Det er huglaust i Stortinge no.

Eg sat uppi Odelstinget tri Dagar i Rad, men det var lite morosamt.

Berre du ser nedi Salen paa desse Benkje-rekkjaran, blir du reint illt med. Late, syvjuge Andlit, som tykkjes hava sove seg fram til Stortingsbenken og som eingong imillom til Tidetrøyt og Hugnad for Veljarane gjev ifraa seg ein Talestubb til Krangel um ein Lovparagraf. Sume er so laga, som dei ikkje skulde tenkje paa anna enn aa ri seg, so dei ikkje kjem til aa narras burti noko og forgjera seg, slike som vik unda alle greide Forslag, og vil setje ut elder senda aat Regjeringa elder finn upp Millomforslag til aa døyve dei friskaste Tankar, og som alltid steller seg so, at dei kann ha eit ”Hensyn” til baade Per og Paal undagøymt, um Per elder Paal skulde koma og vera misnøgd med eit elder anna.

Det gamle djerve Vinstrepartie er som sopa burt; i Staden for den uppøvde Stridsheren hev me Oftedølskallane og desse Munntraavaran, dei reine, som ikkje orkar anna enn aa skravla um, at Jakobitan skulde ut or Regjeringa. So gjeng det nokre uta-um, sume er likare og sume er verre. Men sjølv dei likaste er som mergstolne, anten det no er Magta elder mengden som vantar, dei orkar no ikkje vekkje dei valne Tankar i Stortinge, kor som er.

Det er i Grunnen berre eit Parti i heile Stortinge, Høgrepartie. Men det er tri Slag i dette Høgrepartie: det gode Høgre, det daarlege Høgre (Oftedølenne) og det ureine Høgre (det ”reine” Vinstre).

Alle hev dei Høgregjerda, at dei duger ikkje til anna enn aa døyve og øyleggje alt,

som er nytt og stort og heilvakse. Det fins vist snaudt ein eniaste Tingmann, som hev eit ærlegt aa fullgreidt Vinstreprogram, som han torer vaage seg sjølv paa.

Dei blir ikkje Tingmenn dei, som hev fullgreidt Program, ja me er ikkje komne so langt, at me i det heile hev mange i Folket helder, som vil noko for fullt Aalvor. Det er berre det rette Høgre, som hev heilvaksne Karar. Vinstre er i Framslengsaara endaa alle saman.

Og det var ingen Faare, um det gamle Høgre hadde kome inn i Stiftsgarden att – han hev inga Ære av det Liestøl, at han sette seg sjølv i Vegen her.

Daa vilde Vinstre taka att paa Vokstren alt det dei hev lege i Nukken i dei siste Aara, dei vilde mognas og samlas um eit verkelegt Program paa ei lita Tid, so me kanskje kunne ha faatt eit greidt Stortingsval alt til Sumaren.

Sjølv um det rette Høgre vann ved Stortingsvala, so var det ikkje so stor Skade, som Folk tenkjer, for so fekk me tri Aar til aa vekse paa, og daa skulde du sjaa, at det kom eit Vinstre, som det var Mun i.

Kor som er Folk, hugse paa, at væl er Regjeringen vesal, men so er Stortinge mykje verre.

Det kan vera bra nok aa tala um mistillit mot Regjeringa, men fyst og fremst er det daa Stortinge det gjeld.

Rensk upp i Sumar, velje ikkje andre til Stortingsmenn enn dei, som hev greidt radikalt Program, og den fremste Post paa dette er Røysteret for alle. Ingen Mann brø De sende paa Tinge som ikkje er fullgod Arbeidar for denne Saka, for elles er han ingen Vinstremann, um han kallar seg det aldri so mykje sjølv.

Hugs paa, at det er berre tvo Ting, som duger her i Norig: aa vera Bakstrævar elder vera radikal.

Naar det er Strid, so er det dette, Striden gjeld.