Ei sak set fraa tvo sidur.

”Kva er paa tids?” spurde hunden ein rikkutt katt, som sat og knurrad paa kjøkentrappi.

”Nok paatids”, sa katten og snudde hovudet til hin kanten. ”Kokkegjenta held jamt paa aa snakka um aa hengja meg. Eg ynskjer hjarteleg, at nokon skulde hengja henne.”

”Men kva er daa paatids?” spurde hunden uppatte.

”Hev ho ikkje sleget meg og kallat meg tjuv og trugat med aa drepa meg?”

”Jøssøs!” sa hunden. Men kva er daa skuld i alt dette?”

”Aa berre skire smaatteri – slet ingen ting. Hennar natur er so. Alle hine tenaranne klagar yver det. Eg undrast berre paa, at dei ikkje hev hengt henne for lengje sidan.”

”Aa nei, ser du”, sa hunden, ”det er ikkje so beint fram aa hengja slike kokkegjentur; det er mykje lettvintare aa hengja slike som deg og meg.”

”Ikkje ein mjølkedrope hev eg fenget idag”, sa katten; ”og so som det verkjer i sida mi!”

”Men kva kann vera grunnen?” spurde hunden.

”Hev eg ikkje sagt deg det?” sa katten sint. ” Det er so sinnelaget hennar – kva vondt hev eg ikkje lidet for det! Alt det, ho slær sundt, gjev ho meg skuldi for – og alt det, som vert stolet, skuldar ho paa meg. Det er ikkje til aa halda ut?”

Hunden vart harm paa katten sine vegner; men daa han var slik ein grublar, so spurde han, daa tyrste sinnet hadde lagt seg: ”Men var der ikkje eit kvart sers denne gongen?”

”Aa ho maatad til aa verta sint i dag, fordi eg – eg gjorde henne ørlite mein”, sa katten.

”Aa, ikkje noko aa snakka um. Det var berre eit lite mistak av meg”.

Hunden saag paa katten no med slik ei spyrjande mine, at han vart nøydd til aa segja: ”Eg kom til aa taka range morgomaten.”

”Aa!” sa hunden, og der gjekk eit ljos upp for honom.

”Du ser, saki var, sa katten, at eg heldt paa aa renna etter ei mus, og so slo eg ned eit matfat, og daa eg ikkje plent visste kva slag som i var, so lugtad eg paa det, og so var det slik god lugt og _ _”.

”Du aat det upp daa”, sa hunden.

”Ja eg trur eg hadde komet til aa gjort det, hadde ikkje den nasebikkja komet inn. Men daa laut eg leggja att hovudet.”

”Kva slags hovud?” spurde hunden.

”Det er svert kor nysgjerug du er”, sa katten.

”Nei, men det skulde vera gildt aa vita”, sa hunden.

”Jau det var ein fin fisk, som dei skulde ha til middags”, sa katten.

”Ja, sa hunden, seg kva du vil. Men no hev eg høyrt baae sidur, og daa undrast eg berre paa, at ho ikkje hengde deg.” (Vestman.)

_________