Siste Vendingi.

 

Dette er siste Vendingi eg gjer med Fedraheimen, flytja’n til Fjells og setja ned Prisen.

 

Gjeng ikkje dette, vil eg slutta med Bladet. Men eg hev sett det for meg, at eg skal ikkje gjeva upp, so lenge noko er ufreistat.

 

Eg tenkjer Bladet skal verta ein Mun betre, naar det kjem utor dette Skarveholet Kristiania, som berre magtstel Folk.

Eg hev ikkje tott nokor Moro i aa vera Bladskrivar fyrr, eg hev berre lotet skriva for andre, men no hev eg røynt, at Folk ikkje skynar paa det; dei vil ikkje hava eit Maalblad, som kann samla alle, som hev lite Grand Samhug med Maalsaki.

 

Eg er like sæl. So fær eg freista skriva som eg sjølv likar; eg hev ikkje noko Umsyn aa taka til andre Folk, naar dei ikkje hev teket noko Umsyn til meg den Tid, dei det kunne. No skriv eg berre beint fram det, som eg sjølv meiner um alle Ting. Og um og Folk vert sinnad og segjer upp Bladet i Flokk og Fylgje, so hev eg daa den Hugnad, at eg fær lettat mitt Hjarta og sagt mykje sant. Og so skal eg no freista aa grava Stolparne undan so mange Filistar, som eg vinn, den Tid eg hev Høve til det.

  

No tykkjer eg det er Moro aa vera Bladskrivar.

 

Folk er ikkje heiltupp blidlaatne um Dagen, allvist ikkje Maalfolk, dei bisnar paa slikt, at ein Bladskrivar skal kunna leggja so beine Vegjer. Dei radikale er kanskje mest fælne, fordi deira eigne Tankar kjem paa Prent, dei rister paa Hovudet yver slik Daarskap og freistar magtstela meg so godt dei kann. Er det ikkje anna, so segjer dei, at eg spiller mine Voner um aa faa ein Baas i Riksens varme Nautefjos. Likesom eg skulde vera ”baaslugom”!

  

Aldri hev eg voret so hugheil som no. Fyrr hev eg litt paa andre, no vil eg freista aa lita paa meg sjølv eit Bil, um ikkje det kunne vera like so bra.

 

Eg er kaut paa det no. Meg kvitter det eit. Gjeng det godt, hev ikkje eg noko imot det. Men 300 Kr. Aaret vil eg hava til Mat, eg vil ikkje liva paa reint Sveltihel helder. Fær eg det, skal eg arbeida trutt som ein Hest og ikkje lata Bladet gaa paa Slengen, som det hev ymist gjort, men heiltupp ofra meg for det. For so lite som Bladet er, krev det sin Mann, skal det vera nokon Mun i det.

 

Men gjeng det ikkje, so hev likevæl egbergat Æra, og kann daa med godt Samvit søkja meg ein Klokkarpost uppi Kautokeino elder Karasjok, gifta meg og byrja njota Livet.

  

Eg er hendt som høver. Vil De øyeleggja Maalbladet, er det ikkje meg, men Dykk sjølve De gjer Skade.

 

No veit De det, Godtfolk.

 

Vil De vera med, so heng fast!

 

 

I. M.

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum