Norig for Nermennerne.

Thinge hev vedtekje ein Lov no, at berre ”norske og Svenske Statsborgere”, kann kjøpa fast Eigedom her i Norig utan aa søkja um lov til det.

Andre Folk kan Landsstyre stengja ute; men ”norske og svenske Statsborgere” kann kjøpa so mykje Jord i Norig som dei vil.

Me kan paa den Maaten maklegt tapa Landet vaart utan at me veit av det eingong. Det sig Svenskar inn i lande jamt og samt; dei kjem som Tenarar og Veitegravarar, men ender som Gardeigarar, og naar dei hev butt so lengje som fem Aar i Landet, so hev dei Røysterett, og so kann me ein god dag ha eit Thing av Svenskar og Heimesvenskar, som gladeleg legg Norig inn under Sverig.

Ja, det er svært mykje Svenske i Smaaleni og Akershus og uppetter der.

Eg vil kje ’tale um i Kristiania, der snart trediekvar Mann er svensk; - det er Svenskar, som vartar det upp paa Matsalarne, Svenskar, som rakar ditt Skjegg, Svenskar, som saumar dine Klæder og Sko, og Svenskar, som docerar Filosofi for deg paa universitetet; - du kann ikkje snu deg utan aa raaka paa Svenskar; og daa Svenskarne for det meste er arbeidsame og sparsame Folk, so arbeider dei seg upp, med Nordmennerne arbeider seg ned, og Svensken kjøper Garden eller yvertek Verkstaden, naar Nordmannen lyt drage til Amerika.

Etter kvart skal du sjaa, at Svensken sig inn yver alt Landet paa same Maaten. Det er mangestader, at han berre kann koma og ta Gardar, som Nordmennerne hev reist ifraa; Nordmannen kan ikkje leva der; skal Nordmannen leva smaatt, so maa det vera i Amerika, der ingen kjenner han; men Svensken kann leva smaatt her og han, og so blir det han, som tek ”Arven.”

No vil Nasjonalkalden vaar – og det nasjonale ”V. G.” -, at den norske Stat skal halda Skule serskilt for dei, som vil draga ifraa Norig, so det kann vera so mykje dess lettare for dei aa koma avstad. So kjem Svensken sigande endaa tettare.

Moursund var den einaste, som klunka litegrand paa denne Strengen i Thinge. Han kom med eit Forslag um, at ”Indrømmelsen overfor svenske Borgere kun skulde gjælde, saa længe der var fuld Gjensidighed mellem Landene.”

Det var eit halvt og kleint Forslag. Liksom det skulde hjelpa mot Samrøring, at Nordmenn fekk likso lett for aa gjera Svenskar av seg, som Svenskarne hev for aa bli Nordmenn! – Men ikkje eingong dette Forslaget torde dei andre vera med paa. Det er slike Karar, me hev sitjande der inne til aa verja vaart Land!

- Ja – ja.

Me fær segja som sant er, at er me Nordmenn slike Krek, at me læt oss eta ut av vaart

eige Land, so fortener me, at Svensken ein god dag tek Landet fraa oss utan Sverdslag. Kva skal me sitja med eit vakkert godt Land etter, naar me ikkje kann bruka det! – Nei, læra Engelsk, som B. B. vil, og so drage til Amerika og grava Grøfter for Yankeen!

b.