Ei Natt millom Troll.

 

 

 

Hev De voret i Ekersund, Hr. Bladstyrar, i den Byen, kor alt søv baade Dag og Natt no, sidan Vektaranne hev sluttat gala. Elles er det ikkje umogelegt, at dei gol i Svevne, dei.

 

Eg hev voret der eg, hr. Bladstyrar, og eg sov ikkje; eg hev voret i Ekersund, det var endaa Notti til 26de Juni det Herrans Aar 1887; ein gløymer ikkje slikt, ein sett helder eit stort, svart Merkje i Almanakki, ifall ein hev ei sovori. Eg hev no ikkje ei sovori eg, og det av Prinsip, som dei segjer, av Prinsip, av di at eg hatar Tidi, hatar denne Tidi, som fører so mange faarlege Straumar inn i vaart stakkars uskuldige Fedraland. Eg vil ikkje hava Almanakk, ja, eg held det endaatil for Synd, um eg hadde.

 

Jaja, det lyt no vera so det. Men ”ydermere” so veit me det, at sume Folk fær sova um Notti, andre fær ikkje sova. Det er so mange Slags Troll, som kann treffast til aa plaaga ein. Det er store Troll og der er smaa Troll. Der er lekamlege og der er aandelege. Dei store kann delast inn i Patteborn og Kattar, dei smaae kann vera anten Loppur elder item andre Insektar.

 

Eg gløymer aldri den Notti. Eg tok av meg Klædi, fyrst Trøya, so Vesten – den brune, so Broki, og so lagde eg meg. Tankar sveiv meg i Hugen, eg tenkte paa mitt ”fjerne Fødeland”, som er Stavanger og paa alle dei fagre Gjenturne der. Dei er fagre, Hr. Bladstyrar, men dei er trulause – trulause! Daa det leid frampaa, vart eg trøytt av aa tenkje og vilde so gjera det, som Folk plagar, ut paa Notti, sova, meiner eg. Gjorde daa det, som Folkeskikken er i slikt Tilfelle, lagde meg paa andre Sida. Nei takk. Og no skal De høyra. Best som det var, dansad det fram kring meg med Ljod og Laatt og Song og Slag og Hamring. Gud betre meg, kor eg vart forfælt. Kor kom det fraa? Kor i al _ _ i al _ _ svartaste _Verdi kom det fraa? Det var ikkje, som det pikkad, det var ikkje, som det hamrad, det var fraa Damphamaren til Storsleggja til den minste Trepikkaren. Aa Gud hjelpe meg - det var Dampbaaten og Lokomotiven, for fram, pif, puf, paf, pyf, pif, - neimen var det ikkje, det var eit Fabrikk, eit svart, svart Fabrikk med tusund Hamrar, dup, dikk, dap, dikk, dyp, dikk.

 

Guten vart bleik kann De tenkja, Truløysa var vond, men Trollskap og Fandens Mirakel var verre. Han reiste seg paa si ”Smertens Lega”. Saag seg um me rullande Augo.

 

Daa vart han det var.

 

Daa vart han var det forfærdelege ”Faktum”, at hans Lega var standande i ei Uhrmakarbud.

 

Kva skulde han gjera, Hr. Bladstyrar? Kva vilde De ha gjort? Teket Sengi paa Ryggen og flutt langt, langt derfraa? Stadet upp og som ein rasande sleget sund kvart Troll, baade dei store og dei smaa, baade dei grove og dei fine, dei aandelege og dei lekamlege; dei, som stod og dei, som gjekk, baade Klokkur og Ur, Vegg-ur og Skips-ur og Lumme-ur? Aa ja, eg vilde det nok; aa ja, eg vilde det alt, men ak, mi Kraft var burte, eg laag som lam. Der var Trollskap i det, dei var. Eg rasad, eg knytte Nevar, eg bannad, bannad kallegt. Det hjalp ikkje, Eit fælt Bil var det, Hausen min bankad, inni meg gjekk det i Orkan. Det var Sinnet. Men etter kvart som Krafti tømdes, rann og Sinnet av meg. Eg vart roleg, innerleg motlaus. Kunde eg faa graata, tru? Enn um eg kunne? Nei, Uroi var for stor.

 

Tok eg daa det Raadet aa vera motig, strida som ein Mann mot dei vonde Makter. Fyrst var det no det, at naar Folk legg seg til aa sova, maa dei ikkje tenkja lenge paa ein og same Ting elder Materie; skulde daa eg til aa tenkja paa eit halvhundrad. Hjalp ikkje. Tenkte eg det, at det motsette burde fulla vel vera Tilfellet, tenkte daa eit stutt Korter paa Truløysa. Hjalp ikkje.

 

Eg laag der og fælad; kringum meg paa alle Veggjer hang dei svarte Troll og spottad, hædde mine Kjenslur, aldri hev eg voret hædde soso. Kalde og myrke var dei, Graat elder Bøn ansad dei ikkje: litet gaadde dei, um ei vesal Menneskja leid uhorvelege Mødur. Dei berre skundad seg koma avstad i si ævelege Arbeiding og Pikking, den eine verre enn den andre, Hjartats fine Straumar hadde dei ikkje Sans for.

 

Daa eg hadde legjet ei Stund, utarmad og utmasad, halvdaud, tok eg meg saman og reiste meg upp i Sengi; for no var eg komen paa noko nytt, Svarteboki og Latinen. Kva i all Verdi skulde eg bruka min Kunnskap til, naar det ikkje var i slikt eit Bil. Eg reiste meg upp, vill saag eg ut, Haaret mitt var som elektriserad, med darrande Mæle, som eg sjølv vart rædd, ropte eg: Quousque tandem abutere, Catilina, patientia nostra? Det var Resten av Lærdomen min. Eg uttalte det tungt med Ettertrykk paa kvart Bokstav, uttalte tihardt etter den nye Maaten (han var iminsto ny i mi Tid) og ablatiov med langt a. Med det same for eit lite Skratt igjenom Romet og so tok det til duna: Kat pat, Kat pat, Kat pat – ei heil Rid utyver, til eg endeleg vart rasande og stod upp, for hjalp ikkje Latinen, so skulde me freista med Græsken. Med knyttad og upprakt Neve ropte eg, so det song: Apage  Satanas! So datt eg ned og laag i Yrska og Villa Resten av Notti. Men kring meg sveiv det og flaug heile Tidi: Ap ag, ap ag, ap ag! At an, at an, at an!

   

Um Morgonen saag eg meg i Spegelglaset og eg skynad meir og meir, at det var faktisk, livande Trollskap. 7 Aar eldre saag eg ut og paa Hovudet var det sume Haar vortne heilt kvite. Eg rymde fraa Byen, so snygt eg berre kunne; snaudt at og aat.

 

Men eg forstod ogso no og hadde fenget ein Lærdom, at den fine og kultiverte Trollskapen er verre og faarlegare enn den gamle og grove. Eg forstod, kor det vilde bera av med alle desse nye europæiske Straumarne, naar jamvel dei gamle, agafulle Ordi: Apage  Satanas: vart haanat. Det var soleis det bar til, at eg lagde Klokka mi etter i Ekersund, for eg totte no, at ikkje berre Almanakki, men Klokka au var au det vonde. Naar so Folk spurde meg uppyver, um ikkje den Karen, som var paa Langferd, hadde Klokke, so svarad eg med ein viss Prestadom i Mælet. ”Nei, eg hev lagt den etter i Egersund”.

  

S.

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum