Det Norske Samlaget

hev no sendt ut alle dei Bøker, som Medlemene skal hava for 1887.

Det er: Vossa-Stubba av P. Sivle (3 Ark). Vinjes Skrifter, 4de Bandet, 2dre Heftet. (24 Ark). Lauvduskar VI (9 ½ Ark). Til saman 36 ½ Ark.

Den siste Lauvdusken inneheld: Sidste Kvelden elder: Gunnbjørg paa Haugen. I A. (Ivar Aasen). Sondre Norheim (eit langt Kvæde paa Telemaal). Hans og Margretha (Forteljing). Ei utgreiding um det finske Maalstræv, ved L. Stavnheim. Til Slutning nokre Smaakvæde.

Mons Litlere i Bergen hev ogsaa no gjeve ut nokre Maalbøker: Nokre Salmar, tridje Utgaava [Dr, Statsraad E. Blix], fint og hendig udstyrd, høveleg til aa bera i Lumma, lagom til Kyrkjebok. _ Unge Aar, Forteljingar av Jadarbuen (kr. 1.50), Lausøyre, fire Skissor av Paul Bergh. (Kr. 0.70). Me skal tala meir um desse Bøkene.