Folk hev imot det,

eg skreiv um Berner her sist, at han hev sagt det og det i Statsrevisjonen; slikt er privat, segjer dei, og skal ikkje i Avisa.

Nei, det som er privat, skal ikkje i Avisa.

Men no tek Moralen til aa bli so streng i denne Verdi, at naar det er ein offentleg Mann, so krev me, at der skal vera Samanheng i han, so at han ikkje er ein privat og ein annan som Thingmann eller Riksstellar. Han skal ikkje privat gaa og flagga med radikale Idear og so fornegta dei og forraada dei offentleg; me hev nok av det; og for aa faa Slutt paa det, so blir me nok nøydde til aa statuere Eksempler.

Berner er den verste, eg kjenner, til aa gaa slik og vera tvo. Alle sine Dagar hev han havt det med det; det var Fjørtoft, som sette i Avisa det um ”Staak i Stockholm,” som Morgenbladet sidan hev erta han so tidt med, Berner var altso den, som stod meg nærmast, naar eg vilde ”statuere eit Eksempel”; og er der andre, som kjenner andre slike Karar, so kom med dei! Me maa ha Slutt paa slikt no; det minste me kann krevja av ein offentleg Mann, er, at han heng ihop med seg sjølv.

Arne Garborg.