Kompromiss

elder prutings politikk er eit ugras, som tek til aa røta seg her tillands no.

Fyrste frøet var lagt ned i 84, daa Sverdrup tok styret. Heile store vinstreflokken var daa so glad, at dei saag ikkje att med aa gjeva prinsen 50,000 um aaret til dei 30,000 han hadde fyrr, naar dei for den betaling kunne faa Sverdrupstyret i stand.

Men det frøet hadde røter, som rokk djupt, og djupare et dei seg i politikken vaar noko med kvart no, ser det ut til. Oftedal vart kastet i Stavanger av det reine vinstre og høgre. Det var ein stor feil av dei reine der ned i Stavanger, at dei gjekk med paa slikt. No hemner det seg mang dubbelt. Det hadde voret tyngre for oftedølerne aa gjera samlag med høgre, um dei ”reine” i dette stykkje hadde voret reine.

Det skal vera so klokt aa fara med slik lirkepolitik, trur mange. Det er klokt aa slaa av paa ein kant for aa vinna meir paa ein annan, segjest der.

No, det kann og henda. Men røynsla lærer oss, at det oftaste er svert uklokt. Naar ein arbeider for ei sak: vil ein so gjerne tru saki betre enn ho verkeleg er. Vinningi er ikkje altid so stor, som ho ser ut til. Og naar so er, kann ein so lett paa den andre kant slaa meir av enn saki er verd. Det er ikkje so lett aa sjaa altid, kva slikt avslag kann føra med seg. Dei dreg jamnaste meir vondt etter seg, enn nokon trur.

Og er ei sak ikkje so pass, at ho kann vinna fram utan slike krokvegjer, so er det ikkje vert ho kjem fram. Hev ho ikkje fleirtal for seg, so hev ho helder ingen rett til aa gaa igjenom. Den retten fær ho fyrst, naar fleirtalet er vunnet.

Kva vinn ein so med slikt kompromisspolitikk? I lengdi vinn ein lite; men harm og mein kann ein faa nok av. Vil ein naa fram heilskinna er det best aa fara beinvegen. Altso ikkje kompromiss, helder tapa. Det kan retta seg. Men ein siger ved kompromiss kann draga fylgjer, som ein seint kan koma seg fraa.

(Vestmannen).