Eit brennande Spursmaal.

 

Det er ikkje Spursmaal um Politikk, som er mest brennande no for Tidi, endaa me hev Rider elder Krisar baade i Folk og Styre. Men det er Spursmaal, som hev mykje større Vidd, Spursmaal um Samfundsforhold og daa serleg um det sedelege.

 

Folk tenkjer vanleg, at um kva som er sedelegt, kann det ikkje vera tvo Meiningar. Men no hev det synt seg, at her minst er tvo, tri Meiningar, um ikkje fleire, so at det ser nok ikkje ut til aa vera so greidt likevæl.

 

Det er Bjørnson og Garborg, som her hjaa oss hev reist Ordskiftet um dette Emne. Fleire Forfattarar hev teket seg for aa gjeva Framstellingar vedkomande Saki. Og mest kvar slik ny Bok hev vekt stor Strid, Motstand elder Tilslutning.

 

Det er nok her aa minna um ”Fra Kristianiabohêmen”, ”Albertine” og ”Mannfolk”. – Fyredrag vert haldne, som held Rørsla uppe, soleis av Svenskarne Wiksell¹) og Gejerstam, og no kjem snart Bjørnson til Landet med sitt Fyredrag um ”Enegifte og Mangegifte”.

 

Bladstyret vil freista aa setja seg inn i Spursmaalet, so me kann gjeva ei Utgreiding av Synsmaatarne. Det skal gjerast, naar me vert ferduge med Stykki um ”Garborg og det sedelege Spursmaal”.

 

Me skal no berre fortelja litt fraa det siste Ordskifte um Saki, som kom fram ved Gejerstams Fyredrag.

 

Sidan ”Kristianiabohêmen” kom ut, er det Hans Jæger, som hev voret den Bruri alle hev dansat umkring, allvist i den frilynde Studentforeiningi. Men no hev den skriket fraa seg, er det likt til, og Hans Jæger er reist til Paris og skal ikkje vera tenkt paa aa koma heimatt.

 

Kor vill denne Jægers-ridi var, so førde ho daa fram mange paalitelege Upplysningar um Livet millom Ungdomen, som maa gripa kvar sann Menneskjeven. Me haddde innbilt oss, at her var eit moralsk Samfund, og so ser me Ukjurskap fraa alle Sidur.

 

Folk vart skræmde upp, alle tenkjande Menneskje fekk Kjensla av, at her maa gjerast noko, elles vil me forgaa.

 

Men kvaskal det gjerast, det er det store Spursmaal.

 

Umfram dei, som trur, at ikkje noko  kann gjerast, men at ein berre maa lata Augo att og passa seg sjølv, elder dei, som liter seg med aa berga nokre einskilde som ein Brand utor Elden, umfram desse er det mange Forslag, mange Raader og Meiningar.

 

I Fyrstningi var det berre Skrik og Rop elder Jammer og Klage aa høyra. Uroi var for stor, til at det kunne koma nokor vitug Dryfting istand. Men no ser det ut til aa roa seg sopas, at det er daa høyrande Mannamaal.

  

Eit godt Framstig imot ei sakleg Dryfting vart gjort i Gejerstamsmøtet, med di at Lækjarar og Kvendi tok til Ords. Lækjar Oskar Nissen  og Fru Vullum  stod helst paa same Sida som Gejerstam, Ullmann  og Syster hans, Fru Ragna Nielsen, hevdad Bjørnsons ”Handskemoral”. Høgre- og Oftedalsbladi, som er samde um aa kalla frie Ordskifte um sedelege Spursmaal for ”Usædelighed” rasar imot Møtet, sjølv Verdens Gang  tykkjer det var for fæle Ting Nissen hadde aa fortelja, og gjev han ei ufortent Skulding for aa ha lært ”Mændenes Ret til at leve som de lyster”. Stadsfysikus Sparre  var Ordstyrar.

 

Møtet vart haldet i Studentsamfundet. Styret for dette er kav høgre og fekk difor strenge Fyretolur, fordi dei hadde leigt ut Salen til Møtet. Men det raar ein friare Aand der uppe likevæl enn hjaa Bladfolket, for dei leigde Salen ut til eit nytt Ordskiftemøte um same Sak denne Torsdagen. Arne Garborg baud inn til dette Møtet, ”Entre 1 Krone. Hvad der blir tilovers efterat Salen m. v. er betalt, indsendes til Sædelighedsforeningen som Bidrag til understøttelse for ”de prostituerede Kvinder, der trænger Bistand for at kunne tage fat paa ærlig Arbeide”.

  

Det fyrste Møtet.

