1887.

Det gamle Aaret var eit laakt Aar.

 

Allvist var det laakt i Politikken. Ikkje noko nytt aa kalla hev det ført fram. Stortinget vedtok væl Juryloven, men Arbeidet var gjort fyrr.

 

I 1887 kom det fyrste Gongen greidt for ein Dag, at det gamle Vinstre det er ikkje aa lita paa; dei Menner me hadde sett høgst og gjævast, dei hev dottet ned og vortet vanlege Livebraudsdyrkarar. Menner med Karakter er snaudt aa finna korkje i Regjering elder Storting, alle ser helst etter aa tekkjast den store Hopen, gjøler for den og tenkjer meir paa aa kara aat seg og sine enn aa tena Fedralandet.

 

Statsraadarne hev synt seg som Røyrar, drivne hit og dit for Vinden. Fyrst meinte dei, at dei ikkje vilde koma med noko Kyrkjelovsframlegg, men so kom dei med det likevæl. Daa so Saki var ferdiggjord til Forhandling, kom dei og bad um aa faa det att. Men tapad gjorde dei, kva dei bad um. Likevæl tenkte dei ikkje paa aa ganga sin Veg, no naar dei ikkje hadde meir i Regjeringi aa gjera, dei kunne daa ikkje faa nokon med paa Programmet sitt; ikkje torde dei helder beda um Tillitsord. Stortinget stod og kopte med Henderne i Lumma.

 

Nokre Maanar etterpaa drog det likevæl etter seg med same av dei mest seintenkte, um det ikkje var rettast, at dei gjekk likevæl. I si Naud ropad dei til Kongen um Hjelp: han kom og visste aa hugsvala dei sutefulle, dei kveikte paa Samvitet og stavad seg upp att. Det var berre noko av Gjævleiken sin dei miste. Men des meir vart dei vyrd kvar i sitt Departement: daa dei slutta vera Menner, vart dei Departementsfolk, og Kantorstyret blømer betre enn noko Sinn fyrr, nye Postar vert lagad, og væltenkte Hjelparar smett inn i dei gamle. Folk, som er i Statens Teneste, fær ikkje Løyve til aa lesa(Münster paa Kongsberg) elder tenkja og tala som dei vil (Kopist Hermansen).

 

Det er ikkje berre sine eigne dei vil halda i Age, ogso Folk utanfor Kantori vil dei gjæta. Dei fær ikkje Lov til aa skriva som dei vil. Naar det er Bøker, som hev klandrat Statens Skjøkestel, hev dei voret snare til aa koma med sitt Veto ikkje ein Gong Forsvars for slike Skrifter maa koma Folket for Augo (det polititok Verdens Gang). Likevæl synte den frie Tanke, Skrift og Tale si Magt, so dei tilslutt laut avlysa sjølve Prostitusjonen.

 

I det økonomiskecchev Statsmagterne i sidste Aaret gjenget fram etter den Grunnsetning, at den, som hev, honom skal det gjevast, og den som lite elder inkje hev, fraa han skal det takast det vesle han hev (dei store Komisjonar med regjeringsvenlege Medlemer, Garborg kastad utor Statsrevisjonen, mange Tusund gjeng forutan Arbeide og svelt). Stortinget vilde ikkje gjeva Løn aat ein Lærar, som er jamgod med heile Tylfti Prestar og Professorar (Kielland), og Telerne negtad Amtshjelp til dei høgre Skularne.

 

Den frie Pressa, som dei ikkje fann Grunn nok til aa polititaka, vilde dei freista aa kjøpa for Pengar. Astrup køyrde fram med sine Millionar, men laut snu med Skam, ikkje vann han tyna Fienden (Dagbladet) og ikkje magtad han reisa noko nytt Blad, men laut betala til for aa berga seg paa Turtland. Berre eit Blad hev gjort Svenske av seg (Kristianiaposten).

