Gamle Frimerkje

kann ein selja og faa godt betalte; ein kann faa mykje meir for det enn dei gjeld for.

Dei gamle Frimerkja vaare, som lydde paa Skilling (istadenfor no Øre), hev legje i Postdepartemente alt til no, kor det kann ha seg. Men no hev dei selt Slumpen til ein Mann heiter Collett, og han hev fengje dei for det dei lydde paa. Ein annan Mann, ein Frimerkjehandlar, som hadde fengje eit Njosn um Saki, endaa so stilt det gjekk, og som kanskje hadde vilja bjode meir, fekk Collett døyve paa den Maaten, at han leet Mannen gaa i Kompani med seg, so at dei skal dele Vinsten.

Det skal endaa til vera utskilt, at Staten skal ta att dei Frimerkja, som Collett kanskje ikkje fær selja. Det er merkjeleg gode Vilkaar, han hev fengje, denne Collett’en; det er ’kje undrandes, at dei hev drive Saki so stilt; - men so er Collett og ”Ceremonimester” og ”Privatsekretær” i Stiftsgarden.

Etter Grunnlov og vanleg Skikk hev Styre ikkje Lov til aa selja Statens Saker utan med Samtykkje av Storthinge; og iallfall skal dei stella seg so, at dei fær vita høgste Bod (Anbud). Men det er Sverdrupstyre me no hev, maa vita.