Ministerandsvar.

Johan Sverdrup hev ”interessera seg varmt” for Kyrkjeraadsaki heilt fraa 1869. Det fyrste, han gjorde, daa han vart Minister, var aa bjoda Saki fram for Thinget. Ho skulde fram, om det so skulde vera hans sidste Stemmegivning, sa Mannen.

Saki rauk.

So vilde ein ærleg Mann lata Taburetten fara, men halda paa Saki.

Johan Sverdrup læt Saki fara, men held paa Taburetten, han.

*

Til aa dylja si parlamentariske Skam held Sverdurpstyret framfor seg eit Figenblad, som heiter ”Fællesansvar”.

Det vil segja, at naar Jakob syndar, so tek Johan Skuldi.

Ja, men so gjeng vel Johan daa?

Nei, han gjeng ikkje Johan helder.

*

Riksrettens Synd. Sverdrupsstyret liter paa Riksretten.

Selmer fornegtad Folkestyret og vart dømd; Sverdrup fornegter Folkestyret og –

Og kor ille dei fer, so kann det daa aldri gaa dei verre enn at dei vert dømde til feite gode Embætte med stor Løn og lite aa gjera.

Det var det, som var Riksrettens svære Synd. Dei dømde so mildt, at me rett som det er kann faa heile den Ugreida uppatt. Skam-mildt, urettferdig dømde dei Selmer og hans Menn.

b.