 

Den som gav Folk mest aa bisna paa her var Lækjar Oskar  Nissen. Han lagde fram dei Røynslur han hadde gjort som Lækjar²). Han meinte, at Mann og Kvinne ikkje hadde like godt for aa liva avhaldande. For Kvinna var det so mykje lettare, fordi det var berre 10 av 100 Kvende, som hadde Kjønsdrift, dei hadde difor ikkje dei same Freistingar som Mannen. Det var helst ein Sjukdom hjaa Kvinna no for Tidi, at ho var so usanseleg, for det var ikkje berre Dygdi, men det kom av, at der vart gjort so mykje Vald paa den sunne Natur. Hjaa Mennerne kom det som ei naturleg Fylgd av dette til aa verta so, at Kjønslivet vart unaturleg sjukleg utviklat paa ein annan Maate, so at det ofte vart til Mein for Mannen aa liva reint avhaldande. Grunnen til vaare Vanhøve i det sedelege var soleis etter hans Meining det, at Mann og Kvinne fekk ei Utvikling, som ikkje gjorde dei fullt ut høvande for kvarandre. Nissen var so beintfram i Ordelaget, at mange totte det vart for drjugt. Sjølve Ordstyraren, Sparre, som væl ikkje stoggad paa’n, men helder ikkje vilde gjeva seg inn i Ordskiftet, for at det ikkje skulde segjast for mykje, som kunne støyta Folk, han hev sidan skrivet i Bladi, at han held mykje av det som Nissen kom med berre for uprovad Paastand, som ikkje kunne minka Kravet um like strengt sedelegt Liv hjaa Mann som Kvinne.

 

Ragna Nielsen  tykte endaa meir paa det Nissen sagde. Ho hev skrivet det no sidan, at det av Kvende ”føltes i sig selv som en saadan Nedværdigelse og Ydmygelse, at det er drøjt dertil bagefter at maatte høre, at man ikke engang skulde være berettiget til at føle sig krænket”. Ho maatte sanna, at det var det gode ved dette Møtet, ”at der endelig engang kom en aaben og uforbeholden Diskussjon istand om denne vigtige Sag. Der er ikke den Ting, som vedrører andre Mennesker og vor egen Velfærd, som ikke Mennesker kan og bør tale om sammen.  Men det var Maaden, hvorpaa der blev talt. Dr. Nissen slyngede alle norske Kvinder Forhaanelser i Ansigtet”. Ho torde elles ikkje setja paa med ”det absolute Sædelighedskrav” til Mannen for strengt med ein Gong. For Uppaling og Missyn paa Naturen hev ofsat Kjønsdrifti hjaa han, so at det vert mangt aa lida for den, som ikkje vil gjeva etter for den. Og ho hadde ”altfor megen Medfølelse med menneskelig Lidelse til at ville komme frem med et Krav, der kunde se ud som en farisæisk Fordømmelse af dem, der ikke opfylder Kravet”. Men det ho arbeidde for var ”Ægteskab og før dette absolut Afholdenhed af baade Mand og Kvinde:” ”Det er vanskeligt, skjønt ikke umuligt at føre et sædeligt Liv, og Selvbeherskelse, om den end ikkje smager Ungdomen, er dog den eneste Vei til virkelig Lykke”. Lat berre Ungdomen gifta seg, spara paa Tobak, Toddy, Kaféliv og Stas, so greider dei seg nok.

 

Ullmann  meinte, at Statistikken synte, at dei norske Kvendi ikkje var kjønslause, for 50 av 100 Born, som kom til, var uægte elder avlad fyrr Ægteskapet. Han hev sidan upplyst nærmare, at uægte Born er 7-9 av Hundrad, og at 33 av 100 vert avlad fyrr Vigsla, millom Arbeidsfolk er det 50 og 100 og i sume Bygder 65 av 100. Han trudde, at Studentarne i hans Uppvekster livde meir sedelegt enn no, Kafélivet var ikkje so kjent daa. Det verkad ikkje godt. Det Tilstand me no hadde, var ikkje godt, men han trudde ikkje, at den frie Kjærleiken vilde gjera det betre. Han fordømde Wiksells Forslag, at Gud og Gjente, som elskad kvarandre, kunne gifta seg paa eigi Haand. Den Gjenta, som det gjorde, vilde ikkje vyrda seg sjølv meir enn ei Skjøke. Aa segja slikt stemplad Gejerstam  som Raaskap.

 

Ragna Nielsen hev sidan viljat faa Styret for ”Norsk Kvindesagsforening”, der ho er Formann, til aa faa i stand eit ”Protestmøte” imot Gejerstams Diskussjonsmøte, men ho fekk ikkje Fleirtalet med seg. Oskar Nissen hev lovat, at me skal faa høyra meir ifraa han. Men korkje Nissen, Ullmann elder Ragna Nielsen kom paa

 

 

Det andre Møtet.

