Daa II Statsraadar

vart sette under Tiltale for Embættesbrot, var, der eit Skrik som Verdi skulde forgaa. Og endaa var det Storthinget, som gjorde det.

No er der ein Skarve Amtmann, som set 21 Bønder under Tiltale for Embættsbrot, og no er der ingen, som skrik. Regjeringi finn ikkje ”Føie” til aa ”foretage” noko; Bonden i Kongens Raad segjer berre det, at ”der er Punkter” i denne Sak, som ikkje ”tiltaler” han, og Oftedalsbladi segjer: pytt, lat Bønderne faa Dom! hev dei reint Mjøl i Posen sin, so skil ikkje det dei noko! -

Og endaa skulde i dette frie land ein Bonde vera likso god for Loven som ein Statsraad. Kva segjer du um det Haugland? Du skulde daa liksom ha litt Vyrdrad for Bonden og, du.