Ny-bygnader*

umsett fraa svensk av Ola Fet.

Ho Blanche Chapuis var kvendedoktar.

Ein ven vaardag tok ho inn i byen Guise, som ligg i departementet Aisne. Ho drog like dit, ho skulde, til det store jarnstøyperi hans Godin¹, stortingsmannen der i departementet. Dei fylgde ho upp paa romet sitt, so ho fekk flidd seg etter reisa. Sea skulde ho ned aa helsa paa den nye husbonden sin. I en liten bygnad tet attmed sjølve støyperiet hadde han arbeidsromet sitt denne i heile Frankrike mest namngjetne og godhjarta mannen. No stod ho Blanche paa trammen til den mannen som no hadde heile framtida hennar i si hand, og det var ikkje fritt for, uta ho var litt forfjamsa, der ho stod. Men daa ho kom inn, og fekk sjaa og tala med denne godelege mannen, som var so endefram og grei, daa vart ho ség sjølv att.

”Doktor Chapuis”, - tok han fatt, - ”eg kjender Dykk, men De kjender vel ikkje meg eller dei folka, som De no vil liva og ferdes imillom. Tru det ikkje difyr var best, at eg fortalde Dykk litt um dette vesle samfundet, fyst fyrr De tok paa Dykk noko her”.

”Jau,” gjerne det husbond, - svara ho Blanche.

”Eg er ikkje husbonden dykkar,” – svara den gamle, - for her er me alle husbønder her, skal eg segja Dykk, og De kjem au til aa verta det, plent som me andre, me er alle arbeids-husbønder.”

Han tok hatten og kjeppen sin og vart med gjesten sin ut.

”No lyt De fyst sjaa til aa faa eit lite snøgt umsyn af heile greida, av sjølve yta liksom,” – sa han, - ”Sjaa her til høgre hev me sjølve driv-verket, Støyperia. Bakanfyre der hev me samfundsslottet, tri firkanta, lange bygnader, som kann husa tvo tusen menneskje.”

”Ein av draumarne hans Fourier og hans Owen,” – sa ho Blanche.

”Ja ein fullgod, verkeleg draum! Ein av desse mange framfødde draumar, som dei gamle enno segjer ikkje er til. Liksom dei gjeng ifraa, at folkerette landimillom gjer all krig overlaus, endaa dei hev set Albamafloken utgreid. Det er bommen aat dei ubotferduge, den ravgalne logikken aat dei vrangviljuge. So kjem me til fostringshuset, der alle bonna vert uppalne; skuleroma; teatret; restaurationen, billard-romet; bok-romet, laugarhuset, løa, stalden, fjøset og hagarne. Det er eit heilt lite samfund ser De. Og dette samfundet er bygd paa arbeid. Er det ikkje so?”

”Jau, men arbeid uta medel?” – spurde ho Blanche.

”Ja daa; for arbeid uta medel kann skapa medel det, for paa den maaten er all medel komen upp fraa det fyste; men medel uta arbeid er ikkje noko tess. Dette hev eg no lært, men reint for seint. Far min fekk igang dette støyperiet og tente mange pengar paa det. Eg var ein erving. Eg la ivegen plent som han og vart ein stor riking. Eg hadde fengi mykje stats-arbeid, og i 60-aara skulde eg ha ferdug mykje byggnadsvyrkje til statsbanom. So la arbeidaranne upp arbeidet, og heile medelen min helt paa aa gaa i fløyten; for ein av tevlaranne mine tok folka ifraa meg. Der stod eg. Men daa saag eg, kor lite medelen dugde til aaleine, eg saag at arbeidet var det drivhjulet, som gav medeln magta si. I desse sutfulle dagar fekk eg syn for sannheita. No var eg paa vegen til aa bli fatikare enn nokon av arbeidaranne min; og eg tykte eg var ein tjuv. Desse maskiner og disse bygnader, som eg hadde ervt etter far min, dei hadde daa fedrarne aat desse arbeidarar træla i hop aat han. Kvifor skulde dei so ikkje alle saman og vera ervingar og eigarar av den medelen, dei sjølv hadde arbeidt upp?

No saag eg det, og so sende eg bod aat alle arbeidaranne, og so sa eg, at dei alle var luteigarar i støyperiet, det dei sjølv hadde bygt. Me laga ein verkeleg Association (samlag) og me hev blømt i tjuge aar no.”

”Naar De no segjer dette De, so tykkjer eg, at det er som det skal vera”, - sa ho Blanche, - ”plent som eg totte, at det gamle var det rette fyrr.”

”Ja,” – sa Godin, - ”soleis er det; og De ser difor kor væl det sanne maa vera innballa i mistak paa mistak, so det hev so vondt for aa koma fram. Men kom no med motlegga dykkar, so eg kann faa svara paa dei”.

”Ja for det fyste, so kann eg no ikkje skyna, at alle desse folka vil bu i eit hus, daa me veit at alt vaart stræv gjeng ut paa aa faa eit hus for oss sjølve.”

”Me gamle-folka arbeidde og støtt og stendugt paa aa faa noko for oss sjølve, heilt til me saag, kor veikt dette vaart eige var; korleis det som er mitt eige støtt ligg i strid med det som er andre folks eige; men korleis til sjuande og sist vaar samfellte eige er det traustaste”.

”Men tvangen daa?”

”Det fins ingen tvang. Her trengde me seks hundre hushald. Tenk Dykk seks hundre kjøkken, seks hundre raudkokte matmorer. Kor fælt mykje burtslost kraft vart ikkje det, mot no, daa me hev eit einaste digert kjøkken ihop. Dei, som vil ha selskap, hev den store etar-salen og dei som heller vil vera aaleine ét paa roma sine eigne. Paa denne maaten hev de kvenda løyst fraa matlagning. Og mest alle samen ét dei i salen, for eit liv paa tvomannshand vert kjeidsamt i lengda endaatil millom gifte Folk. Ja de hev endaa synt seg, at dei gifte gjeng i storsalen fyrr dei ugifte.”

”Men Bonna?”

”Bonna ja, den hardaste av alle nøterne hev me og knekt. Me hev fostringshuset”.

”Aa, men kva for ei mor vil vel ha bonna sine paa eit fostringshus?”

”Alle! Ja alle samen du. Høyr no. Naar me nemner fostringshuset, so maa de ikkje tru, at det liknar det fostringshus, som kommunen set upp, der foreldra ikkje meir fær bonna sine aa sjaa. Nei langt ifraa daa. Men her hev me istadenfor sekshundre bonnerom, berre eit einaste eit; men eit som og er som det skal vera, som støtt hev tilsyn og flust pass. Korleis var det fyrr?

Fyrr, segjer eg, plent som det gamle skulde vera slutt alt. Korleis hev dei fatike det inne i medel-staten? Bona sessast inne i eit lite kott aaleine, naar foreldra gjeng ute paa arbeid”. ”Ja men mora hev dei daa iminste um natta.”

”Ja plent som her, for kvart baanet hev tvo senger, ei i fostringshuset og ei hjaa mora. Men eg skal segja Dykk noko eg, som eg hev lagt merkje til: Morkjærleiken botnar tilslut i det eine, at ho er rædd for at baanet hennar skal lida vondt. Her hjaa oss, der ho ikkje tarv ottast for dette, her tykkjer eg at morkjærleiken liksom minkar, dersom han daa nokonsinn hev vori so fælt ovsterk, som dei skryt til. Det er ikkje mange, som tek bonna til seg um natta her. Og soleis er det løyst det vandaste av alle spursmaal.”

”Men huslyds-livet daa?”

”Fyrr – nodaa – der ute i gamle-verda, korleis er det med huslydslivet der? Vond luft heime av dei mange som bur i hop, og ureinslingt etter bonna. Mannen ligg ute paa sjappa. Men kva er ei sjapp. Er det eit stort fælt syndebol? Langtifraa; det er eit samlingsrom, der ein fær det rette selskapslaget, vert seg sjølv. Mannen er aldri fullglad paa eit slikt rom. Han veit, det er folk som ventar han heime, og so vert han kjeid og leid. Naa, dersom ein so tek kona med seg, som mange i det seinare gjer, so sit dei baae tvo og er ottesame for bonna, og so vert dei kjeide og leide. Men her hjaa oss, koss er det her? Um kvelden gjeng mannen og kona paa fyrelesing, teater eller kafé. Fyst spør dei kanskje i talarøyret, koss den vesle har det. Vantar det ingen ting, so kann dei tryggt gaa, og ha det huglegt og. Ellest er det vanlegt at mora gjeng burt og ser paa at bonnet hennar vert reiva og svævd.

”Men her hev me daa ei veile”, meinte Blanche.

”Syn meg kor ho er, so eg fær sjaa ho”, - sa Godin.

”Mora lesser byra si paa andre.”

”Ja det er sant; det er ei veile. For me hev enno ikkje naatt det fullferduge her; det er berre ei bot. Men likevel er det no ingen som tek paa seg denne byra, uta ho hev sers hug paa ho, og daa dette støtt er baanekjære folk, so vert den byra fælt lett aa bera.”

”Kven hev hug til aa passa baanet aat ei onnor?”

”Dei, som inge bonn hev sjølv, og som inge kann faa, dei plar støtt kasta elsken sin paa andre sine bonn. Og dei som fær gjera noko som dei tykkjer um, for dei plar dette vera lett. Men lat oss no koma attende aat Dykk sjølv. Trur De, at De kjem til aa trivast i dette samfundet? Ja, for i vaare dagar finst det nokre slike einstødinger som ikkje toler aa koma attaat andre; nervesjuke krek som fær vondt av andres naud. Dersom no De er ei slik ei, so vil De fyst verta reint motlaus. Men De kann ikkje vita um dette vil vara, for det er utrulegt, kor lett me maatar oss ette livet kringum oss.”

”Ja um det veit eg enno inkje, men det veit eg, at eg heile mitt liv igjenom hev vori buda til to menneskje, som støtt hev havt ein tankegang beint imot min, og difor kann eg ikkje tru anna, enn at eg skal koma til rettes med folk, som vil det same, som eg. Og her er daa ingen kaserne, ingen mur, ingen ihopstramming og ikkje noko reglement ad rette seg etter”.

”Ja lat oss so freiste daa, sa Godin. De gjeng altso inn i samfundet vaart som medlem; De fær inga løn; men De fær alt det, De vil ha av samfundet. De kann eta, kva de vil; drikka, kva De vil; klæda Dykk som De hev hug og hjartelag til; more Dykk etter hug og dug; ta dei bøker og instrumenter som De vil paa samfundet. Attaat dette er De assurera for all ulukke, sjukdom og alderdom. Soleis tarv De ikkje ottast for utkoma, so langt det stend i menneskjeleg magt daa. Men pengar fær De ikkje; for dei hev me avskaffa her, baade for det, at dei ikkje er den rette verdsetjaren, og for det at dei er so vonde aa passa paa.”

”Det er plent dette eg hev drøymt um” –svara Blanche, - for endaa so naudturveleg pengar er no, so hev eg støtt tykt, at dei hadde noko ureint og ustødt ved seg. Eg tek soleis imot tilbodet dykker og takkar til.”

Inkje aa takka for; for sjølv um De no vantar arbeid, so vantar me ein doktar, so det kann gaa upp i upp. Og det, De hev aa gjera er vel mest ikkje verd aa nemna, for det veit De; det er aa passa dei sjuke, og sjaa etter at dei friske ikkje vert sjuke. Inga rundgonge, inga fast ettesjaaing. Stutt sagt, De kann bera Dykk aat plent som De hev hjartelag til.

Og so gjeng eg min veg; meg fær De ikkje sjaa tiare, enn De sjølv vil. Farvæl.”

Der gjekk han ifraa ho ved inngangen aat arbeidarslottet.

 

__________

*) Ein stubb av boka hans Aug. Strindberg: Utopier i verklegheten.

1) Godin døyde her for ei tid sea.