Brennevinstollen

skal skaffe Mynt i Statskassa, sa Ottedags-Statsraad Olsen.

Brennevinstollen skal hindre Folk i aa drikke, sa Statsminister Sverdrup. Hossen høver no det ihop? Dersom Folk ikkje drikk, kjem der ikkje Mynt i Statskassa, um dei sette aldri so høg Toll; - skal der bli Mynt, so maa Folk drikka. Kven skal me tru? Olsen eller Sverdrup? Og kven skal me fylgja? Skal me fylgja Olsen og drikka Brennevin? Eller skal me fylgja Sverdrup og snyta Statskassa?

- Denne Gongen vil Fedraheimen fylgja gamle Sverdrup.