Fær me ei Høgreregjering,

so kjem der Mod og Manndom i Thinge att; for opponera kann dei.

 Med ei ”Venstreregjering” kjem Thinge ingen Veg; det berre klovnar sund i Smaaflokkar og gjeng og vinglar styreslaust. Alle dei smaae Statsraadsemni trutnar upp og gjer Vind, og det er berre Korridorpolitikkerar som Jakob Sverdrup, som trivst og vert feite.

Nei, enno kann me ikkje styra oss sjølv. Skal me fram, so maa det vera nokon som dreg oss i Bakfoten; ei Bakstrævar-Regjering – ei heil, ærleg Bakstrævar-Regjering – er nok det beste me enno kann faa.

Det einaste gode, Sverdrups Regjering hev fengje utført, var slikt, som Vinstre hadde stridt fram i dei store Ufredsaari. Daa fekk dei det fram! Men kva er her gjort sidan?

Femtan kongelege Kommissionar er her gjort, aldri det Grand anna.

b.