Maalskularne.

Daa eg las fyrste stykkjet i V. G. for 4de april, vart eg so hugleid, at eg mest kom paa graaten, endaa eg er fullvaksen kar.

At denne spottande og speande preika mot maalstrævaranne stod aa lesa i V. G., gjorde meg ikkje so mykje. Det bladet hev sviktat i so manga saker no frametter, at eg snaudt tek det i hand utan aa venta meg noko av kvart.

Men etter ”maalet” og ”tonen” aa døma kunde eg ikkje tru anna, enn stykket kom fraa Bjørnson. Og det var det, som gjorde meg so vondt.

Det hev vistnok voret ymtat um, at Bjørnson og eit par andre vilde slaa seg saman for aa tyna maalsaki; men eg hev i det lengste lagt augo til.

Eg kunde ikkje tru, det var aalvoret hans Bjørnson.

Det var songarne hans, som tendrad den fyrste elden i meg for fedreland og fridom. Og det var just denne elden, som fraa tidlegaste ungdomen lærde meg aa elska maalsaki som den største og beste sak, ein bondegut kann strida for – og at det aa stilla seg i maalmannsflokken plent var aa fylgja krigsropet, som lyder paa ”fædrenemaal” for ”norskhed”.

No ser me, det er annleis. Hans vegjer er ikkje lenger vaare vegjer. Der ikkje raad med det. Det er aalvor; han vil tyna maalsaki.

Ja han vil, og han blæs herblaaster paa sin vanlege maate. Men det tykkjest meg aa draga ut, fyrr han retteleg slær til. Etter dei mange sneidord og tergjande talemaatar, han ender og daa hev slengt ut, kunde ein alt ha ventat hovudslaget.

For han trur daa vel ikkje, det er nok aa slaa til ljod, og meiner aa faa umvendt oss utan grunnar, berre av di det er han, som ropar stopp?

- Naar han i siste stykkjet segjer:

”Maalskularne utretter ikke engang saa meget, at Lærerne lærer Maalet. Der skal nemlig meget mer end 3 Maanader til’” –

so er det noko, som eg vill svara paa, daa eg er ein av dei lærarar, som hev voret paa maaalskule. For det han der segjer, er likso stor ei sanning, som det er sagt med store ord.

Det var i 86, eg var paa maalskulen i Kr.sand – ikkje i 3 maanader, men snaude 5 vikur. Fleire av oss hadde ikkje sett pen paa paper fyrr for aa skriva ”maal”, Men likevel vart dei siste stilarne so gode, at læraren sa, nokre av dei var verde aa trykkjast.

Hausten etter skreiv eg ei soga, som vart utgjevi bland ”Smaastubbar av Mons-Litleré. Ein bokdomar som klandrar soga, sa likevel, at den var ”tilsprang, som heiltupp var framifraa.” Ikkje eit vondt ord um maale i henne. Ei tid etter skreiv eg eit kjellarstykkje i eit litet blad. Og bladstyret sa i ein strid med ein innsendar um innhaldet, at noko av det ”var fuld kunst.”

Dette kan sjaa ut, som eg vilde skrøyta av meg sjølv. Men den som vil skynar, at det er sagt for aa syna, at ”lærerne lærer maalet” paa maalskularne. – Der er mange, som kunde prova det same som eg.

Bjørnson forstend ikkje, at det for oss landsfødde berre er aa læra rettskrivningi; maalet hev me sjølv. Han kjem helder aldri til aa skyna det, - dertil er han for gamal.

Han er uppfødd i det, som han kallar ”fællesmaalet.” Og sidan det hev gjenget ”naturleg” for han – og den luten av landslyden, som han høyrer til, aa arbeida seg fraa talespraaket inn i ”fællesmaalets” aandsliv – so skal det vera slik for alle, Dermed punktum.

Men no er det ikkje so .

Slik er mi soga – og eg veit, ho er so for mange-:

Ved aa baska 6-7 aar paa skulen med ”fællesmaalet” vart eg førd so ”naturleg” fram, at eg ikkje eingong kom inn um dørstokken til aandslivet. Fraa den høgare aalmugskule kom eg paa seminaret – og sat ved ”optagelsen” og sveitte yver ein upplesen stubb og fekk han ikkje til noko helder. Etter tvo aars møda og stræv gjekk eg ut derifraa med godt – 3- for dugleik i ”fællesmaalet.”

Det er det arbeidet, som ikkje ”leder ind i ett tomt rum” men ”fører oss naturleg inn i vort folks aandsliv”!

Lyngdal 11te april 88.

S.