Ymist.

  

 

Johan  Sverdrup  vinn Høgre for seg meir og meir. Ikkje berre Morgenbl., men sjølve Novemberbladet, Budstikken, yste Høgre tek til aa faa god Von um Gamlingen.

 

Bladet skriv um Sverdrup:

 

Det er forbausende, hvor meget han har lært i de sidste Tider; det er, som om hans Øine først nu er blevne aabnede”. Skulde nokon tru det, at han skulde likesom ein Bismarck vera nøgd, berre han heve eit Fleirtal, likesæl med kvar han tek det helst; elder at han skulde verta so rædd Røysteretten for alle, at han maa hava ”Garantier” for at Retten ikkje vert misbrukad? Elder at han, som i 1885 talad um aa taka Saki i eigi Haand og greida det diplomatiske Spursmaal ved norsk Grunnlovsforslag, Aaret etter skulde gaa ifraa det heile? ”Det er aabenbart, at Hr. Sverdrups Meninger i de vigtigste politiske Spørgsmaal nu er helt forskjellige fra, hvad de engang var. Han ser nu, at han har taget feil, og at hvad det gjælder at bekjæmpe, ikkje er det konstitutionelle Parti, men Radikalismen”.

 

Jamvæl Oftedølerne maa daa væl faa Augo upp for, at det ber paa ein galen Veg med Sverdrup, naar dei høyrer slikt.

 

Fiskarne  trur sume ikkje hev Kjenslur. I England var det ein Fisk, som hadde 4 Krokar i Svelget og endaa tok han paa den femte. Han hadde ikkje noko Mein av dei fire Krokarne, var ikkje hoven ein Gong. Men tenk um det hadde voret eit Menneskje, som det hadde gjenget so med. Det hadde vortet Banebeigen hans med det same. Han hadde daa kjent Sviden, men Fisken var like spræk han.

 

Samlagsmedlemerne  maa skunda seg aa betala Aarspengar for iaar, so fær dei med det fyrste ei stor ny Bok av Vinjes  Skrifter  og Vossastubbar  av Per  Sivle. ”Lauvduskar” vert ferdig ved Nyaarstid.

 

Parlamentarisme kjem av ”Parlament”, som er det engelske Namn paa Stortinget. Parlamentarisme er soleis ende fram Stortingsstyre. Serleg er dermed tenkt paa, at Stortinget kann gjera det umogelegt for ein Mann aa vera Statsraad ved aa syna honom, at det ikkje hev Tillit til honom. Naar Parlamentarismen ofte vert kallad Fleirtalsstyre, so er det fordi, at gjennom Stortinget er det Fleirtalet som talar.

  

No hev me daa Ministeriet Sverdrup, og det Stortinget som er, vart ende til valt paa ”Tillit til Johan Sverdrup”, og ikkje hev det sagt eit Ord um, at det hev mist den Tillit.

 

Soleis skriv Framgang. Me legg til: So er daa Stortinget fyrst og fremst Skuld i den politiske Ugreida, som no er og Folket med.

  

Maalbladi. Fedraheimen  kostar fraa Nyttaar 75 Øre Fjordungaaret.

Nora  kjem ut i Kristiania og kostar Kr. 1.00 um Aaret.

Dag  kjem ut i Namsos og kostar Kr. 2.00 um Aaret.

Sysvorti– Barneblad – kjem ut i Grimstad og kostar Kr. 1.00 um Aaret.

Vestmannen  kjem ut i Volden og kostar Kr. 1.30 for Halvaaret.

 

Nye  Bøker. Kjærleik, ei Forteljing av Jens Tvedt. Kr. 2.00. – Paa Beyers Forlag Bergen. Ørkenblomster  af O. Funcke. Kr. 3.00. – Apostelen Paulus  tillands  og  tilvands  af O. Funcke. Kr. 3.00 – Paa Cammermeyers Forlag: Unge Damer  af August Balle. Kr. 2.30. – En juleaften i Nødens Bolig og Gamle Kari. To Fortællinger af A. I. Med Forord af Pastor Storjohann. Kr. 0.50. – Grønlændere  og Danske i Grønland af Signe Rink. Kr. 2.50. – Nordisk  Mythologi  af R. B. Andersen. Femte Hefte. 1 Krone Heftet. I alt 6-7 Hefter. – Vor Ungdom. 6te Hæfte inneheld: Quintilians Udtalelser om Børnenes første Opdragelse og Undervisning (B. T. Dahl). Sløjdlæreuddannelse (A. Mikkelsen). Offentlige Legepladser (S. Bagger). Den franske Skolelovgivning i dens Hovedtræk (E. Hørup). En Time fransk i den latinske hovedskole ved de franckeske stiftelser i Halle (P. Voss). De forenede Staters alm. Lærerforening (K. Fredriksen). Pædagogisk Literatur. Pædagogerne og Modersmaalet (E. Jessen).

 

Barnelesnad. Vil du hjelpa Borni dine til aa faa Lese-Lyst og god Lesnad med det same, elder um der hjaa Vener og Skyldfolk er Born, som du gjerne vil gagna og gleda so berre tinga paa Posthuset Barnebladet ”Sysvorti”, Grimstad,

 

so kann du baade gleda og gagna dei eit heilt Aar for 1 Krune.

 

Arbeidarsamlag i Amerika. Det er tvo Slag Arbeidarsamlag i Amerika. Det eine politisk det andre økonomisk. Det er tvo økonomiske lag, Arbeidsridderar  og Arbeidarsamlaget. Arbeidsridderarne vil hava eit sterkt Styre og Sentralisasjon, Samlaget er grunnat paa Tanken um Sjølvstyre for dei mindre Samlag.

 

For tri Aar sidan hadde desse Lagi til saman snaudt 300,000 Medlemer, men no hev Talet vakset upp til meir enn ein million. Det var iser Tanken um aa fastslaa Arbeidstidi til 8 Timar, som gav dei slik Framvokster. I Fyrstningi var Arbeidsridderlaget det mannsterkaste, men no hev Samlaget yver 600,000 Medlemer og det er Von til at det vil auka endaa meir, daa det er so mykje Tvidrag millom dei hine.

 

Det er ogso tvo politiske Arbeidarlag. Sosialdemokratarne  og Henry  Georges’  Flokk. Det er helst Tyskerar, som er Sosialdemokratar og Folk av engelsk og allvist irsk Blod, som held seg til Georges. Men dei er ikkje samde helder, Irlenderanne tykkjer at Georges er for linnhendt, dei vil gjerne bruka Valdsmagti.

 

Rogneberer fælt lagleg til Hønefor, skriv Norsk Landmbl.; ja reint ein Skjessemat for baade Griser, Hønur og Gjæser.

 

Ein let Beeri sitja til dei er mogne, so legg ein Laken elder noko anna Klæde under Rognen og skakar so Treet til det er ber-reint. So legg ein dei ei Stund uppaa eit turt Loft, og so meler ein dei til Mjøl i hop med Havre elder noko anna; dei lyt fyrst turka – langturka. Rognebermjøl er fælt godt til Verpehøner, for fær dei det ein Gong um Dagen, so skal dei verpe mest til kvar Dag heile Vinteren; dersom det ikkje er reint nokre Fille-høner daa.

 

 


Frå Fedraheimen 26.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum