Ein Stavangermann

er forargad yver Stykket mitt um ”Gamle Gudar.” Kann henda eg skreiv noko lettsindig um mine gode Stavangermenn og den Gongen; eg veit ikkje.

Men det er Bjørnson, Stavangermannen vil forsvara. Han hev skrivet baade langt og lærdt i Rogalands Folkeblad for aa verja denne sin gamle Gud; men no er det det, at der er ingen, som hev tekje paa denne Guden. -

Bjørnson er stor som Diktar, men endaa større som Agitator, sa eg, og det er sant. Bjørnson hev sagt det sjølv.

”Jeg leved mere end jeg sang.” segjer han.

”At være, hvor det netop gjaldt,

det var mig næsten meir end alt,

hvad ved min Pen blev fæstet,” segjer Bjørnson.

Og i denne Maaten liknar han Wergeland. Han kjem ikkje upp mot Wergeland som Diktar; berre les dei tvo ved Sida av kvarandre, so kjenner du det: Bjørnson er eit stort Fjell, men Wergeland, han er Storfjell. Men som Mann, som historisk Figur, som Agitator med eit Ord, er Bjørnson lik Wergeland, ja kanske endaa stærkare, med ein endaa ”tyngre Neve”. Han er Thor, som eg sa. Han hev som Wergeland vore den store Ufredsaand i Samfunde vaart og gjort endaa meir Gagn ved dette enn ved sine Bøker. Dersom han sluttar med aa vera Ufredsaand i Samfundet vaart og berre slær seg paa slikt, som han kann ta Applaus for i sjølve Stavanger, - so kann det nok henda, at han kann skriva nokre gode Bøker til; men eg gjev ikkje stort for det, som er att av Mannen lell daa eg; - det segjer eg beintfram.

_______

Stavangermannen, som er bljug og kallar seg berre N., er Kritikus. Han veit mykje meir enn eg, og mæler meg Skjeppa dugeleg full, dømer millom meg og Georg Brandes, liknar mi ”Studie” yver ei Bok av Ibsen ihop med B.s ”Hovedstrømninger i det nittende Aarhundredes Literatur.” og er i det heile svært til Kar. Eg vaagar ikkje aa ta det upp med han, eg. Ein Mann, som nemner Aalholm aa Monsen saman med moderne Romanskrivarar eller tenkjer seg, at Goethe kunde skriva ”noko i Smak av ”Det flager”” -; som sagt, eg gjeng berre or Vegen.

- Men om Bjørnson er no som fyrr aa segja, at han som Diktar er den store Skald. Ved ”Bjørnson som Diktar” tenkjer eg fyst og fremst paa mange av hans store Kvæde – Fedrelands-Songarne, Hymne til ”det evige Foraar”, Kvæde til store Menn -, og so tenkjer eg paa ”Det nye System” og ”Kongen”. Han maa ha ein Tanke, som han ”forkynner”, og dersom daa ikkje denne Tanken (som i ”En Hanske” og ”Det flager”) sprengjer Formi, vert det framifraa Verk, stor Kunst. Men det er med ”Kongen” og ”Systemet” som med Synnøve -: fælt godt, men ikkje det, som bryt Veger. Stavangermannen vil som fleire andre ha det vesle borgerlege Lystspil ”Nygifte” til aa vera Upphavet til vaar nyare norske realistiske Skodespel*); - aa nei. So lett og pent plar aldrig slikt bli født. Det var nok Sakførar Steensgaard, som tok fyrste Støyten; og han vart daa og utpipen av sjølve dei ”frisindede”. Bjørnson sjølv talad um, at slikt var ”Snigmord”; som ”Poesiens Offerlund” burde vera ”fredet for” o. s. fr. Sidan hev me naatt so langt som til ”Gjengangere” og ”Vildanden”; det er Ibsen som er fyre enno altso.

Ein moderne Roman kan me knapt nok segja me hev; den, som her naar høgst er Jonas Lie. Denne Mannen hev hellest sigla og køyrt sine eigne Veger all Tid, og er fælt trollvriden og ubein til aa faa inn i alle desse Rubrikar, - berre tenk paa ”Den Fremsynte” midt i verste Bjørnsons-Rusen, - so reint ny og seg sjølv. Sjøromanen hans var og noko fer seg sjølv, som ikkje er skikkeleg granska og ”rubricera”; i ”Adam Schrader” og ” Thomas Ross” tok han seg til aa vilde brote seg Veg paa ein ny Kant att, og han stemnde daa rett fram mot det, som sidan skulde koma; men han fekk ikkje Tak paa Tingen daa, og desse Bøkerne vart standande reint aaleine. Me kann altso ikkje rekna fraa dei, naar me talar um den literære Straumen, som braut upp med ”Novelletter” og ”Garman & Worse.” Heller ikkje kann me nemna ”Amtmannens Døtre.”

Men nettupp den kunde kanskje min Stavangerkritikus ha godt av aa merkja seg i ein annan Maate. Dersom han vilde likne ”Amtmannens Døtre” ihop med ”Synnøve Solbakken” f. Eks.! Synnøve Solbakken som strakst vart godkjend og strakst gamall att, - og so denne einslege, stilferduge Romanen, som Folk fann rar og ikkje brydde seg um, og som vart standande der aaleine og utan Virkning liksom, - men som sidan mange Aar etter, vart Mor til so mykje, mykje nytt, Mor f. Eks. til mangt av det, Ibsen hev skreve, og derigjenom til ein stor, moderne Diskussion! – Ja det er rart med det, min gode Stavangermann; der er Skilnad paa stort og stort!

Stavangermannen min nemner ikkje Synnøve; det maa eg undrast paa. Den plar daa alle fyst nemna. Og det med Rett; for det var det ”nyaste,” Bjørnson hev gjort nokon Gong. Men me ser det nok no alle: Synnøve var det, som dei hadde søkt i den Tid (den ”romantiske”), og som Bjørnson endeleg fann; ho var ikkje det, som skulde bli det nye for Framtidi; det nye, skal eg segja deg Kar, hev aldri slik lett Fødsel.

________

Og som det var med Synnøve, sa eg, so hev det vore med alt det andre og. Det store ved B. B. hev ikkje vore det, at han hev vore millom dei fremste i Tankevegen; som Fristatsmann t. D. hadde han baade Wergeland og Fjørtoft fyre seg (Stavangermannen min nevner endaa fleire), og daa han vart Fritenkjar, hadde Sars og Brandes og Fjørtoft (Stavangermannen nemner endaa fleire) arbeidt med dei Tankarne lengje. Nei, sa eg, det store, det geniale ved B. B. det er hans Gaavur som Folkehøvding. Som historisk Person, som Folkeførar, er han større enn som Bokmann. Altso, sa eg, - fram med B. B. no! Me treng ein slik Kar no! Just no treng me han, og just han treng me! – Slikt kallar Mannen min en ”bevidst eller ubevidst forsøgt Reduktion af Bjørnsons Fortjenester”.

Gud veit, kva det skulde vera godt for aa ”reducere Bjørnsons Fortjenester”. Men det er sunt, at kvar Mann fær sin Plass, ser De. Naar B. B. bryt inn i vaart Maalarbeid som ein Ukse i ein Aaker, eller naar han fer ikring og vil ”nedtorne” Ægteskapsdiskussionen med Snakk og Komediantkunster, so bør ikkje skikkelege Stavangermenn gaa og tru, at han gjer dette som den moderne Mann med dei nye Tankar; daa bør dei minnast, at B. B. ikkje hev det med aa vera moderne, at det, han fer med, er slikt, som var moderne (”nytt”) for tjuge Aar sidan; og det er det, eg no hev mint dei um. Dei hev ikkje vondt av det; han hev ikkje vondt av det, B. B. heller.

_________

I det praktiske Liv, i Politiken, der det ikkje gjeld um aa vera ny, men um aa forstaa det, som er uppe i Dag, der blir Bjørnson sterkare enn alle andre, og der vilde eg gjerne sjaa han no. I denne lumre Luft vilde det gjera godt, um eit sterkt Ord vart sagt, og millom alle vaare Oftedøler og Halvmenn vilde det vera forløysande aa sjaa ”Erkebispen i Trondhjem” breid og veldig, uræd som Thor, stiga fram for Folket og segja digre Sanningar.

- Men eg ser ikkje noko til han.

Arne Garborg.

”Rogalands Folkeblad” fær ta upp dette og.

__________

*) Ein moderne Forfattar kunde ikkje skriva sliktnoko som ”De Nygifte.” Han vilde koma til aa tenkja paa – Barnet.