Sparefolk.

Det er sendt Stortinge Forslag um, at Løna for Statsministar skal setjast ned til 12000 Kr. og for Statsraad til 8000 Kr. fraa fyste Gongen det kjem nokon ny Mann inn.

Taffelpengane skal setjas ned til 8000 Kr. aat kvar av Minsitrane for næste Aar. Tillegge aat Statsraadane i Stockholm skal dragas inn. Løna aat Statsrevisorane skal setjast ned fraa 3400 til 2400.

Dette Forslag er underskrive av Bentsen, Rinde, I. Løvland, Ullmann, Sveinsson, Sæter, Glestad, Wist, Blekastad, Sørensen, Fløjstad, O. Løvland, Goverud, Olsen, Mustad, Akre, Juel, Wold, Saakvitne, Langeland, O. Nilssen, Dieseth, Staff, Fjermstad og Furulund.