 

Boltzius, Kyrkjepolitikkken og det sedelege Spursmaal  er det, som hev voret mest umsnakkad i 1887. Kyrkjepolitikken ser mest ut til aa verta noko annleis etter dei siste Teikn aa døma. Kyrkjemøtet i Bergen i Haust sluttad seg til Statsminister Sverdrups Tanke, som Høgre hev nemnt fyrr, og som no Christopher Bruun er eldhugad for: Organisasjon elder Skiping av heile Kyrkja med ein Gong og ikkje berre av dei einskilde Sokner, som Jakob Sverdrup kravde.

  

Det er noko, som lyser fraa 1887 og, og det er Aarsmøtet i Vinstreforeiningi uppi Trondheim, som no endeleg vaknad upp or Sverdrupsørska og sette upp Programsaker i Staden for blind Tiltru til nokon einskild Mann. Allvist er Kravet um Røysterett for alle ei Sak, som opnar Døri mot Framtidi. Ei onnor blank Stjerne vil me berre minna um...

 

Bøkerne for ”de tusen Hjem” gjev og mykje Ljos utyver Landet.

  

Maalsakihev siget jamt fram. Maalkursar er haldne baade paa Aust- og Vestland. Maalet hev voret brukat i Stortinget baade i Skrift og Tale, paa Preikestolen, i Skulen o. s. fr. Umfram dei fire gamle Maalbladi hev eit nytt byrjat, so det no i alt er fem: tvo paa Austlandet, eit paa Sørlandet, eit paa Vestlandet og eit paa Nordlandet. Norsken trengjer meir og meir inn i Danskebladi, sume er halve Maalblad.

 

Ein god framstøyt hev Saki fenget ved Paabodet fraa Kyrkjedepartementet um, at dei skal lesa Norsk ved alle høgre Skular. – Bjørnson hev og hjelpt oss med sine ilske Motlegg og ved beiske Skuldingar til Maalmennerne, at dei er ”uhederlige Folk” og ”Landsforrædere”. Sjølv driv han og hans Folk paa med aa gjera Svenskar af oss.

 

 

Med alt det laake er me likevæl glade i Fjorsaaret. Det hev fortalt oss mangt, som me ikkje hadde trutt fyrr, um vaare gjævaste Menner; men so hev det og opnat Auga paa mange, som no hev lært, at Folket maa lita paa seg sjølv, sjølv krevja  og sjølv bera Sakerne fram. So at, um ogso Bakstrævet sigrar, vil det daa staa att ein liten god Flokk, betre kanskje enn Norig hev aatt’n. Og den Flokken vil erva Framtidi.

 

 

I Sverik  hev Striden gaatt millom Frihandelsfolk og Verjetolskarar. Ministeriet Themptander  heldt paa Frihandelen, men Riksdagen vilde ha Verjetoll. Riksdagen vart løyst upp, og nytt Val utskrivet. Det vart valt umlag like mange av kvart Slaget, men so kom Stockholm med 22 Frihandelskarar. Ein av desse 22 fann dei ut hadde ikkje Røystrett, naar ein tøygde Loven etter Bokstaven, og daa vart og dei andre 21 kjende ugilde. Dei næste 22, som hadde flest Røyster, rykte upp, og det var greitt dei var Verjetolskarar alle saman. Men det vart funnet Veilur ved sume av dei ogso, so Høgsterett lyt døma. At Valloven er for gamall, hev daa synt seg greidt. Themptander hev søkt Avskil, men vert standande til so lenge.

 

I Danmark  staar alt ved det gamle. Braabilstyret (elder Provisoriet) hans Estrup  ser nok ut til aa verta eit Langbilstyre, for han tek av Statskassa alt han treng, um Folketinget segjer nei aldri so mykje. Elles hev Vinstre i Tinget kløyvt seg noko i fjor. Berg og nokre held paa den gamle ”Visnepolitikken” (negta aa forhandla nokon Ting med Ministeriet Estrup). Grev Holstein og Bøyesen og Storflokken av Vinstre vil forhandla med Estrup um alt so nær som Godkjenning av Provisoriet. Og fyrst paa Aaret lagad dei nokre Lovar. Tinget vart uppløyst, kom saman att i haust, men sidan den Tid hev det gaatt traaa med Samarbeidet.

 

 


Frå Fedraheimen 06.01.1888
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum