonar yver ”Problemer”.

 

I ”Ein Fritenkjar”, skriven 1878, snertar han berre Sedskapsspursmaalet. Der er nemleg Tale um ei ”Skandalbok”, som kjem med den nye Lærdomen, ”at gifte Folk skal elska kvarandre”, og me fær høyra gamle Prestar kalla Kristiania i det store og heile for ein moralsk By.

  

I 1881 skreiv han i Fedraheimen(i ein Strid med Fædrelandet  um Naturalismen) ei Utgreiding um korleis Ungdomen skal bergast for Ukjurskap:

 

_ _ _me legg meir Lag paa ei sunn og naturleg Uppfostring enn paa ”Prohibitiv- elder Forhindringsraaderne”, som Fædrelandet  trur so paa. Me meinar med andre Ord, at hev me ein sunn, sterk Ungdom, so vil ”naturalistiske Bøker”, kor stygge Ting dei so ”handlar um”, ikkje bita paa han. Den sunne Ungdomen bryr seg ikkje stort um aa lesa slikt, og um han les det, so fengjer det ikkje letteleg i hans glade, friske Natur; han hev for mange andre Ting, som han held av. Men hev me ein innestengd, sur og sjuk Ungdom, som ingenting hev aa halda av, og ingen Ting aa gleda seg i utan sine eigne Draumar, - so kann ein lata dei lesa elder ikkje lesa – selde er dei likevæl.

 

Ein skal gjeva Ungdomen ei sunn og naturleg Uppfostring; det er snart sagt det einaste, ein kann nemna. Gjer ein det, og hev ungdomen ikkje fraa Foreldri ervt noko serlegt  Drag til Synd, - - so vil Ungdomen klara seg utrulegt godt sjølv, og best utan ”Prohibitiv”-raader.

 

Fær Ungdomen veksa naturleg og liva sunt, so vil Bøker um faarlege Ting vera det, han minst bryr seg um, til dess han daa vert vaksen.

 

- Men naar Ungdomen vert vaksen? ---me maa svara som fyrr: er berre Ungdomen frisk, so hev Naturen Raad for Uraad her med. Kva er daa det for ei Raad? Det er Kjærleiken.

 

Ein sunn Ungdom, som elskar – og den sunne Ungdomen vil altid elska -, er so godt forsvarad mot Ulivnad og Styggedom, som eit Menneskje kann vera. Alt anna kann svigta; ”Grunnsetningar” og ”Visdomsreglar” ryk kanskje som Halmestraa, og sjølve Trui kann tapa si Magt, naar Syndi i Ungdomstidi stormar paa. Men elskar Karen, so vil eg mest vaaga han. Det einaste er, dersom han ikkje fær den han vil hava; daa gjeng det stundom galet. Men den grunnfriske Naturen vil for det meste snart reisa Rygg att”.

 

I 1882 skreiv Garborg eit Stykkje i Fedraheimen  um ”Kvinne-Studentar”.

 

Han hevdar der, at me maa koma burt ifraa Harem-Tanken, at Kvinna berre er ”skapt til aa gleda mannens Hjarta”. Ho maa leggja burt alle ”Utstillingstankar” og arbeida seg upp til aa verta eit ”aalvorlegt, andsvarlegt og sedelegt Menneskje”.

 

Kvinna maa, liksom Mannen, fostrast med den Tanken, at ho, ho sjølv, skal verta eit godt, ærlegt og andsvarlegt menneskje, - ho sjølv, utan tanke paa Mannen, utan Tanke paa Ægteskapet; - og i Samanheng med det maa ho verta upplærd slik, at ho liksom Mannen, sjølv kann livnæra seg, so ho ikkje er nøydd til aa gifta seg for Livemaatens Skuld; kjem den Tanken til Magt i Kvinne-Uppfostringi, og so i heile Samfundet, so er Grunnen lagd til betre Tilstand i ymse Maatar. --- Gjennom sann menneskjeleg Utvikling og ærlegt Arbeid vil Kvinna meir og meir veksa av seg sine Unotor fraa Lerkefugl-Tidi og verta i full Meining "Mannens Medhjelp".   

  

Kor mykje Samfundslivet vil vinna ved dette, det kann ingen rekna ut. Det vil skapa sunne, reine Ægteskap og ein sterkare Moral gjennom heile Samfundet, men alra-mest vil det gjera for Barne-Uppfostringi”.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum