Spara.

(Arne Garborg.)

 

I. Kongeløni.

Karl Johan og Oskar I hadde 256,000 Kr. um Aaret. Karl IV, som livde flott og altid

var i Pengenaud, fekk eit ”personlegt Tillegg” av 80,000 Kr. aarleg; dette personlege Tillegget, som han altso fekk, fordi han livde flott – det var nok rart, mangt av det, Pengarne vaare gjekk til! – er sidan gjengne yver paa Bror hans, Oskar II, som ikkje liver so flott, men som skal ha des betre Næringsvet.

80,000 Kronur um Aaret er mange Pengar for eit lite Land. Paa berre ti Aar veks Summen med Rentur til ein Million, og paa tjuge Aar blir det so mykje, at det kunde vera Grunnlag for ein aalmenn folkeleg Pensjonskasse.

Eit Par Gonger hev gode Menn prøvt aa faa desse 80,000 Kr. sparde.

Kongen hev ikkje Naud paa dei. Bernadottehuse er pengekjært, men det er rikt og. Ein Mann, som fyrr i Verdi var svært radikal, og som talad um ”Staak i Stockholm”, um aa hengja den siste Konge i Tarmane aat den siste Prest, um kor lite det nyttad aa døma dei 11, naar den 12te gjekk uskadd att inn i Stockholm (aa, tak det med Ro, Berner! me sat fire Mann i Statsrevisjonen og høyrde paa slikt so mang ein Gong), - men som no er halv Høgremann og ikkje vil vere med paa aa knipa paa Kongeløni, - denne Mannen fortalde meg eingong, at Bernadottarne var av ei fransk Jødeætt, og visst er det, at ”Heltekongen” forstod aa grava til seg; Bernadottehuse eig privat mange Millionar Kronur. Naar so Kongen dessutan fær store Pengar aarleg av Sverig, og ein so endeleg leet han faa 256,000 Kr. um Aare av Norig (umframt dei 80,000 Kr., som gjeng til Kronprinsen, o. m.), so skulde Sonesonssonen av den franske Smaaby-Sakføraren vera berga og væl berga. Han skulde vera berga og væl berga med mykje mindre og.

Men dei 114 Mann, som det norske Folk hev valt for aa passa Landsens Saker, dei hev ikkje Mod paa aa spara desse 80,000 Kr. um Aaret. Dei gjev burt desse 80,000 Kr. for ingenting, Aar etter Aar; legg Toll paa Tobakk og Brennevin, ”tek den fatige Manns siste Skilling,” som Joh. Sverdrup sa um dette i 1869, men læt dei 80,000 Kr. rulla, so gladeleg, so gladeleg; Lande er rikt! – Inga Nau, so lengje Arbeidsmannen drikk Brennevin.

Til Aaklæ til aa breida yver Modløysa si – eller kva me skal kalle det -, hev dei funne paa, at Thinge ikkje skulde ha Rett til aa forandra Kongeløni utan kvar Gong der er Thronskifte.

For det fyrste stend dette ingenstad skreve.

Og for det andre set dei ikkje Kongeløni ned, naar der er Thronskifte heller.

__________

Fær no sjaa, naar Oskar II eingong gjeng til sine Fedrar, og me fær att denne her, som skriv seg ”Gustaf” paa norske Brev, og som vel i si Tid skal kalle seg ”Gustaf den femte” – liksom Carl kallad seg den femtande, til eit Vitnemaal um, at Norig skal gjelda for aa ha høyrt dei svenske Kongarne til æveleg; fær no sjaa, naar ”Gustaf” den ”femte” stig upp paa Sankt Olavs Kongestol! – fær sjaa, um dei daa kniper inn Kongeløni?

Aa nei. Naar det kjem ein ny Konge, so skal dei just visa seg rause paa Haand. Naar den nye Kongen kjem, so er der ”Fest i Landet.” Ingen kann tenkja paa Pengar og Kniping daa. Nei, daa tek me Spanderbuska paa oss for Aalvor daa. Daa bevilgar me baade Løner og Tillegg, alt, dei vil ha, og mange tusund til Festar og Champagne attpaa. Hei! rike Jon Gynt holder Gilde, Hurra for den gyntske Ætt! – Me berre legg litt meir Toll paa Tobakk og Brennevin.

__________

Dei fleste av oss ynskjer, at Norig var Republikk.

Tenk um so var.

Kva vilde me so gje Præsidenten vaar tru? 20,000 Kronur? eller 50,000? lat gaa. Meir vart det ikkje.

Til Kongen og det kongelege Hus betalar me no med eit rundt Tal 400,000 Kr. Aaret. Altso 350,000 Kr. aarleg meir enn me kunde sleppa med, dersom me hadde det Styre, me helst kunde ynskja.

Eller med eit rundt Tal – lat oss heller segja for lite enn for mykje – 300,000 Kr. aarleg kasta ende paa Sjøen.

Det er um tie Aar 3 Millionar; med Rentur til blir det endaa meir.

Kongen gjer ikkje meir nytte enn ein Præsident. Derimot gjer han meir Skade, av di han er ein framand i Lande, og av di han hev sine ”dynastiske Interesser” aa passa, som ikkje altid er dei same som Norigs Interesser. Heile den lange vonde Vetostriden var hans Verk; og det, at ned eine etter den andre av vaare politiske Stormenn ryk paa Enden, det er og hans Verk; i det heile fylgjer det mykje vondt med dette framande Kongevelde.

Altso: meir Nytte enn ein Præsident kann iallfall ikkje Kongen gjera.

Kvi skal han so ha 400,000 Kronur um Aaret, naar Præsidenten vilde hjelpa seg med 50,000?

- For Æra Skuld, segjer dei.

Jaso. Er det Ære det, aa bli snytt for 300,000 Kr. um Aare?

Kanskje det var Ære i gamle Dagar. Me kallar det noko anna, me. Dumheit, kallar me det. Fatigfornemt kallar me det Eller Armod og Hovmod. Det er Fatigmannen, som gjev Uppvartaren 5 Kr. i Drikkepengar, for at dei skal tru, han er rik; men i Løyndo svelt han, og Armodi tyt fram allestader paa han, fraa Lurvehatten til dei skeive sprukne Styvlarne.

Aa nei, lat oss ikkje innbilla oss noko. Folk veit godt, kor rike me er, og um me gav Kongen ein Million, so fekk me ikkje meir Kreditt i Utlande for det, - heller mindre.

-Dei hev eit sterkt Samvit, desse 114 Mann, som aars aarleg læt 400,000 Kronur rulla, naar 50,000 Kronur kunde vera rundeleg nok; - eit utruleg sterkt Samvit!

Eller um det er noko anna kanskje -? Um det kunde vera det, kanskje, at dei skjelv i Knei og tenkjer paa Svensken -??

_________

Ein Gong i Verdi, um inkje so svært lengje, fær me eit Thing, som hev anna Slags Fristatsmenn enn H. E. Berner og anna Slags Sparemenn enn Søren Jaabæk, og anna Slags Hærmenn enn Skinnfellpolitikeren Jakobsen. Daa vil der bli høyt eit Ord som so -:

”Gode svenske Grannar, no vil Norig vera Republikk. Me maa altso gjera um Riksakti. For um de ikkje hev noko imot det, so vil me ha Forsvarssamlag med dykk like godt; me vil berre ikkje lenger ha Konge, daa det blir oss for dyrt.” -

Og der vil bli høyrt eit Ord som so

”Herre Konge! Norig vil vera Rpublikk. Dersom De gjeng av som Konge, so gjer De ei god og stor Gjerning; men dersom De ikkje vil gaa av, so maa De vita, at til Rikshøvdingen betalar Norig etter denne Dag ikkje meir enn 50,000 Kr. um Aaret.” -

Undrast paa, kva ”Gustaf den femte” vilde segja til det.

Vart han sitjande, so fekk dei næste Aar slaa Kongeløni ned til Null, og so fekk han sitja og vera Konge ”for Æra Skuld,” – um han endeleg vilde.