Ein svensk riksdagsmann

kom med forslag um, at kongen ved det norske riksstyre skulde koma med eit framlegg aat stortinge um, at heile den norske heren skulde kunne brukast innanfyr Sveriks grensur.

Det vilde vera eit brot mot den norske grunnloven detta, og ein fær vona at dei karanne som er so rædde for aa gjera ei liti umvøling med grunnloven, naar det gjeld um noko nyttig, helder ikkje vil vera med paa slikt som dette. – Det skal vera for aa halda ryssen ute fraa Sverik, heiter det; og so fekk det vera det same, um Norig samstundes laag opet for kven som vilde, berre ”vort kjære broderland var betrygget”. Ja ein får høyra mykje, fyrr øyra dett av. Dette Forslage vart likevæl for drjugt aat sjølve Svenskane.

N. K.