Kristianiaposten.

Det er ellest merkjelegt med dette bladet, at det sjeldan segjer noko, fyrr andre blad hev sagt noko fyre, som dei kan hengja seg paa elder herma etter, um det er oftedølsord.

Det kjem ikkje eit no., utan det hev fat i anten ”Dagbl.” elder ”Verdens Gang” og skuldar dei for aa fara med lygn elder annan fanteskap. Det sermerkte elder ”originale” ved bladet – som ved andre oftedølblad og oftedøler allfares – er nettup, at det so litet originalt inneheld. Dei vinglar millom tvo kantar og roter og grev med annan manns eigneluter, til dei er umskipa, so dei sjølv kann bruka dei og kalla dei sine eigne.

Lite er det dei gjer for norsken sin framgang dei ”norsklynde” bladi herinne au. Um Kr.posten vil eg no ikkje tala; Per Sivle hev no aldri vaagat aa taka inn stort paa Norsk, men ”Dagbladet” er ’kje stort betre. Tru Lars Holst vilde missta so mange tingarar, um han let vikeutgaava iminste delvis skrivast paa Norsk til dømes. Og um han misste nokre, er eg stød paa, han fekk likso mange igjen av maalmennom. Det var iminste aa venta, at han gjorde so mykje for ”sin ungdoms kjærlighed” som han so vent sa.* Nils Kjær.

___________

*) Dagbl. er likevæl eit av dei likare blada no til aa taka stykkje paa Norsk. (Bladst.)