Bruk Tida!

I Sumar er det Stortingsval. Daa gjeld det ikkje so lite.

Det gjeld um det gamle Vinstre skal faa nytte Fruktene av 9de Junipolitikken til aa fri Folke for Formyndarskap og grunnfeste Sjølvstyre, eller um det nye Høgre, Oftedølene og Sverdrupskarane skal faa stogge Fridomsarbeide vaart.

Det er daut og dauvleg no mest alle Stader, Folk er motlause og mistrøstige og veit ikkje kva dei skal tenkje. Sume fær til aa tru, at det nytter ikkje aa halde med Vinstrepartie lenger, daa det ikkje held det, som det lova. Mange vil halda seg heime paa Valdagen, daa dei ikkje skynar heile det politiske Stelle no um Dagen. Og det gamle Høgre vil fiske baade Oftedøler og andre.

Det er verre Tider no, enn det hev vore paa lang Tid. Fyrr var Folk so godt inne i Politikken, at dei sjølvminte møtte fram i samstelt Fylking, men no maa me arbeide paa anna Vis, skal me faa Folk utor Hie og faa Samlingstanken i dei.

Me maa reide ut, korleis Stellinga er, og me maa samle Stridsheren vaar.

Det er Vinstreforeiningane, som no lyt dukke upp utor Daudvatne og taka fat for Aalvor.

Mange stader hev det ikkje vore halde Møte i Vinstreforeininga paa Aar og Dag.

Difor maa De manne Styre upp til aa faa saman Aarsmøte, og der maa dei reine og radikale bli samstelte paa Fyrehaand um ei Valliste og renska ut alle Oftedøler. Soleis som me gjorde her paa Tynnset, Heimbygda aat Oftedølen Hektoen; med stort Fleirtal kasta me Oftedølene.

Soframt Vinstre tapar ved Vale, maa dei skipe til ei serskild Agitasjonsforeining.

Det fyste, som daa er aa gjera er aa vedtaka Valprogram, og det bør helst gaa ut paa:

1. Ned med Sverdrups-Styre.

2. Stemmerett for alle.

3. Umvøling av Grunnloven i republikansk Aand.

Soframt Nr. 3 ikkje blir vedteke, maa alle samle seg um dei tvo fyste Sakene.

Naar so Programme er vedteke, bør ein vel halde Møte rundt umkring i Grendom med Fyredrag og Ordskifte. Og ein bør velje nokre Folk i kvar Grend til aa agitere og føre Manntal. For det fyste sjaa til aa drive gode Vinstremenn, som hev dei lovlege Vilkaar, til aa faa Stemmeretten sin i Stand og so um mogeleg bokføre det Manskape, som ein kan lite paa.

Dinæst er det aa foreslaa og bli samstelt um Valmenn, som ikkje svik Programme. Og so lenge maa ein halda paa med dette, til ein fær i Stand ei Liste, som kan samle Fleirtale av dei reine og radikale. Dei som endaa er gjenstridige, bør ein paa alle Maater halde fram for, at dei svik Vinstrepartie, med di dei set Person yver Sak.

Naar ein er soleis fyrebudd, kann ein med godt Mot gaa paa Vale.