Naar nokon svivyrder Morsmaalet mitt,

skriv Edvard Vekre i Indtrønderen, daa tykjer eg det er liksom dei svivyrde alle deim, som eg held mest utav her paa Jordi, Far, Mor, Sysken, Vener og Felagar, for det er Morsmaalet, som bind meg til deim allesaman.

- Det er ein velsignad Ting, naar eit Folk held Morsmaalet sitt i Agt og Æra. So lengje det vert gjort, er der Reisningsmagt hjaa Folket. Daa kjem det ikkje so snart til aa gjeva tapt i Kampen for det nasjonale Sjølvstende. Men vert Morsmaalet vanvyrdt, daa kann ein vera viss paa, at det vil ikkje vara lengje, fyrr Folket veiknar – ja kannhende døyr ut.