 

Arne  Garborg  paaviste, kva for eit Framstig det var i, at det vart tilstadet her var Sedløyse, og at dei kom saman til Raalegging dei tvo Parti, som nærmast svarad til Mann og Kvinne. Han totte det var gildt, at Nissen hadde talat og sagt Ting, som Kvendi maatte skyna, um det skulde verta Diskusjon. Men det tottest vera so mykje Ofse og Ovsegjing i det Nissen hadde komet med, so det var vist ikkje vitenskapelegt alt ihop. Men det var likevæl godt, at ein Lækjar kom og lagde fram slike Kjensgjerningar; um ein annan Syndar brukad eit halvt Liv til aa skriva ei Bok um Emnet, vilde Folk berre segja, at den Forfattaren var raa sjølv. Men ein Lækjar maatte dei lita meir paa. Han trudde elles, at Nissen foor galet i sine Paastand. For Skilnaden millom Mann og Kvinne laag visst ikkje i Styrkjen  av Kjenslurne, men i Slaget, som høvde med den aktive og passive Stelling i Forholdet. Det fylgde likesom av seg sjølv, at den passive Del lettare kann klaara seg utan Skade; Mannen, den aktive Del, hadde verre for aa greida seg; um ein let han alast upp aaleine midt i Øydemarki, vilde han taka Skade i det sedelege. Folk skulde berre lesa um den heilage Antonius, det var den verste Bohêmsbok, som var skrivi.

 

Ragna Nielsen hadde spurt, kva Folk vilde setja i Staden for Prostitusjonen. Ja det er nettupp Spursmaalet, som dei skulde freista aa forhandla um. Fru Nielsen hadde funnet det lett aa svara, ho vilde hava Ægteskapet og fyrr dette eit absolut Avhald. Men herregud det vilde me daa alle. Me vilde alle koma ifraa det ufullkomne, og naa det fullkomne Ideal. Det kunne me sanna alle, som vilde hava eit sedelegt Liv. Men Spursmaalet var, korleis  me skulde arbeida til aa koma imot det Maalet. Berre ein kunne verta samd um aa byrja med ei Raad, som kunne føra oss paa den Leidi. Me burde daa til Vissa dryfta dei Forslag, som var sette fram, um me ikkje kunne finna eit Svar, so me kunne faa sleppa til aa arbeida mot Maalet. Talaren hadde gjevet eit Forslag i Nyt Tidskrift. Forslaget var ikkje hans eiget nettupp, det var det som gjekk yver all Heimen. Kunne me ikkje verta einige um ein Plan?

 

Skulde han nemna nokre praktiske Forslag, som vilde hjelpa til aa gjenomføra denne Planen, so maatte det t. D. vera ein Lov, som gjorde det lettare for Ægtefolk aa skiljast.

 

Han vilde at dette Møtet skulde vera som eit Protestmøte  imot Dr. Nissen, men likevæl vilde han forsvara han for dei drjuge skuldingar Ragna Nielsen hadde komet med; Nissen hadde ikkje sagt det til aa hæda, men hadde berre ført fram Klagur  fraa baade Ægtemenner og fraa Kvendi sjølv. Til det, at Vullum minte um, at det hadde voret meir Eld og Liv millom Studentarne i 70aari, svarad Garborg, at den Tid talad  Folk berre um Ideen, no tok dei for seg  slike Stortankar som det sosiale Spursmaal. Han totte det var Framstig dette han. Han sagde vidare, at det han hadde ført i Forslag, som Folk kallad fri Kjærleik, like so godt kunne kallast for fritt Ægteskap, d. v. s. fritt for Politiinnblanding og juridiske Rette og Krav paa kvarandre, det var ikkje ”Prostitusjonen almindeliggjort”, som Folk trudde, det som han vilde. Det normale maatte vera, at naar ein var fullvaksen, skulde ein gifta seg, i Forelskings Tidi, det fekk verta ei individuell Sak. Garantien ligg i, at Kvendi fær eit betre Skyn, og vert vaar Like.

 

Me skal kanskje melda um dei andre Talarne sidan. Det var Fru Vullum, Frøken Kielland  og Grosserar Johnson.

 

 

¹) Nokre av Fyredragi hans er trykt. ”Om Prostitutionen” kostar 75 Øre. Fleire kjem sidan.

²) Han hev sidan upplyst, at han ikkje hadde sin Visdom berre fraa sjuke Kvende, men ogso fraa 3000 friske.

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum