Arctander,

Statsraaden var, hev vorte ein ”dygtig” Mann i Dagblade no att.

Ille, at me saag so lite til den Dugleiken, daa han sat i Regjeringi! Var det stort anna enn denne Hermansen-greia, som gjorde Namne hans kjent? Ja og so kanskje Nederlage hans i Dampskipssaki?

”Parlamentarismen” hans skal me ikkje tala um. Lat oss minnast det, at korkje han eller Astrup eller Kildal gjekk, daa dei skulde gaa; dei sat og tenkte paa Tingen eit halvt Aars Tid, leet so til slutt Kongen personleg avgjera Saki. Og deretter vart dei rolegt sitjande, tildes dei vart sparka ut.

Ingen Stas for slike ”Parlamentarikere”!

- Men ikkje for det: Thingmenn kann dei kanskje bli. Styre kunde dei ikkje; men opponera -?