Fraa Stavanger.

Gode Fedraheim!

Kvar Gong, Postkaren kjem stikkande inn til meg med Fedraheimen, fær eg meg alltid ei hugnadleg Stund etterpaa. For du er daa det greidaste Bladet, me hev i Landet.

Difor hev det tergat meg so mykje aa sjaa, kor lite Folk paa desse Kantar av Landet – den presteridne Landsluten, dei kallar, - bryd seg um deg. Likesæla er stor her maata, naar det ikkje plent er noko, som vedkjem Oftedal. Daa er dei med – anten for eller mot.

Ja mot og. Dei tek til aa vakna Folk no. Dei er ikkje lenger so viljuge til aa laga seg etter Oftedalen som i gamle Dagar – eg minnest berre i Ungdomen min; det var fælt daa – og heller ikkje er dei ferduge til aa gjeva Pengarne sine burt til alt, han finn, han hev Bruk for dei til. Han hev naatt Toppunktet sitt og held no paa glida nedyver andre Sida.

Og som det gjeng med sjølve Oftedal, gjeng det og med alle desse Lægpreikaranne hans. Folk tek til verta leide desse Matprestarne – i gamle Dagar hadde dei ikkje Løn; det hev dei no -, som freistar halda Folk nede i Dogmatikk og Faakunna plent som andre Prestar.

* * *

Eg skal berre taka eit lite Døme. For tri Vikur sidan foor eg med Dampskib fraa Haugesund til Stavanger. Umbord var det ei mengd Fiskarfolk, som drog heim fraa Fisket. Ein Lægpreikar var og komen med. Han tok til vilde halda ”Opbyggelse”, men det vart det inkje av. Den eine Fiskaren etter den anden gav seg i Ordkast med han, og kritiserad han sterkt fyre, at han ikkje tok seg noko nyttelegare fyre. Mange raamande Motlegg mot Prestepolitikken – det er ikkje berre dei lærde Prestarne, som fer med den; dei tek etter dei hine og – kom fram, um det sjølvsagt ogso vart sagt eit og anna, som burde voret usagt. Eg totte, det var rart sitja lyda paa dette, og eg maatte segja med meg sjølv, at sovore hadde voret umogelegt ein 6-8 Aar sidan.

Eit endeframt og greidt Gudsord er det gildt aa faa høyra, og eg hev ofta havt godt av det. Men det er sjeldan, ein fær Høve til det. Som oftast er det aandlaust og livlaust, sammengt med Skræmslur um Helvite og alt det styggaste, som tenkjast kann. Dertil kjem at mange av desse Preikaranne er fælt uvitande og raae.

Eg var ein Gong paa eit Møte, der det vart ordskiftat um Kyrkjeraad. Nokre Prestar var ogso med. Ordskiftet vart kvast millom dei høgkjyrkjelege Prestarne og det ”kristelige Lægfolk”. Prestarne var mot Kyrkjeraadet i den Tidi; no hev dei, som me veit, fenget ei onnor Meining. Ein av dei gjævaste Lægpreikaranne kom daa fram med noko av den raaaste Nedrakning paa Prestarne, eg nokotid hev høyrt. ”Prestarne”, sagde han, ”er liksom Reven. Naar han hev funnet seg ut eit Offer, legg han seg bak Trestubbar ell. likn. til han ser seg Kans til aa springa til og setja Kløerne i det. Soleis er Prestarne”.

Den Mannen, som sagde dette, hev i fleire Aar voret halden for ein framifraa Mann til aa tolka Guds Ord. Det er mest utrulegt; men sant. No i det siste hev han tapt seg meir og meir.

Det finst sjølvsagt vyrdande Lægpreikarar iblant; men Fleirtale er Folk, som aldri burde stadet paa ein Talarstol.

* * *

Aaja, det vilde verta gildt her paa Vestlandet og, um Folk tok til tru mindre paa desse umfarande Preikaranne og heldt seg meir til Guds eiget Ord. Dei renner somykje paa Forsamlingar og Bønemtøe, at Bibelen vert reint burtgløymd han, og difor er det so mykje Faakunna hjaa dei. Bibelen er greid han, naar berre Folk vil taka han som han er og ikkje fara etter desse forvrengde Preikaranne, som lite veit anna enn skræma Folk.

Det vilde vera godt, um ein kunne faa Ende paa dette Ustellet. Det hev ei fæl Magt yver Folk og gjer dei udugande til aa liva her i Verdi. Det kann ikkje Tvil vera um, trur eg, at Stavanger hadde stadet seg mykje betre i Pengevegen enn det gjer, um der hadde voret mindre Renning etter desse Preikaranne. I Bergen er Folk mykje friskare. Det vil vara lenge fyrr det vert noko sundt, friskt Folkeliv her – er det nasjonale skal ein aldri tala um. Folk, som hev stridt noko for den nasjonalaste Saki, me hev, lær berre, naar Oftedølerne skrik paa, at dei er nasjonale. Det er det siste, dei kann verta. Naar Stavanger eingong kjem solangt, at det vert nasjonalt ja, daa er det slutt med Kaninveldet. Det kann me væra støde paa.

Oftedal er ikkje den einaste, som hev spekulert i Faakunna og Age for alt, som Kristendom heiter. C. B. Svendsen, ein av dei største Fyrstarne, Stavanger hev havt, spekulerte i det same. Dreiv Storhandel med Mjøl, Kaffi o. s. fr. og for aa dra Folk til seg, foor han ikring og preikad. Han spelad upp nokre Dage sidan, og det, som daa kom upp, var so fælt, at eg ikkje vil taka det upp her.

Sovore hev Stavanger havt mykje av, og det vert aldri noko av Byen, fyrr det fær ein Ende. At dei, som sit uppi det, likar seg, kann ein vita, og gubære den, som vaagar syna, kva Folk dei er. Det var nok noko heilt anna enn Kristendomen, Oftedal vilde berga, daa han i Tinget strævad so hardt for, at Kjelland inkje Diktarløn skulde faa. Det var nok Presten, han var rædd for, Presten, han, som aldri fær nok korkje Pengar elder Vyrdnad, han med det tjukke Skinnet, ”som kann vara lengje”.

___________

Det er gledelaust i Stavanger, fælt so gledelaust. Eit gildt teater vart bygt upp nokre Aar sidan; men det hev voret so laakt med det, at det endaa hev voret paa Tale aa gjera det til eit Bedehus det og.

Dette var sjølvsagt ei Skrøne. Men det, som er sant, er at det verkeleg ei Tid vart funderat mykje paa aa faa det til – Museum. Til all Lukke er det no skipat eit Samlag, som vil og som vonleg kjem til berga det. Vonleg, segjer eg, for det kann henda, at det ikkje gjeng det helder. Folk er rædde og tor inkje gjera, utan Oftedal er med paa det. Dei maa halda seg til Vens med Presten for aa kunne liva, maavita.

I Fyrstningi av Oftedalsridi var det nokre Folk, som stod mot han og arbeidde mot han alt, dei orkad. Det var Gamalkaranne, Prestar og Rikfolk, som tok til ræddast for, dei skulde missa Magti si, den gamle Intelligensen, som livde paa Oelenchläger, Pall-Müller og Welhaven, og som ikkje likad denne nya Røra og alt dette Braaket, som fylgde med Oftedal. Det var desse Folki, som altid skrik upp, naar det kjem noko nytt; men som ikkje sjølv eig so stor aandeleg Magt, at dei kann stengja det ute. Det var, stuttsagt Storfolket, som berre karad for seg sjølve, medan dei hadde Magti, og som flestalle Folk difor ikkje stod i Samband med.

Desse Folk hev lengje sidan gjevet Striden upp. Solengje dei trudde, Oftedal var ein Kar, som vilde øsa Folket upp mot dei – det saag so ut ei Tid -, stridde dei mest dei vann; men etter kvart som dei hev fenget set, at det berre var Presten, som vilde fram til Magti, og at dei inkje hadde aa ræddast for, naar han fyrst kom upp, daa dei saag, at det var same Naturen i han som i dei sjølve, gav dei Striden upp. Dei hev funnet kvarandre, og no stend dei broderleg saman mot alle dei, som finn, at Verdi enno ikkje er komi solangt som ho kann koma, og som difor vil lenger fram. Dei hev sitt paa det turre; skam skulde so bry seg um andre. Det gjeld berre aa halda dei andre nede.

* * *

Og difor er det store, det avgjerande Spursmaalet for Stavanger dette, um ”dei andre”, Smaafolket, vil finna seg i dette. Hev ein greidt Svar paa det, veit ein ogso, kor det vil gaa med Stavanger.

Arbeidarsaki, maa fram her og, skal det verta likare. Arbeidaranne maa læra aa skyna, at Folket sjølv er Herre yver Lagnaden sin her i Verdi, og at dei kann faa det betre, soframt dei berre vil. Det maa dei læra aa skyna.

Rektor Steen hev i det siste stelt seg greitt paa Tinget. Aalmenn røysterett hev ein varm Talsmann i han, og den Stillingi han hev teket i Tollspursmaalet syner, at han bryd seg um Smaafolket meir enn flest alle andre Tingmenner. Han hev gjenget framyver like fullt han, um Stiftsgardsfolket legg seg i Hi og suger paa labben, desse ”arbeidarvenlege” Statsreddaranne, som, naar Smaafolket kjem og krev, dei skal halda det, dei lovad fyre 1884: letta paa den tunge Brydi, ikkje hev anna aa bjoda Folk enn Kyrkjeraad og Politimagt yver Bøker, som talar Smaafolks Sak! Steen hev meint det aalvorlegt med Lovnaden sin, han, og naar han no vil ha Regjeringi til aa gjera det same, so lær berre gamle Sverdrup og han Jakob. Dei lær; men Smaafolket fraa Nordkap til Lindesnæs vil forstaa Laatten, og dei vil forbanna dei, som sveik dei so stygt.

* * *

Eit Vinstrelag er skipat her no. Aalmenn Røysterett er fyrste Saki, det skal arbeida for. Prestepartiet vil sjølvsagt ikkje vita av dette Kravet, og fraa Stiftsgarden kjem det ikkje anna enn Bakstræv no. Paa Litlestrømsmøtet i 1882 hadde Johan Sverdrup Bruk for Saki, han og, no treng han ho ikkje lengre. Han kann ikkje koma lenger no, maata; og til lengre han kann halda Arbeidaranne utanfor Rikslivet, til stødare sit han, tykkjar han vel.

Men Tidsstraumen gjeng ustanseleg fram. Dei kann stemma upp somykje dei vil, Bakstrævfolket vaart, dei orkar ikkje halda Utviklingi tilbake. Stiftsgarden kann leiga kor mange politiske Gategutar han vil, til aa skrika upp, ho kann gjeva ut ei Mengd Kaninblad: det hjelper alt til aa skunda paa Straumen, som tilslutt riv dei sjølve ned, og fører dei same Vegen, som Kyrkejraadet og dei andre Kjættardomstolar fyrr hev faaet, den same Vegen, som Kongar, Tronur og Kronur og alt anna sovore Skrap kjem til aa fara for aa gjeva Rum aat det, som betre hører med Tidi.

Men Arbeid maa det til.

Stavanger i April 1888.

L. Stavnheim.