Arbeidarmøte.

Juels Forslag til Pensjonskasse for alle Folkelag vart umhandla paa nokre Møte i Kristiania.

Juel innleidde og upplyste um, at det er umlag 48,000 her i Lande, som blir forsytte av andre, og til desse gjeng det umlag 1 Million Kr. umfram det, som Fatikkassa gjev. Me føder dei gamle no og Spursmaale er berre um aa føde dei paa beste Maaten. Etter hans Utrekning kunne ein Arbeidar som lae 12 Kr. um Aare, faa 2-700 Kr., naar han vart gamall. Men direkte Skatt laut det til og Arbeidaren maatte daa sleppe desse 40-50 Kr. um Aare, som han no betalar i Toll.

Jeppesen var ikkje heilt nøgd med noko Forslag um Pensjonskasse. Han nemnde fleire Maatar, som var paatenkte.

Soleis vilde sume, at ein fekk mana kvar Arbeidar til aa spara ihop, so han fekk kjøpe seg ei Livrente. Men dette var ikkje so greidt, um Arbeidaren ogso kunne ha noko aa spare, so vilde han helder tryggje seg paa andre Maatar, so han kunne ha noko aa leive Bonna sine ogso.

Det var eit dansk Forslag fraa Estrup um at Staten skulde hjelpe til med ei Pensjonskasse, i Fystninga laut han daa leggje til 83 %, men sea kunne Statstilskote minke. Men det vart dyrt paa denne Maaten ogso aa faa ei Folge paa 300 Kr., etter Utrekninga hans maatte ein leggje over 20 Kr. um Aare, um han byrja aa leggje alt fyrr Tjugeaarsalderen, og byrja ein fyst aa leggje, naar han var over 40 Aar, vart det umlag 200 Kr. Aare i Utlegg for Kar og væl so mykje for Kvende.

Eit tridje Forslag gjekk ut fraa, at det var eit Rettferdskrav, at Arbeidaren fekk Forsyting i Alderdomen. Arbeidet hans hadde Samfunde bruka, og det minste det kunne gjera var aa gjeva høveleg Rente for denne Kapitalen. Staten skulde daa koste noko, Komunen noko og Arbeidaren noko. Men dette vart slikt eit vondt Reknestykkje, at det var aa kalle umogeleg.

Eit fjorde Forslag gjekk ut paa, at Staten skulde gjeva alle Arbeidarar ein stigande Pensjon fraa dei var 30 Aar gamle. Men dette meinte Jeppesen ogso vilde bli ille, med di at dei eldre Arbeidarar, som fekk mest Statshjelp, daa vilde koma til aa tevle med dei yngre, som lite og inkje hadde, so Løna deira vart slegje ned.

Jeppesen trudde, at det berre var ein greid Maate til aa skipa Pensjonsstelle, nemleg at Samfunde ikkje gav Pengar, men Hus, Mat og Klæde aat Gamlingane, det ville ogso falle billigare. Endaa tenkte han, at det ikkje var so snøgt aa faa dette gjenomført, ein maatte lite seg med det ein kunne faa no med det fyste.

Tilslutt vedtok Møte, at det maa bli gjort noko ved denne Saka, so Arbeidaren slepp aa svelte i Alderdomen.