Stevkonge for Sætesdalen og dermed for heile Norig er Lars Liestøl i Revisionsdepartemente.

I Aarsmøte for Det norske Samlag mana han ut Savalguten til Kappstevjing -:

”Og dette segjer eg ivi Bore

- aa svar meg, Ivar, um du no tore,

og dette slengjer eg burttil deg,

- aa svar meg Ivar, um du kann Stev.”

Og Savalguten kunde Stev, og so nappast Karane det bedste dei kunde. Men so er

sagt, at Savalguten rauk den Gongen; for Sætesdalen gjeng fri i heile Lande i Stevjing, og Liestøl gjeng Frikar i Sætesdalen att.

Men um Savalguten rauk i Stevjing, so hev han tekje det att i aa halda Talar, ser det ut for. Han heldt endaa ein Skaaltale for Kongen, um ein kan tru ”Firda- og Sygnafylkets Avis.” Der stend det:

Ivar Mortenson vilde tale fyr Kongen. Han sa, at ein plar minnast Kongen og drikka ei Skaal fyr honom, naar det er Festar. No maatte me fylgja Skikken. Men naar me Maalmenn talad fyr Kongen, er det naturlegvis Maalmannskongen, me meiner, Ivar Aasen.

Daa ropad me Bravo, skrivst der til ”Firda.”